fredag 31. mai 2013

Bok 25: En blå kjole fra herr Hitler

Frå coveret:
Dette er historien om et møte mellom to kvinner og en hund. Den ene av kvinnene er gammel. Hun er over åtti år. Hun er dessuten tysk, men har hytte i Norge. Den andre er ung, og skal fylle nitten i neste uke - om hun fremdeles er her. Begge har de en historie som de aldri har fortalt. Den unge vet bare tidvis at historien hennes ligger der, i dypet av erindringen. Den handler om et barns kjærlighet og en ung manns svik. Den gamles historie handler om å danse mens Europa ble bombet. De to kvinnene har møttes ved en geskjeftig fremmeds tilskyndelse: Gamle Irma har ikke lenger noen som kan kjøre henne til butikken, siden Bjarne i nabohuset er havnet på sykehjem. Men Liv har en gammel Escort. Slik blir det planlagte selvmordet til den unge kvinnen satt på vent. Og mellom dem er den grådige hunden.

Handlinga i boka er enkel. Ei ung og ei gammal kvinne fortel kvarandre om liva sine.  Språket er enkelt og kan kanskje kallast poetisk.

For meg vart dette vel enkelt og føreseieleg, kanskje på grensa til overflatisk.  Opplesaren pregar boka sterkt med måten å lese på.  Eg ser at mange roser boka.  Kvar lesar vil ha si litteraturopleving.

torsdag 30. mai 2013

Tid for raud penn

Åtvaring: Det er tid for tentamen og eksamen, og mange av oss går rundt med raud penn i lomma.
 I dag har vi hatt førerbuing til norsktentamen i åttande klasse.  Hovudtemaet har vore bruk av rettetast og ordliste.  Eg reknar med at det ikkje berre er eg som er lei av å rette vill til vil ...

Så kjem vi heim og skal lese avisa.  Kva skjer?  Denne framsida møter oss.  Her får ein ikkje hjelp av retteprogrammet fordi  farta er preteritum av å farte.  Bunden form av substantivet er farten.
 Inne i avisa møter vi ein regel som vi tok opp i dag, nemleg substantiv som endar på -ing.  Dei er hokjønnsord på nynorsk, men vert bøygd med -ar og -ane.  Dei har altså inga aning.
 Her er også ein type feil som får meg til å sjå raudt.  Substantiv vert ikkje bøygde i bunden form fleirtal i inkjekjønn.  Eitt minne, to minne, tre minne ...

Til slutt får eg seie som eg plar: Eg er ikkje ute etter folk flest.  Dei får skrive etter beste evner.  Men i aviser og bøker må folk møte god rettskriving.  

Solveig - frå glashuset.

onsdag 29. mai 2013

Bok 24: Tilståelsen

Frå Coveret:
En uskyldig mann blir snart henrettet. Bare en skyldig mann kan redde ham. I 1998 ble en cheerleader voldtatt og drept i Sloan, Texas. Donté Drumm, en lokal fotballstjerne får dødsstraff for ugjerningen. I bakgrunnen står Travis Boyette, den egentlige drapsmannen og betrakter det hele. Han har ingen planer om å oppklare misforståelsen. Ni år senere er det bare fire dager til Donté skal henrettes. Travis Boyette har fått en uhelbredelig hjernesvulst og bestemmer seg for å tilstå drapet på den unge cheerleaderen. Men hvordan overbevise advokater, dommere og politikere om at en uskyldig mann er i ferd med å henrettes?

Det starta med at ein dødssjuk mann oppsøker ein prest og tilstår eit drap som ein annan snart skal avrettast for.  Det vert eit kappløp med tida.  Det viser seg at saka er mildt sagt slurvete behandla i si tid.  Mange har svikta. No vil presten vere med å finne liket.

