tirsdag 31. mai 2011

Tysdagstur med nye mål

Eit bilde frå dagens turmål.  No satsar vi på oppoverbakkar!

Potteplanting

 I dag har eg planta ein del av plantane mine i potter.  Nokre står og ventar til eg får planta det som er i dei ut i hagen.  Eg stressar ikkje med dette arbeidet.  Det skal vere rekreasjon.  Når eg plantar i mindre potter, kan eg flytte litt om på dei etter som det høver.  Den gule er eg litt i tvil om skal få stå der.  Legg merke til den blå som har fått fleire blomstrar allereie.
 Denne lys lilla hengeplanten har eg ikkje hatt før.
 Denne plakaten, kjøpt i Portobello Road, heng på utelampen.
Sjå kva som har overlevd vinteren!

mandag 30. mai 2011

Fotball og fajitas

I dag kom den eine seinare heim enn den andre.  Så då eg kom sist inn døra, hadde alle ete eit eller anna, altså vart middagen utsett.  Neste runde var at alle skulle ut på sine aktivitetar.  Frøkna spelte fotballkamp mot Volda.  Då vart det til at vi laga noko varmt til kveldsmat.

Eg steikte 1 pakke (1,1 kg) kyllingfilet i steikepanna og woka 1 raud paprika, 1 gul paprika, 1 raudløk og litt purreløk.  I kyllingen blanda eg 1 pk tacokrydder og litt vatn før eg hadde i ein pakke tacosaus og grønsakene. Dette vart servert i tortillas.  Enklare kan det vel ikkje gjerast!  Rømme og ost kan serverast til.
 Og eg fekk brukt nokre tidlegare coop-kupp.
Her er frøkna i farta.

søndag 29. mai 2011

Mimring

 I dag har vi skrive inn frøkna til konfirmasjon neste år.  Eg har gjort eit arbeid som berre måtte gjerast, eit arbeid som krev hardt tankearbeid.  Eg har begynt å ta tida på den type arbeid.  I dag tok det tre timar.  Teorien min er at ein ofte brukar for mykje krefter til å "manne seg opp" til å gjere enkelte ting.
 I CD-hylla fann eg fleire CD-ar med gamle bilde som det er lenge sidan vi har sett på.  For sju år sidan samla vi slekta her til fellesfeiring.  Eg håper vi får til noko liknande i langhelga.
Ein kan sjå at søsken både er like og ulike!


Gratulerer Amanda!

I dag kan vi gratulere Amanda med 11-årsdagen!  Ho er opptatt med ballett i dag.  Men det kan hende vi treffest neste helg?  Her ligg i alle fall ei lita gåve og ventar.

Tradisjonen tru må vi ha eit litt gamalt bilde. Dette er tatt i Ørsta for 5 år sidan.  Kanskje det vert ein is på henne i dag og?

lørdag 28. mai 2011

Bok 28: Dragen

Tom kristensen sine bøker har ingen fast "krimhelt".  Derfor kan dei lesast i tilfeldig rekkjefølgje, noko som er ein fordel for meg som har begynt i feil ende.

Forfattaren nyttar krimsjangeren til å ta opp samfunnsproblem.  Denne gongen er det mellom anna u-hjelp og krisgsforbrytarar som oppheld seg i Norge.  Mulegheitene som YouTube gir til å legge ut filmfiler står og sentralt.  Les gjerne meir på Bokkilden.

Dette er ein pageturner!

På tur til Kvalsund gartneri

 Ei venninne av meg og eg har laga oss ein tradisjon.  I slutten av mai køyrer vi til Nerlandsøya og kjøper plantar frå drivhusa der.  Utvalet er stort og prisane greie.
 Eg kjøper alltid noko nytt.  Denne oppstamma planten veit eg ikkje namnet på.  Dei har godt utval i oppstamma plantar til 249 kroner og oppover.
Blogglesarane kjem nok til å få sjå meir av desse plantane utover sommaren, ikkje minst hengeplanten som må henge for å kome til sin rett.

