tirsdag 8. november 2011

Bok 54: Vann til elefantene

Jakob sit på gamleheimen og ser attende på livet sitt.  Kort fortalt døyr foreldra hans i ei bilulykke, slik at han får øydelagt siste eksamenen på veterinærstudiet. Han er blakk og kan ikkje koste på seg ny eksamen. Livet vert ofte styrt av "tilfeldigheiter".  Jakob hamnar på  sirkus. Boka skildrar nokre år med sirkusliv, og det er ikkje utan dramatikk.. Innimellom får vi skildra dagar på sjukeheimen.

Sidan dette er ein såkalla bestseljar, så forventar vel blogglesarane heilslakt?  Sara Gruen greier å styre unna sentimentalitet og klisjéar, meiner eg.  Romanen greip meg på eit vis.  Eg gler meg til å sjå filmen når høvet byr seg!

1 kommentar:

  1. Dette er ei bok eg kunne tenkt meg å lese om att; var nok litt forutinntatt då eg las den ( "Bestseller".) Filmen skal også vere god, men eg såg den ikkje då den gikk her. I Fredrikstad gikk den på seniorkino, men trur ikkje det er noko for "mine" pensjonistar-dei likar best snille filmar.Ikkje altfor mykje å velje i i den sjangeren!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...