Det er mykje politikk og samfunnskritikk i denne krimromanen.  Er det lett å gi ein svart gut skulda for noko han ikkje har gjort?  Kva med val av jury? Er det greitt for politiet å ikkje følgje reglane? Forfattaren får godt fram det barbariske i dødsstraff.  I mi tankeverd er det fjernt at familien til offeret skal få hemn, og at dei skal ha sitt eige rom der dei kan sjå på eksekusjonen.

Elles synest eg forfattaren held spenninga oppe gjennom heile romanen.   Ein del ting er ikkje slik vi først trudde.  Han unngår altså klisjéar etter mitt syn.  Slutten, til siste setning, likte eg svært godt.


tirsdag 28. mai 2013

Årets tur til Kvalsund gartneri

 I år vart det "kveldstur" til Kvalsund gartneri.  Der er ope til sju om kveldane, og det passa godt når ein er opptatt laurdagane.  I fjor  var der gule blomster i posane mine.  I år valde eg litt bleikare fargar i tillegg til blått.  Alt skal ikkje stå samla.
Eg fall for denne hengeplanten.  Han er på plass.  Resten får eg ordne med i morgon.

mandag 27. mai 2013

Grunnlovsdessert steg for steg

 Eg trur at dessertar laga med potetmjølsjamning hel på å forvinne frå norske bord.  Grunnlovsdessert er ein litt finare variant enn den gammaldagse sviske- eller rabarbrakompotten.  I går laga eg dobbel oppskrift, så hadde vi att til måndagsdessert med mjølk på.  Grunnlovsdessert vert det når ein legg kompott, vaniljekrem og fløytekrem lagvis.
1 pk svisker
4 1/2 dl vatn
300 g rabarbra
2 dl sukker

3/4 dl vatn
1 1/2 ms potetmjøl (= 4 1/2 ts)
 1. Kok svisker og vatn medan du skrellar og kuttar rabarbraen.  Ha i rabarbra og sukker og kok til rabarbraen og sviskene  er møyre.
 2. Rør ut potetmjølet i kaldt vatn i eit 1/4 dl-litermål eller ein kopp.  Ta panna til side. Hell jamninga i panna i ein tynn stråle medan du rører.
 3. Set panna attende på plata. Desserten er ferdig kokt når den første bobla kjem.
4. Ha kompotten i ei glasskål.  Dryss på 1 ts sukker for å unngå snerk.

Du kan no bruke ferdigkjøpt vaniljekrem eller lage din eigen. I fløytekremen bruker eg 1 ts ekte vaniljesukker til 1 pk kremfløyte.

søndag 26. mai 2013

Sollaus søndag

 I dag hadde vi tenkt at skodda skulle lette som i går, men det skjedde ikkje!  Eg bestemte meg for å invitere journalisten på middag før Hødd-kampen.
 I hagen plukka eg ein av kvar blome eg fann.  Så måtte serviettane vere einsfarga.
Det vart treretters middag i dag.  Blomkål- og brokkolisuppe til forrett, nakkekotelettar og omnsbakte poteter og grønsaker til hovudrett og grunnlovsdessert til dessert.  Av resten av rabarbraen eg hadde plukka, laga eg syltetøy. Eg får kome attende med oppsrifter.

lørdag 25. mai 2013

Frå Sunnmørsskodde til Romsdalssol

 I dag har vi besøkt slekt i Molde.  Slik var veret på Vestnes.
 I to-halv tre-tida skein det opp, og vi kunne vere i hagen resten av dagen.  Observante blogglesarar kan sjå at folk forlet Aker Stadion.
 Molde vann 4-0 over Hønefoss.  Vi tok ferja før fotballgjengen.  Eg reknar med at journalisten var att og skreiv.
 Flott på fjorden.
Desse plakatane hadde eg sansen for. Det er flott at folk møter ord som ete, kaffi og bagettar.  Spesielt "spise" vert eg lei av å rette.  Folk sel "kaffe" på Hareid sjølv om dei ikkje seier det.  Fransk kan vi stort sett ikkje her i landet, så vi får skrive dei franske orda som dei skal seiast.  Så får det våge seg at bagettane skulle vore nysmurde - og at dei sikkert har meir enn eitt pizzastykke.