Etter gartneribesøket tråla vi butikkane i byen Fosnavåg.  Litt handling vart det og ...

fredag 27. mai 2011

Fredag

I dag var det ein storbloggar på Frukost-TV.  Ho har slutta i jobben sin for å blogge på heiltid.  Berre bildetakinga tek mykje tid.  Ho ber alt ut for å få godt lys.

Vi småbloggarar skriv gjerne om dei andre hobbyane vi syslar med attåt full jobb.  Bilda vert gjerne tatt i full fart på kjøkenbenken eller på den blårutete voksduken som har sett sine beste dagar.  På den måten lagar det seg noko å blogge om kvar dag.

I dag har eg vaska og handla.  No tel eg på knappane kva eg skal ta tak i:
- Matlaging: Studenten kjem heim frå Oslo på sommarferie i nitida.  Kva med ein yndlingdrett etter bussturen?
- Hagestell: Det hadde vore kjekt å fått skvåsjen i jorda!
- Strikking: Det får vente til kvelden!
(Klesvask og oppvask er vel ikkje akkurat hobby, men må gjerast.)
- Lesing: Det gledelege er at lytting av lydbok kan kombinerast med alt over.
- Fotballkamp? A-laget spelar kamp. Eg har vore og sett frøkna før i veka.  Og eg må vel kallast fineversupporter.

Viss eg ikkje sit og bloggar, så kan eg rekke over fleire av desse aktivitetane!
Ha ein fin fredag!

torsdag 26. mai 2011

Fugl Fønix

Desse vottane har eg strikka i eit litt tynnare garn som eg fekk av mor mi.  Vottane hadde eg tenkt at ho skulle få.  Sjølv om eg strikka dei på pinnar nummer 3, trur eg dei vart litt for små.  Men kjenner eg henne rett, har ho ikkje noko i mot at ein eller ei ho er mormor til, får vottane.

Eg synest dette var eit fint mønster, og dei var kjekke å strikke.  Dei kjem ikkje med på meiningsmålinga i denne runda.  Eg ser at blogglesarane likar best dei første eg strikka.  Sjølv liker eg betre og betre desse andre mønstra.

onsdag 25. mai 2011

Nachostbrød

 I dag var eg innom brodogkorn.no og fann oppskrift på såkalla nachostbrød.  Eg dobla oppskrifta.
 Eg såg mitt snitt til å bli kvitt nokre tacoskjel.  Dei vert gjerne til overs her i huset når vi kjøper Taco dinner kit.    I staden for å skjere ost i terningar, brukte eg ferdig riven ost.  Litt av den sparte eg til toppen.
Her er nemleg folk som ikkje vil ha så mykje salt på toppen av brød.

Smaken?  Brødet som eg serverte etter cupkampen der Hødd har lide eit surt nederlag i følgje fansen, var det ein her kallar nauta godt.

tirsdag 24. mai 2011

Bok 27: Innsirkling

Denne romanen har vunne både Bragepris og EU sin litteraturpris.

Oppbygginga er enkel og genial.  Ein person har mist hukommelsen.  Tre andre skriv brev til han om livet hans.  Desse breva inneheld historia til hovudpersonen og andre rundt han sett frå ulike synsvinklar.

Som lesar vert vi ikkje heilt kloke på kva som er sanninga. Slutten på boka, som nok ikkje er slutten på forteljinga, set krona på verket.

No vil eg prøve å sikre meg oppfølgjaren!

Eg har kome til at eg må vere litt mindre kritisk til språket, eller rettare sagt rettskrivingsnormen, i nynorskromanar.  Eg må prøve å ikkje irritere meg over bokmålsord som spise.  Og eg må prøve å ikkje ha for strenge krav til samsvar.  Når ein skriv høre,kjøre og fortsette, så vert det feil meg mogleg og sitje, meiner no eg.  Viss dette hadde vorte lese på dialekt der desse formene er naturlege, kunne det fungert.  Men her er det bokmålsfolk som les, og bokmålsfolk les på sitt vis.  Dei les sveite i staden for sveitte til dømes.  

