tirsdag 31. desember 2013

Godt nytt år!

Då vil eg ønskje alle blogglesarane eit godt nytt år!

Vi samlar alle til middag og serverer pinnekjøt og mor som på julaftan, berre at i dag eir pinnekjøtet røykt. Eg reknar med at ungdomane har sine planar for kvelden og natta ...

Årets siste dag

 Det har vore ein mild desember her på våre kantar. I dag gjekk eg meg ein tur på Melshornvegen og Rotarystien.
 Melshornet frå ein annan kant.
På og ved Grimstadvatnet talde eg i dag mellom 25 og 30 svaner.

Bok 58: The rise and fall of Gøran Trovåg

Frå omslaget:
Dette er historia om Stuart, som eigentleg heiter Gøran, og kompisane hans. Det er historia om skitten sprithandel, vennskap og musikk. Det er forteljinga om måker og vind, om damer og eksplosjonar, og ikkje minst: historia om å gå skikkeleg på trynet i hundeskit. Gaute Sortland har skrive ei morosam, skeiv og sår bok om det å vere ung gut i ein liten norsk by.

Når ein forfattar vel å bruke etternamnet vårt i boktittelen, ja, då må ein kanskje berre lese boka? Eg valde å lese boka høgt til elevane mine, og det angra eg ikkje på.  Ungdomsboka er skriven på ein god og levande nynorsk. Om dei ikkje vil innrømme at dei liker å lese (Vi norsklærarar driv med ein del tvangslesing.), så merka eg at noko a språket hadde snike seg inn i tentamenstekstane deira. Nøkkelen til å bli flink å skrive er å lese, og for nynorskbrukarar er det spesielt viktig at det vert give ut litteratur på nynorsk.

Eg vil anbefale born og ungdom, gutar og jenter, kanskje frå 12 år, å lese denne romanen. Språket er rein bonus anten ein har nynorsk som hovudmål eller sidemål.

mandag 30. desember 2013

Bok 57: Rasmus rebellen

Eg har nytta freden som vart i huset under Grendacupen til å lese "Rasmus rebellen". Tidlegare i haust har eg vore med forfattaren når han har lese frå boka, men først no har eg hatt det roleg nok til å kunne lese boka i samanheng. Romanen var overraskande lettlesen.

Handlinga er lagt til 1600-talet, ei epoke i historia eg har visst relativt lite om.  Etter eg har vorte godt vaksen, har eg forstått omtrent kor kummerleg folk budde, og under kor enkle kår dei laga mat.  I boka får vi ei innsikt i dei politiske forholda med skatteinnkrevjing frå folk som allereie levde på sveltegrensa. I denne tida er det altså Rasmus Bust gjer opprør.

Eg skal ikkje gi meg inn på noko vurdering av romanen. Det overlet eg til andre.  Den siste i rekka av meldingar kom i VG i går.  I dag kom den og på VG nett.

søndag 29. desember 2013

Julegåver og vektproblem

 No er grendacupen slutt, laga til ungane rauk ut i semifinalane. Alle hadde tilbod om kotelettmiddag, men han som er med å arrangere, valde å stå over.  Sjølv har eg vore bortom og sett ein kvartfinale, men elles vore heime og lese og gjort husarbeid.
 I tillegg har eg kosa meg med ei av julegåvene.
Når eg skal bake etter oppskrift, bruker eg å vere pinleg nøyaktig.  Viss eg held fram å bake etter hovudet, lærer eg ikkje noko nytt.  Men her starta problema. Vekta til høgre har eg fått av bror min for kanskje 15 år sidan.  Den har vore trufast heilt til i haust. Då begynte eg å måtte skifte batteri ganske ofte.  I går var det heilt umogeleg å få liv i henne sjølv med heilt nye batteri.

Eg såg meg ut ei vekt på nett med solcellepanel.  I mellomtida tenkte eg at eg kunne låne ei av dei eldste vekt enepå skulekjøkenet.  Vel heime lyste det Lo for low batteri på den lånte vekta.  Eg fekk skifta batteriet, men det var uråd å få liv i denne vekta også.  Då vart det til at eg brukte ei 30 år gamal lita vekt som eg har liggande øvst i skåpet.  I dag lånte eg ei ny vekt på skulekjøkenet som virka.