fredag 24. mai 2013

Jakta har begynt

Dessverre er dette eksemplaret funne i min eigen hage.  Men eg har ein plan!  Eg meiner det er måndag hagelaget sel gift.  Då skal eg gå meg ein runde og finne minst 50 eksemlar rundt i grøftene.  Når dei har stroke ed og er godt marinerte i gift, skal eg legge dei ut i og rundt min eigen hage.  Eg legg heller ikkje frå meg saksa.  Og om nokon skulle sjå meg sykle sikksakk på gangvegen, ja, så prøver eg å la nokre døy trafikkdøden.

torsdag 23. mai 2013

Studentgenser

 Som de ser driv eg på med meir parallellstrikking.  Når eg ser på TV, kan eg ikkje strikke mønster, i alle fall ikkje til anna enn prateprogram. Eg begynner alltid på begge ermane og strikkar litt på kvar.  Fordelen med denne genseren er at mønsteret vert ferdig før ein begynner raglanfellinga.

Genseren er til han som skal bli student til hausten.  Oppskrifta fann eg i same heftet som mor mi fann genseroppskrift til gutane til bror min. De kan bla i det her. Til ein lyshåra gut med blå auge, synest eg blått er finare enn brunt.  Eg strikkar i Mitu som er like tjukt som Per Gynt og Smart. Vi er litt usamde om kva som er beste garnet.  Eg held ein knapp på Mitu som inneheld 50% alpakka og 50% ull ...

onsdag 22. mai 2013

Jus

Coop har no kome etter andre jusprodusentar med ferskpressa jus i panteflasker. Akkurat no kostar dråpane berre 19 kroner literen, vel å merke viss du kjøper to.

Det er store kvalitetsskulnader på jus. Næringsinnhaldet i ferskpressa jus vert noko heilt anna enn jus frå konsentrat. Smaken er også svært mykje betre. Eg synest det er lurt å sette ei flaske på bordet til middag til ein familie i tillegg til ein mugge vatn.  Eitt glas er nok.

Det får bli dagens reklame ...

tirsdag 21. mai 2013

Attende til kvardagen

 Etter ei nydeleg helg slo veret om her.  Eg å innrømme at det passar meg godt. Det er lettare å halde oppe arbeidsmoralen når veret er grått.  Når ein vert møtt med "Kan vi ikkje gjere noko kjekt?", må ein berre tenke og seie at det trass alt er ein månad att av skuleåret.  Tentamenar skal lagast og gjennomførast. Eg har lært meg at som lærar er det ikkje lurt å seie at noko er kjekt.  Då vert det gjerne sukking og stønning over at ein kan kome på å seie at kryssord eller andre artige variantar, er morosamt. Då er det betre å få høyre at dei faktisk likte "Romeo og Julie", eller kva anna ein har valt å presentere.
Til helga håper eg at vervarselet stemmer slik at vi kan få oss fleire fine dagar! Og vi skal ut på tur i skuletida,  etter tentamen om eit par veker.

mandag 20. mai 2013

2. pinsedag 2013

 I dag trur eg vi har hatt den finaste 2. pinsedagsgudsteneste som eg kan hugse.  Det finst like lettkledde bilde av meg på Melshornet, men eg trur ikkje det var så varmt.
 Hjørungavåg brass spelar før, under og etter gudstensta.
Hjørungavågspeidarane bruker å overnatte før dei deltek.
 Når ein tek bilde med mobil i sol, er det ikkje like lett å sjå kva motivet vert.  Utsikt mot Hareid...
 ... og Ulsteinvik.
Her kan ein sjå Ørstafjella i det fjerne.

søndag 19. mai 2013

Bok 23: Dans med en engel

Frå coveret:
Dette er den første boken med den populære kriminaletterforskeren Erik Winter i hovedrollen. Det er en fortelling om det å stå utenfor, om fornedring og om de mørke sidene i menneskesinnet. En ung, svensk mann blir funnet myrdet på et hotellrom i London, og en engelsk gutt blir myrdet på samme måte i Göteborg. Etter de blodige fotsporene å dømme, har noen danset en makaber dans i rommet. Erik Winters etterforskning fører både til England og til svenske barer og pornoklubber. Men før politiet har alle bitene på plass, finner man flere ofre, både i London og i Göteborg.

