søndag 29. november 2015

Fleire vottar

I restekassa mi fann eg meir Finullgarn. Eg trur Rauma gir opp rikeleg med garn.  Ein får levere inn att ubrukte nøste.  Det vert sjeldan gjort med meg, for eg begynner gjerne på alle nøsta sidan eg strikkar ermane samtidig.  Ein treng litt meir enn eitt nøste i hovudfargen.  Mønsteret finn ein gratis på Sandnesgarn sine nettsider.

Som kjent strikkar eg berre det eg er motivert for.  Eg veit ikkje om eg gidd å strikke fleire Mariusvottar, så det er berre ei som kan ønske seg dei ...

Jakka mi er ferdigstrikka, berre monteringa står att.  Men det er ikkje søndagsarbeid for meg.


lørdag 28. november 2015

Laurdag før advent

I dag kom eg litt seint i sving. Grunnen var ein svært triveleg kveld saman med kollegaer i Kvalsvika.

I dag pussa eg vindauga på stova og i kjøkenet innvendig.  Gardiner og teppe har vore ute sidan haustferien. I dag vaska eg grundig og tok inn att teppa.  Gardinene heng til tørk etter ein runde i vaskemaskina.

Målet for adventhandelen var å kjøpe minst mogeleg. På kjøkenet kan vi tenne adventskalenderlyset kvar dag når vi et middag.  Noko anna adventskalender vert det ikkje, då unnateke skrapekalenderen kjøpt av korpset.

I morgon skal eg rette eit sett med sidemålsstilar.  Det er spennande å sjå kor mykje bokmål klassa har lært. Med ordlister på nett og innebygd i word har dei mykje betre hjelpemiddel enn vi hadde.  Det har vel aldri vore lettare å skrive rett - eigentleg?

No har eg nettopp handla mat.  det var litt snø på bilrutene, men noko meir snø kom det ikkje i dag.

Eg vil ønskje alle blogglesarane ein fin laurdagskveld!

tirsdag 24. november 2015

Bok 53: Verdt å dø for



Jack Reacher er på vei til Virginia, men tar en stopp i Nebraska. Allerede første kveld kommer han i klammeri med den mektige Duncan-familien, som terroriserer bøndene i fylket ved hjelp av frykt og vold. Duncan-klanen smugler «varer» som ikke tåler dagens lys, og frykter at Reacher skal blande seg opp i deres saker. De må bli kvitt den brysomme fremmedkaren for enhver pris - men alle som kjenner Jack Reacher, vet at det er en umulighet. Hva skjer i fredelige Nebraska, som det kan være verdt å dø for?


Denne romanen gav eg meg i kast med etter å ha lagt frå meg ein halvlesen roman.  I travle periodar treng eg noko lettlese.  

Romanen er i ein serie der eg ikkje har lese dei tidlegare bøkene.  Miljøet er sært, og helten overlever fleire åtak. For meg vart dette reinspikka tidtrøyte. Romanen gjorde nytta. 

No har eg fått tak i ein krimroman som eg har større forventningar til: Den grenseløse av Jussi Adler-Olsen.

mandag 23. november 2015

Badet er ferdig!

 I dag har elektrikaren lagt siste hand på verket.  No har varmekablane kome på og badet kan takast i bruk. Det er herleg etter sju veker med berre eitt bad, også kalla i-landsproblem.  Snikkaren har også jobba med eit anna prosjekt i huset.  Det får eg kome attende til.
 Sidan det berre er ei veke att til advent, har eg like godt leita fram julehanddukane og julesåpa.
 Vi valde litt andre fargar enn oppe.  Denne gongen ville vi ikkje ha kvit innreiing.  Golvfargen er litt lysare enn oppe. Blogglesarane får ikkje sjå før-bilde, men de kan tenke dykk eit rosalilla bad frå 90-talet.  Det var begge bada.  No er dei i nøytrale fargar.  Så kan ein variere med handdukar og såper etter kvart som motane skiftar.
Ein detalj som er lik på bada, er toalettbørstane som eg fekk plassert på veggen.
2 x 3 knaggar til handdukar, badekåper og anna.
Ein kan velje mellom liten, lav dusj og høg, litt større.