Eg var inne på Bokkilden og gav 6 stjerner.

mandag 23. mai 2011

Fri dag, men ikkje fridag

Det var nokre åttandeklassingar som ville diskutere kva det er å vere fri.  Kan ein vere 100% fri?  Det er ein lang filosofisk diskusjon utan fasitsvar.  

Denne helga har eg følt meg fri.  Det er første helga sidan lenge før påske eg ikkje har hatt rettingsbunkar i sekken.  Ikkje har eg hatt førebuingsmateriell til eksamen heller slik som førre helg.  Ei slik fridomskjensle gjer ein lett til sinns.  Ein får overskot til ein bytur ut på ettermiddagen til dømes.  Ein får legge tankar om munnleg eksamen til side nokre dagar.
Ærendet var som vanleg å levere ei bok på biblioteket.  Ei ny vart med heim.  Serviettsamlinga mi vart utvida på ein butikk der det var 50% på alle varer.
Plantesamlinga mi vart utvida på ein butikk der alle amplar var 100 kroner.

 Om nokon stikk oppom, får dei lov å ta ein liten avleggar ...



søndag 22. mai 2011

Rabarbradessert

 I fjor laga eg grunnlovsdessert av det vesle eg hadde av rabarbra.  I dag fekk eg lyst til å gjenta suksessen, så eg hausta det eg hadde av rabarbra.  Reinsa vart det 600 g.  Det vart til at eg nesten tredobla oppskrifta.  Sukkermengda dobla eg berre, og det vart søtt nok.  Eg reduserer nok sukkermengda litt til ved neste høve.

Rabarbra- og sviskekompott

600 g rabarbra
500 g/2 pakkar svisker
9 dl vatn
4 dl sukker

1 1/2 dl vatn
3 ms potetmjøl

1. Kok rabarbra og svisker til dei er møyre.  Sukkeret har eg oppi etterpå når eg står ved komfyren.
2. Rør ut potetmjølet i vatnet.  Ta panna til side og ha potetmjølsjamninga i.
3. Set panna attende på plata til du ser at desserten så vidt kokar.
4. Ha desserten i ei skål.
Grunnlovsdessert lagar ein med å legge kompotten lagvis med krem vaniljekrem.

Her i huset kunne ein lage sin eigen dessert i dag.  Vi hadde fløyte, vaniljekrem og vaniljesaus att frå 17-mai.  Når det er oppete, får ein greie seg med mjølk på.

lørdag 21. mai 2011

Føremiddagsbesøk

 I dag venta vi besøk av ein "utflytta sunnmøring".  Vi nytta høvet til å tromme saman nokre vener på dagtid.
 Sisan eg ikkje kan legge ut bilde av gjengen, får blogglesarane berre sjå maten.
 Eg visste ikkje kor mange som kom, så eg satsa på rikeleg med ost, kjeks og to sortar heimebaka brød.  I tillegg hadde eg baka ei Kvæfjordkake. Og godt var det, for "kanskje-gjengen" dukka opp.
Focaccia og aprikos/valnøttbrød skar eg opp i små bitar.  Restopplaget sette eg til pynt før eg skar opp meir.
 Hovedgjesten hadde vore i Sverige og kjøpt gåve.  Den vekte latter.  Heldigvis forklarte sist "ankomne" gjest meg kor artig det verkeleg var.  Her må ein passe seg for å legge ut link, for å seie det sånn.

fredag 20. mai 2011

Meiningsmåling - stem!

Det er mange innom bloggen min kvar dag, men berre nokre få som kommenterer.  No legg eg ut ei ny "meiningsmåling, slik at alle som stikk innom lett kan kome med ei lita tilbakemelding.  De skal berre rett og slett stemme på den finaste votten. Alle vottane er henta frå boka på bilda.

