tirsdag 5. mars 2013

A dream came true

No er eg attende etter ei fantastisk langhelg i London.

Dei som er ven med meg på facebook, veit kor begeistra eg vart for filmen Les Miserables.  Den greip meg ved hjarterøtene har eg uttalt.

Så begynte eg å slå saman dette og det at eg skulle til London.  Dei fleste andre hadde billettar til musikalen eg såg sist eg var i London, "We will rock you".

I går stakk eg innom ei billettluke på min veg til restauranten der vi skulle ete middag før deira musikal.  Det var ikkje noko problem å få "discountbillett".  Mitt motto er: "The higher prices - the higher discount". Eg kjøper dei beste billettane til nedsett pris.  Rabatten ligg på omtrent 30%, vil eg tru.

Musikalen innfridde! Songprestasjonane var formidable.  Alle songarane var flinke, men spesielt Jean Valjean imponerte meg.(Klikk inn og sjekk!) Elles så var den vesle guten heilt herleg.  Han song heilt reint og på same måte som i filmen, men hadde ein sjarmerande talefeil. Musikalen har sjølvsagt si eiga heimeside som de kan studere.

Filmen var ei flott førebuing til musikalen.  Ein får ei innføring i historia, om ein då ikkje har lese boka.  Og så vert ein kjend med alle songane.

Eg er så glad for at eg tok mot til meg og skaffa meg billettar. Dette var ei stor oppleving for meg.  På førehand hadde eg bestemt meg at det å finne fram til billettkontor, teater og finne vegen attende til hotellet sjølv, skulle gi meg ei meistringoppleving.  Når ein set seg inn i transportsystemet i London, er det eigentleg svært enkelt.

8 kommentarer:

  1. Velkoma heimatt.
    Kor modig og flink du er. Men så har du
    nok fått ei fantastisk oppleving.
    Handling då, var der mykje spennande ?

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi var mange saman, så eg vart litt "handlingslamma". Nei, tida var knapp, og eg prioriterte busstur m.m. Så det vart berre shoppa småtteri denne gongen. Med direkteruter til Vigra, er det freistande å tenke seg gleire turar.

      Slett
  2. Kjekt at turen vart vellykka og at du fe k sjå musikalen du helst ville sjå. Du er blitt tøff med åra!

    SvarSlett
  3. Eg har funne ut at eg må tenke "Kva er det verste som kan skje?". Om ein skulle rote seg vekk, kan ein hope inn i ei drosje, verre vert det ikkje ...

    SvarSlett
  4. Eg er no redd å "hoppe inn i drosjar" og, eg... Får håpe du skriv meir om turen, var det jobb eller berre fornøyelse? Kan tenke meg at du lever lenge på musikalopplevi ga, så fantastisk kjekt at du fekk med deg det!

    SvarSlett
  5. Ja, det kan ein leve lenge på. I går fann eg konserten på youtube. Turen var både business and pleasure. Vi var mellom anna på eit svært interessant skulebesøk.

    SvarSlett
  6. Eg vart så glad då eg såg du hadde fått med deg musikalen - og at du likte den!

    SvarSlett
  7. No har eg høyrt rykte om at filmen er ute for sal!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...