Korleis eg skal utnytte desse skuffene best mogler, er eg usikker på.  Kanskje til toalettvesker og smykkeskrin?
 Eg har tenkt å ha litt plass til kle øvst, og vaskemiddel og dorullar nedst.
I skapa bak speglane er det plass til mellom anna sjampoar og parfymar.

No skal eg fylle skuffer og skap, ikkje heilt håper eg.

søndag 22. november 2015

22. november

Denne helga starta med triveleg overnattingsbesøk av svoger.

I dag har vi hatt fint snøver.  Eg måtte gå ein omveg på snarvegen.  Det vart ein runde i sentrum. Berre nokre få butikkar har pynta til jul - heldigvis!

Etter å ha fått rydda og vaska nede i går kveld, merka eg at energinivået steig. Det å bu i rot slik vi har gjort sidan haustferien, er tappande.

I morgon håper eg det vert interiørblogging!

fredag 20. november 2015

Så kom snøen ...

... Også i år. Kor lenge han vil ligge, står att å sjå.

For det som skal vekse neste år, er snø ein fordel framfor frost. Eg har nokre små prosjekt på gang i denne åkeren.

søndag 15. november 2015

15 november

Førre veke vart det lite blogging med meg.  Det var ikkje fordi veka var kjedeleg, heller tvert om.  Veka var innhaldsrik med 50-årsdag, Tupperwareparty og venninnekaffi på fritida.  På jobb var det lefsebaking og siste ettermiddag med kontaktmøte.  Og eg kan ikkje love at det vert noko mindre travelt i komande veke.  Då er det besteforeldrefest torsdag med det som krevst av førebuing.  Det har eg god rutine på, så eg er trygg på å kome i mål. på kveldstid veit eg berre om eitt møte.

Til neste helg håper eg at badet nede er ferdig.  Eg gler meg til betre orden i heimen.

Jula vil eg ikkje tenke på før siste veka i november! Frøkna fekk suvenir frå Berlin av kusina si i går, så det kan bli ein ny vri på julemannane eller peparkakene.

Eg vil ønskje alle blogglesarane ei fin veke!

lørdag 14. november 2015

Gratulerer Nils 79!




I dag har vi feira novemberbarna i familien. Far min fyller 79 i dag.  

Vi la oss til triste nyheiter i går og vakna til endå tristare nyheiter i dag.  Det var godt å ta pause frå Nyheitskanalen og hygge seg saman med slekta!
Blomkarsen viser at hausten har vore mild!
Tradisjonen tru vart det servert julemiddag.  Seinare kom det kaker og dessertar på bordet.

Vi kan berre takke for ein kjekk dag!


fredag 13. november 2015

Bok 52: Ensomheten i Lydia Ernemans liv

Lydia Erneman har vokst opp som eneste barn på et småbruk nord i Jämtland. Hun utdanner seg til veterinær og flytter etter noen år i Skåne til et lite tettsted i Norge. Vi følger Lydia i hennes virke som dyrlege, i gjøremålene som følger de skiftende årstidene og landlivets rutiner.

Eg skal innrømme at eg sat att som eit stort spørjeteikn då eg hadde lese ut denne romanen.  Kva vil forfattaren formidle?  Eg ser at romanen er nominert til prisar og har fått terningkast 6.

Innhaldet og språket understrekar nettopp einsemd. det er nok her det geniale ligg.  Det er ei lågmælt forteljing der ein må lese mykje mellom linjene.

Eg vil absolutt anbefale blogglesarane å lese romanen og gjere seg opp si eiga meining.


Bok 51:Banesår

Endelig får du svaret på spørsmålet: Hvem har tatt livet av Henning Juuls sønn? Krimjournalisten Henning Juul sitter i en båt ute på et mørkt tjern. En mann med skytevåpen sitter rett overfor ham. Ved mannens føtter ligger et lik som snart skal bli dumpet i vannet. Henning vet at han snart skal lide samme skjebne. Og han vet at det er hans egen feil. «Banesår» er den femte og siste frittstående boken i Thomas Engers serie om krimjournalisten Henning Juul. Bokserien er foreløpig solgt til 26 land.

Eg trur ikkje eg har lese alle dei fire tidlegare bøkene, kanskje berre to.  Men eg hugsa problemstillinga med drapet av kona og sonen.