Nokre krimbøker grip deg frå første stund, og du greier omtrent ikkje å legge boka frå deg.  Andre må ein ta seg saman å lese ut.  For meg hører denne til den siste kategorien.  Det er ikkje alltid like lett å vite kva ein skal sette fingeren på.  Kanskje eg berre har lese mykje god krim i det siste og blitt kresen?

Romanen er frå 1997 og har vunne pris for beste krimroman i Sverige. Så blogglesarane får gjere seg opp si eiga meining.

lørdag 18. mai 2013

18. mai

 I dag har vi hatt ein fantastisk flott dag.  Det er herleg å starte dagen med frukost og kaffi i hagen.  Laurdagane har vi tid til å fordjupe oss i avisene.
 Eg arbeidde i hagen til eg fekk ei ekkel blemme som det gjekk hol på.  Rosene klipte eg tidlegare i veka.  Det var ikkje liv å sjå i fleire av dei.  I dag oppdaga eg til mi store glede at Aloha-rosene har overlevd vinteren.
 Rabarbraen veks raskt i varmen.
Til middag åt vi seibiff av fersk fisk. Far min kom både med fiskefiletar og malen fisk i går. No i kveldninga laga eg 6 kg blandabalj.  Eg frys baljen ned i høvelege porsjonar.  Då er det berre å ta han opp frå frysaren om morgonen.  Eg steiker flesk eller bacon før eg steiker baljen i same feittet.  Med kokt rabbe (kålrot) og gulrot er dette herleg mat etter ein lang arbeidsdag. Vi drikk surmjølk til.

Eg har oppdaga at det er få som har eit nøytralt forhold til blandabalj. Anten liker ein det ikkje, eller så er er det ein yndlingsrett.  Her i huset er det den beste måten å få i gjengen fisk på.

Oppskrift finn de her.

fredag 17. mai 2013

17. mai 2013

Nokre glimt frå dagen:
 Eg har ein fast plass eg står og fotograferer.
 Ein nydeleg dag gjorde nok at toget vart ekstra langt.  Her startar eit felles tog 12.15
 Eg kan ikkje hugse at korpset har stilt utan jakker før.  Det har helst vore spørsmål om hanskar og regnkapper.

Frå sentrum.
 Årets snakkis er russebussen Skippern.
Etter toget drakk vi kaffi og åt kaker på bedehuset.
Foreldra mine kom på lunsj.  Vi for i lag på folkefesten der Øystein hadde eit oppdrag i høve språkåret.  

Og det aller beste med årets 17.mai er kanskje alle fridagane i etterkant ...

torsdag 16. mai 2013

16. mai 2013

Russen er heldige med veret i år.  No er husets russ innom ein times tid etter Høddkamp og før vidare feiring.

Sjølv har eg berre att å stryke eit par bunadsskjorter.  Førre søndag tok eg tida på dette mykje omtalte arbeidet. Eg brukte 20 minutt på ei skjorte.  For å ta best muleg vare på skjortene stryk eg dei kvelden før bruk og legg dei i Blendavatn kvelden etter bruk.

Då vil eg ønskje alle blogglesarane ein god 17-mai!

onsdag 15. mai 2013

Oppdal frå Retromasker av Tine Solheim

Då kan eg endeleg vise fram det ferdige produktet!  Vesten, som det står i boka, er strikka i Hverdags.  Garnet er litt tynnare enn det i oppskrifta, så eg strikka største storleik.