Då eg seinare på dag skulle inn i nettbanken, lyste kalkulatoren svart i alle punkt.  Det var berre ein ting å gjere, nemleg å kjøpte nytt batteri.  Då eg ikkje fekk tala fram med heilt nye batteri, måtte eg berre le!
 Men kveitestang vart det! At oppskrifta ikkje vart halvert, kan eg verken skulde på vekta eller kokobokforfattaren!
 Klippestanga med vaniljekrem (her juksa eg og brukte Piano) heva godt.
 Eg treng vel ikkje seie at ho gjekk unna som varmt kveitebrød!
 I går bakte eg eit rundt surdeigsbrød.  Surdeig har eg i kjøleskåpet.  No matar eg den nokre gonger i døgnet slik at det vert "futt" i han slik det skal vere i følgje Sverre Sætre.
I dag hadde eg så mykje surdeig at eg like godt gonga oppskrifta med tre. Med 2 1/2 dl vatn i kvart brød, vart 2-litersformene litt store.
Desse brøda vert merkeleg nok ikkje sure.  Dei høver godt til alle slags pålegg, synest eg, også syltetøy.

Som sagt har eg nytta delar av dagane til lesing.  Eg trudde det skulle kome ei bokmelding i dag.  Det vert nok ikkje før i morgon.

lørdag 28. desember 2013

Herregenser i Mitu

I dag må Rauma si nettside ligge nede, for eg greier ikkje å finne link til oppskrifta.  Men om nokon vil sjå etter oppskrifta, er den i det siste heftet deira.  Journalisten, han som skal få genseren, er opptatt med Grendacupen i heile dag.  Faren stilte som modell.
 I staden for å legge vekk genseren ein gong til etter å ha sydd maskinsaumane, brukte eg nokre timar på å sy i ermane.
Det tek si tid når ein skal sy med strikkesting.
 Halsen laga eg etter at eg hadde strikka genseren saman på skuldrene. Eg synest det vert penare å stikke rundt heilt opp for så å plukke opp masker tilsvarande slik det skulle gjerast i oppskrifta.  Så syr eg ein maskinsaum og sikkar som på ermane, og til slutt klipper eg vekk overskotet.  Sårkanten kjem inn i halsen når ein strikkar den dobbel som her.
Eg veit at ein kan sy saman med strikkesting på skuldrene. Eg strikkar saman frå baksida.  Det er enklare og saumen vert meir "hold i".

I går vaska eg genseren for hand og sentrifugerte han i maskina.  Eg dampar aldri strikkeplagg.  Det var tekstillæraren svært bestemt på då eg gjekk på lærarskulen.  Då fkk ein flate plagg, meinte ho.  Og er lyder snart 30 år etter.

fredag 27. desember 2013

Bok 56: Fallvann

Fallvann vert kalla ein katastroferoman. Ei demning brest, og alle som bur nedanfor er i fare.

Men kva gjer folk når faren truar?  Kva gjer han som har bestemt seg for å ta sitt eige liv?  Kva vert viktigast å berge; livet eller tinga?  Nokre nyttar høvet til å gjere ting som ikkje vil bli oppdaga.

Katastrofen får fram noko i alle menneska i romanen.  Det vert humoristisk og tragisk på same tid, og ikkje minst tankevekkande. Romanen kan nok tolkast på mange vis.

Eg trur dette er ei bok alle vil like å lese!

3. juledag 2013

 I dag stod Oslostudenten tidleg opp og for på jobb.  Eg har eit utsett arbeid som eg hadde bestemt dato for.
Eg kjøpte garnet til genseren på valdagen, så no var det på tide å grave genseren fram frå handarbeidskorga.  Som de ser, har eg plukka opp masker til halsen.  Eg har strikka saman fram- og bakstykket.  I dag sydde eg saumen i halsen og dei to saumane for ermane.  Slik sying og oppklipping treng eg dagslys til. Men då eg var ferdig med symaskina, fann eg ut at eg ville gå meg ein tur og nyte dagslyset etter fleire dagar inneliv. I ettermiddag har eg sydd til halsen og tråkla fast ermane.  Så får eg ta meg på tak og sy dei pent i ein gong i næraste framtid.

På menyen i dag stod det omnsbakt kveite og fiskebollar i kvit saus. Då vart det noko for einkvar smak. Til dessert vart det blautkake som mor mi har laga.

torsdag 26. desember 2013

2. juledag

 Tradisjonen tru har vi i dag vore i Ørsta saman med slekta.  Berre bror min sin familie mangla.  Ikkje alle vil vere med på blogg, og det må vi respektere. Desse to frøknene får representere resten.