Romanen startar in medias res.  Henning Juul held på å drukne.  Så går vi attende i tid, før vi får går vidare frå starten.  Ein fryktar sjølvsagt slutten, spesielt sidan det står at det er siste boka om Henning Juul. Eg skal ikkje røpe korleis det går!  

Romanen er underhaldande.  Og når ein har det travelt, er det kjekt å kople av med litt krim - synest eg.

søndag 8. november 2015

Steikje te styr

I dag har vi vore på lansering av boka Steikje te styr. Tre av bidragsytarane las frå tekstane sine.
Etterpå diskuterte dei omgrepet sunnmøring.

Verken trist eller grå

På barneskulen lærte vi at november var trist og grå, men moro likevel.  Hausten 2015 kjem nok til å gå inn i historia som mild og fin.  I går var det elleve grader då eg gjekk ut og tok bilde.  Bonicarosene blomstrar enno.
Desse veit eg ikkje kva dei heiter.  I år kom dei seint i blomst.
Haustfloks.
Oktoberbergknapp
Snøbærhekken har bær, men blada dett gradvis av.
Førre laurdag heiv eg hengeplantane.  dei har fått eit nytt liv som komposthaugpynt.
Sidan haustferien har vi hatt snikkar i hus.  No har vi ikkje open planløysing mellom etasjane lenger.  Eg måtte tøme kjøkenskåpa for at det ikkje skulle klirre i fat og glas.  Tinga har stått på "nyestova" og samla støv.  No flyttar eg dei attende etter at dei er vaska.  Litt omorganisering vert det og.

I går brukte eg fire bøtter med grønsåpevatn for å fa golva reine! Dei har vore delvis dekte med papp.  No står badet nede att.  Eg treng vel ikkje seie at eg gler meg til å få to bad att!  Om eit par år står kjøkenet for tur.

PS.
Dette blogginnlegget skulle eg skrive i går, men nettet driv og dett ut og inn.

torsdag 5. november 2015

5. november

No har vi hatt kontaktmøte to ettermiddagar. I år er eg ikkje kontaktlærar, men eg ønskjer å snakke med dei eg har i norsk og engelsk. Det vert lange dagar, spesielt etter seks timar på skulekjøkenet.

Noko handlerunde har eg ikkje teke meg tid til, men kupongane står seg.   Sidan frøkna har fått sitt eige coopkort, og eg har fått andrekortet hennar, tippar eg at rabattane mine vil minke.

mandag 2. november 2015

Bok 50: Hvitt hav

Hvitt hav er framhald av De usynlege. Eg reknar med at dei som har lese  De usynlige kastar seg over denne romanen.  Og det er det god grunn til. Romanen er ramsalt og poetisk på same tid.  Språket er vakkert og lågmælt.  Det er mykje å lese mellom linjene.

året er 1944.  Ingrid bestemmer seg for å reise attende til Barrøy og bu der åleine om vinteren.  Men noko skjer.  Ho oppdagar døde menneske i fjøresteinane.  Ein har teke seg inn i løa og ligg død der.  Men ein er det liv i.  Kan ho redde han?  Først må ho berge livet hans!

Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, berre anbefale romanen på det sterkaste.  Han kjem høgt opp når eg skal kåre årets bok!

Terningkast 6 frå meg - utan tvil!

Dette er kanskje ein roman som er best som lydbok.  Lat gjerne Nils Johnson (link til intervju) lese for deg! Han har ei god stemme, og dialekten gir romanen ein ekstra dimensjon.


søndag 1. november 2015

Eltefrie rundstykke


For eit par veker sidan såg eg at Anne-Mari hadde laga eltefrie rundstykke frå Enklare brød. Det la eg straks planar om å prøve. Først i går kveld rørte eg saman deigen. Eg gjorde ei lita endring, for eg hadde ikkje sammalen rug, fin.  Det vart Fibramjøl (sammalen kveite, fin i staden). OK, så juksa eg litt og sette dei på kald plate.  Sjå på Trine sin matblogg for oppskrift og framgangsmåte.

Rundstykka er best nysteikte. Likevel vil eg lage ein større porsjon neste gon slik at brettet vert fullt. Desse passar svært godt i familiar der bakaren står opp ein time før frukostgjestene.  Eg ser ikkje vekk at det er slik i nokre heimar ...


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...