Vott med raud tråd
Hund i hjarte
Flørneshunden
Elgen og verdtreet
Olivenvott

Resultat
Vott med raud tråd
  11 (34%)
 
Hund i hjarte
  4 (12%)
 
Flørneshunden
  7 (21%)
 
Elgen og verdstreet
  6 (18%)
 
Olivenvott
  4 (12%)
 

Stemmer hittil: 32
Meningsmåling stengt 

Billeg lærepenge

I dag måtte eg gå på jobb, og opptakta til det begynte i går.  Eg låste den dyre sykkellåsen min, ein sånn med mange krøllar om de forstår kva eg meiner, og la nøkkelen i venstre lomma, trur eg. No må eg vere snar å skyte inn at eg "alltid" har kontroll på nøklane mine.  Dei ligg i høgre bukselomma mi.  Men på sykkelnøkkelen hadde det knekt av ein bit som gjorde det umuleg å feste han på nokon nøkkelhank.  Så eg har stort sett putta sykkelnøkkelen i lommeboka saman med småpengane.  Men ikkje i går.  Då var det vekselvis eksamen og skulekjøken, og eg var spent på om alt gjekk som det skulle, utan meg til stades.  Ei eller anna sykje har eg hatt i kroppen.  Men som vanleg er eg "frisk" i arbeidstida.

Då eg skulle sykle heim ut på ettermiddagen, oppdaga eg at sykkelnøkkelen var vekke.  Eg gjekk i mine eigne fotspor, men ingen nøkkel var å sjå.  Eg bestemte meg raskt for at det var berre å rusle seg heim att og i neste omgang ofre låsen.  Mennen i huset fekk oppdraget.  Han følte seg som ein forbrytar då han klipte sykkellåsen og for med sykkelen.  I dag spurte eg pent om han kunne kjøpe meg ein ny lås på heimvegen.  Eg synest eg slapp billeg frå det med kroner 19,90 ...

P.S.
Kanskje eg burde skrive på bloggen kvar eg legg reservenøkkelen?  For eg ser at også desse nøklane har avgrensa levetid ...

torsdag 19. mai 2011

Kvitløk

Det er vel ikkje berre i mitt kjøleskap at det finst slike små inntørka kvitløksbåtar som har begynt å spire?  Då er det berre ein ting å gjere: Gi den eit nytt liv i hagen.  I dag fann eg ein frå i fjor som har vakse seg høg.  Den fekk sette smak på pastasausen i dag. Stilken får og vere med i gryta. Viss kvitløken hadde fått vore i jorda til i haust, ville den ha fått fleire fedd.  Eg set gjerne desse kvitløksbåtane mellom andre plantar og rundt rosene.

onsdag 18. mai 2011

Bok 26: En nåde

Eg bruker ikkje å google bøker før eg les dei.  Denne boka er kanskje eit døme på at eg burde ha gjort det.  For meg vart dette ei grei forteljing om afrikanarar i Amerika på 1600-talet.

Andre geniforklarer boka.
Les gjene meir her.

tirsdag 17. mai 2011

17.mai

Også i dag hadde eg tenkt ut eit par alternative overskrifter som Come rain-come shine eller Sur syttandemai. I det siste tilfellet ville eg ha påpeika at folk tok det sure veret med godt humør.
 Også i år tok eg oppstilling på fast plass.
 Eg sneik meg inn på bedehuset i staden for å følgje toget heilt fram på bana.  Skorne var gjennomvåte og kroppen kald.
 På ettermiddagen gjekk turen til Leikong.  der var det tradisjonell syttandemaifest med godt program.  Alle skuleborna stilte opp til allsong.  Seinare song eit par jenter duett og solo.
 Årets syttandemaitalar.
Salen var full.  Når både korps, skuleborn og kor er i aktivitet, er ein sikra publikum.  Etter mi meining er det kjekkast å feire syttandemai i små bygder.  Då tenkjer eg t.d. på Hjørungavåg der eg var lærar i fleire år.

No har det skine opp ute. Eg har trekt i kvardagskle.  Det var godt å få på seg tjukkelestar.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...