Eldstejenta, som for tida studerer til hudpleiar, har ordna oss slik at vi slepp å sminke oss på nokre veker, i alle fall auge og bryn.
Årets oppfinning må vel vere desse batteridrivne kubbelysa.  Legg merke til fjernkontrollen der ein i tillegg til på/av-funksjon kan velje mellom ulike fargar på lysa.

No kan vi sjå attende på ein kjekk dag med mykje god mat og hyggeleg prat.

onsdag 25. desember 2013

Kjensla av 1. juledag



Før i tida sneik vi oss liksom ut på 1. juledag og håpa å finne nokre naboungar å leike med.  For det var ikkje folkeskikk å ringe på hos andre, slik vi måtte gjere for å møte vener. No er venene på facebook, og ein kan arrangere hendingar på ein blunk. I dag stod ungdomane relativt tidleg opp til fotballtrening før romjulscupen "Graendacupen".

Likevel vert vi rådde til å vere inne.  No på grunn av veret.  Det er mildt ute, og husa ristar i vinden.
Den store julefrukosten som det kan sjå ut som alle storfamiliar et saman, eksisterer ikkje her.  God mat har vi, men ein et frukost når det høver.  Eg kosa meg med Schakendainspirerte grovbrød med tørka frukt.  Til slik bakst har eg ein surdeig ståande i kjøkeskåpet som eg tek fram og matar,  Litt vanleg gjær er det i brøda og.
Dukmysteriet er enno ikkje løyst, men eg kjøpte meg to nye dukar til 1/2 pris på Prinsess "lisjejulaftan".  Eg strauk dei og la dei på borda i "nyestova" i dag.

Elles hadde eg eit julehandelforsett om at eg ikkje skulle kjøpe nye serviettar til jul.  Juleserviettsamlinga mi er stor nok, for å seie det slik. Men eg fall for freistinga og kjøpte ein pakke på Christiania Glassmagasin, dei og til 1/2 pris.

1. juledag er den dagen ein kan kose seg med gåvene sine.  Eg har fått mykje fint.  No skal eg legge på nye, reine sengeklede. I tillegg til ei ny, velfylt toalettveske har eg fått mykje godt å ete og drikke.  Ikkje alt kjem på bloggen, men nokre bøker vil nok dukke opp etter kvart.  Det vert nok både potetball og nye brød, skal de sjå!

Ei fortsatt god jul til alle blogglesarar!

tirsdag 24. desember 2013

God jul!


 Eg vil ønskje alle blogglesarane ei riktig god jul!

(For dei som lurer på kva vi serverer, så er det risgraut midt på dag. Til middag er det pinnekjøt og Brudevollmor.  Kva vi serverer til dessert varierer.  I år vert det moltekrem med strull attåt.)

mandag 23. desember 2013

23. desember

No har vi vaska golva, og vi har pynta treet. Snart kan vi sette oss ned og slappe av. Ungdomane fer i kvar si retning.

Fordelen med tradisjonar er at alle veit kva dei skal gjere.  I morgon er arbeidsdelinga klar: Mannen kokar middag, medan eg pyntar bord og lagar dessert.  Sidan det ikkje ligg an til noko snømoking, vert det ein roleg føremiddag.  Det verkar som det er stemning for graut i tolv-eitt-tida i år og.

Foreldra mine kjem utover til kykjetid.  Vi får håpe på ikkje altfor dårleg ver!

Eg stikk nok innom bloggen i morgon og for å ønskje alle blogglesarane ei god jul.

P.S.
Dagens peparkakehus kjøpte eg som byggesett på Christiania glassmagasin til ein rimeleg penge.  Frøkna har kosa seg med å pynte det.  Dette huset pynta ho før ho sette det saman med smelta sukker.  Det gjorde pyntinga enklare.

søndag 22. desember 2013

4. søndag i advent

Tradisjonen tru har juletreet vorte henta i dag. Frøkna var med faren i regnver.  Ofte har eg bakt krumkaker medan dei er på tur.  I år har er strull i boks, så eg gjekk meg ein tur i staden.  Sjølv ein motstandar av søndagsopne butikkar må bite i det sure eplet når ho ikkje har kaffifilter. Det er ikkje likt meg å mangle noko, men no har vi fått "ny" butikk der  ein godt kan unngå å gå forbi kaffifiltera, spesielt når ein kjøper kaffibønner på andre butikkar. Før var der andre ting tvers over kaffihylla som ein måtte ha.

På bildet kan det sjå ut som veret ikkje var så verst. Dei må ha vore der dei 10 minutta det ikkje regna ... No har eg kome heim frå gåtur nummer to i dag.  Det er stjerneklart og fint - så lenge det varer.

I morgon skal juletreet pyntast. Eg ser mange pyntar tre tidleg i adventstida.  I min barndom vart treet pynta julaftan, og jula kunne starte når far min (og seinare eg og) kom heim frå jobb.
Kakao, småkaker og mandarinar er og ein del av tradisjonen.

lørdag 21. desember 2013

21. desember 2013

 I dag kom studenten att frå Oslo.  Flyet var forseinka.  Dei måtte ta ut bagasjen og fjerne kofferten til ein som ikkje møtte opp.  Eg lurer på korleis folk får det til! Dette har skjedd oss og, så det kan ikkje vere heilt uvanleg.  Heldigvis reiste han på dagtid, og han kom berre ein time seinare heim att enn han skulle.  Det er verre når dette skjer på siste flyet.

Svoger og niese kom på middag.  Dei tek med seg gåver til den sida av slekta.  Eg steikte ein heil kalkun, noko eg sjeldan gjer.  Det er lettvint mat til mange.  Til dessert serverte vi karamellpudding og krem med julekaker attåt.
Årets julemysterium er kvar alle juledukane har vorte av?  Slike stripa juledukar har eg til alle borda på svovene og i kjøkenet.  No fann eg berre ein av tre i denne storleiken.  Eg har bestemt meg for at det går fint an å ha to ulike dukar på to ulike bord i stova.Plan B er å ha kvite dukar med raude løparar på begge borda.  Vi får sjå.  I dag har eg pynta litt til jul.  I morgon skal alt det lilla vekk og juletreet skal hentast. Eg trur vi er i rute!

torsdag 19. desember 2013

Same prosedyre

 Siste veka før har vi ganske fast prosedyre på. Det startar med juleverkstad.  Seks timar julemannbaking med åttandeklassingar bruker å vere temmeleg hektisk.  I år gjekk det uvanleg greitt.  I går var det juleball.  I morgon er det tradisjonell avslutning med kyrkjebesøk, juletregang og samlingsstund for elevane før vi lærarane har avslutning.

Noko vi ikkje kan kontrollere, er veret.  Siste åra har det vore mykje kulde.  No om dagane har temperaturane vore oppe i både ti og elleve varmegrader.

I dag viste eg elevane "Grevinnen og hovmesteren" sidan vi hadde nokre minutt ledige.  Det er ikkje sikkert dei som no veks opp ser på TV lisjejulaftan?  I alle fall har dei no lært at om dei ein gong drikk noko dei ikkje liker, kan dei berre seie: I'll kill that cat!


mandag 16. desember 2013

Peparkaker

Denne peparkakedeigen har eg laga fleire gonger. Oppskrifta høver godt å doble. Deigen er grei å arbeide med.  Mi erfaring er at paparkakedeig kan stå kjølig, men ikkje så kaldt som i kjøleskåp. Pyntinga har frøkna stått for.

1 1/2 dl smelta smør
1 1/2 dl mørk sirup
1 1/2 dl brunt sukker
1 1/2 dl sukker
1 1/2 dl kremfløyte
3 ts kanel
2 ts kardemomme
2 ts nellik
2 ts ingefær
1 ts natron
9-10 dl kveitemjøl

  1. Smelt smøret i ei lita panne.
  2. Mål opp sirup, sukker, fløyte og krydder i ein bolle.
  3. Ha i smøret.
  4. Sikt på kveitemjøl og natron.
  5. Arbeid deigen saman.  Dekk med plast og set kjølig til neste dag. Eit par timar i kjøleskåp tippar eg går bra om ein vil lage dei same dagen. På skulekjøkenet hender det vi set t.d. berlinarkransdeig i frysaren i 10 minutt.  Det er berre å prøve seg fram.
  6. Kjevl ut deigen, ca 3 mm, og stikk ut figurar.  Skal du lage hus, kjevlar du deigen noko tjukkare.
  7. Steik kakene midt i omnen på 180 grader.

Melisglasur:
1 eggekvite
melis til høveleg konsistens, ca 4 dl
1/2 ts eddik eller sitronsaft


  1. Sikt melis i ein bolle.
  2. Tilset eggekvite og eddik/sitronsaft.
  3. Ha glasuren i ein plastpose.  Klipp hol eller bruk kakepyntutstyr om du har.
  4. Dekorer kakene etter eige ønske.

søndag 15. desember 2013

Strull

 I dag har eg steikt ein dobbel porsjon med strull. Det er kaker som smaker godt til dei fleste dessertane i romjula.  Dei er utan egg, men med seterrømme.  Ein kjenner det i fingertuppane når ein har steikt dei! Samanlikna med krumkaker held strull seg lengre. 

Om ein ikkje liker rømmesmaken, noko eg meiner der det beste med kakene, ein bytte ut rømmen med kremfløyte.

3 dl seterrømme
6 ms (0,9 dl) sukker
4 ms (0,6 dl) kaldt vatn
150 g kveitemjøl.
  1. Pisk rømme og sukker stivt.
  2. Ha i kaldt vatn og sikt på mjølet.
  3. Steik kakene i eit krumkakejern.  Rull dei rundt skaftet på ei tresleiv.  
  4. Avkjøl kakene på ei rist.
  5. Oppbevar dei kjølig i ein tett boks.

lørdag 14. desember 2013

Laurdagssyslar

 I dag har alle vore i sving på kvar sin måte.  Alle gåver som skal ut av huset, er no innkjøpte og stort sett innepakka. (Bildet vart tatt før eg sette på glasa, ser eg.)
 Frøkna har pynta peparkakehuset ho bakte førre helg.  Dei kunstnarlege evnene og tolmodet har ho ikkje arva frå meg.
 Eg stiller meg berre til disposisjon når sukker skal smeltast og glasur skal lagast.
 Pynten har eg kjøpt inn.
 Kva som helst farge får ikkje vere med!
Medan ho heldt på med dette, laga eg ein stor porsjon lussekattdeig med safran i.
Då eg begynte å bake dei ut i eit visst tempo, vart ho heilt oppgitt.  Arbeidet vart tatt ut av hendene mine.  Mi orsaking er kanskje at eg er van med at ting skal skje i eit visst tempo.  Dei fire mennene eg lagar mat til, er mest opptatt av smak, ikkje kor mange krusedullar det er i baksten.

I går var det ingen som hadde tid til å bake lussekattar.  For "borna" var det nattcup i hallen.  Sjølv var eg på julebord med jobben.

torsdag 12. desember 2013

Nytt strikketøy!

 Eg fall for freistinga.  Det vart til at eg kjøpte meg eit nytt strikketøy.  Oppskrifta tenkte eg skulle vere enkel utan noko montering. Der tok eg feil.  Vesten, den til venstre på høgre sida med ein knapp i, skulle strikkast over skuldrene og ned att. Då må framstykka strikkast for seg, og ein må sy saman i sidene. Og vert mønsteret likt opp-ned?

No har eg lagt ein ny plan.  Eg har tenkt å strikke vesten saman på skuldrene.

 Mønsteret såg eg og litt svart på.  det var hakket før eg la det ut på strikkesida for å få hjelp.  Men det er rart med det.  Når ein str midt i det, går ofte lyset opp.  Rett nok bør ein lese over mønster, men eg trur ikkje ein kan rekne med å forstå alt på førehand.
Elles må eg seie at eg likte godt desse sidene i heftet.  Der har ein tatt plagga av modellane og vist dei fram på ei byste.  (Eller kva det no heiter.)

Eg synest den blå jakka og er fin. 
De an sjå heftet her.

tirsdag 10. desember 2013

Adventskrim

I går tok eg meg ein liten bytur i kveldninga. Eg hadde funne ut på nett at i alle fall det eine senteret hadde ope til 20.  Det hadde dei fleste butikkane, men ikkje den eg hadde ærend i. Det vart til at eg handla litt på kjøpesentera. Vi fer sikkert ein tur til ein større by i løpet av veka.

Biblioteket sviktar aldri.  Eg har begynt på ei bok eg vurderer å legge frå meg til fordel for ei av desse.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...