Garnet kjøpte eg faktisk i sommar då det var 20% avslag.  Då heldt eg på med ein rosa frå same boka.  Monteringsarbeidet gjorde at det tok si tid før eg fekk lyst å strikke denne.  Når den først er ferdig, er det verdt alt "strevet". Som de veit, er eg litt pirkete når det gjeld handarbeid. Venstre stolpen vart fin, men på høgre måtte eg fram med heklekroken - og stoppenål igjen.

No seier eg meg godt nøgd med resultatet!  Det er eit plagg som kan brukast omtrent heile året i vårt klima ...


tirsdag 14. mai 2013

Bok 22: Katalysatormordet

Frå coveret:
Det er onsdag 5. august 1970, og førstebetjent Kolbjørn "K2" Kristiansen er på vei hjem etter et rutineoppdrag på Smestad, da han blir vitne til en ung kvinne som i vill panikk løper etter trikken uten å nå den. En time senere finner han kvinnen skutt og drept, liggende i trikkesporet. Det viser seg raskt at kvinnen tilhørte en gruppe unge sosialister. Og hun var forlovet med gruppens karismatiske leder, som på dagen to år tidligere forsvant på uforklarlig vis under en hyttetur i Valdres. Kristiansen må igjen søke hjelp hos sin uformelle rådgiver, funksjonshemmede unge Patricia Louise Borchmann, for å komme på sporet av sannheten om både mordet og forsvinningssaken. Og slik innledes en intens etterforskning som bringer Kristiansen i nærkontakt med unge sosialister så vel som med gamle nazister - og dessuten i intern konfrontasjon med overvåkingspolitiet. Stadig mer kan tyde på at noen der ute planlegger en større aksjon rettet mot det politiske Norge. Presset på etterforskningen øker dag for dag og time for time, helt til Patricia i aller siste øyeblikk ser sammenhengen. Katalysatormordet er oppfølgeren til Menneskefluene og Satellittmenneskene, historikeren Hans Olav Lahlums kritikerroste og bestselgende krimromaner om K2 og Patricia. I denne tredje romanen følger vi seriens etterforskerduo inn i et nytt tiår - og ut i et mer åpent og thrilleraktig landskap. Leseren opplever denne gangen en ny spenning mellom K2 og Patricia, utløst av K2s voksende fascinasjon for en annen bemerkelsesverdig ung kvinne.

Tittelen på romanen viser til at det første mordet vert katalysator for fleire drap og hendingar.

Romanen er interessant både fordi mordgåta vert opprulla på ein spennande og logisk måte.  Sjølve tida, 70-talet, som eg sjølv har minne frå, er interessant i seg sjølv.  Lahlum vil nok lære lesaren noko om dei politiske tilhøva.  Omskrivinga av namna til kjende politikarar er gjort svært enkelt, men det fungerer.

Også spenninga mellom K2 og den hemmelege hjelparen Patricia er også med på å bere romanen framover.

Dette er romanen for dei som liker Agatha Christie og Lewis.  Om ein ikkje har lese Menneskefluene og Satelittmenneskene, så bør ein gjere det før ein gjev seg i kast med denne.

mandag 13. mai 2013

Dagen derpå

I dag har det vore dagen derpå for konfirmantane.  Dei får fri for å fare på bytur. Eg fekk meg ei ledig stund på jobb til å drive planlegging.  Det kom godt med.

No har vi vore i etterpålag med mat og prat.  Det er ikkje så ofte ein treff naboane i vinterhalvåret.

Elles nådde eg handarbeidsmålet mitt i helga.  Den korterma jakka er ferdig. Bilde får kome ein annan dag. Eg har også begynt på vottane.  Det vert saktestrikking til pratyeprogram på TV.  Skal eg sjå film, kan eg ikkje sitte å sjå ned i mønster og maskar. Sidan der var to nøster i kvar farge, og eg har rikeleg med strikkepinnar, driv eg paralellstrikking.  Då vert vottane like stramt strikka, har eg funne ut.  Strikkefastheita bør vere lik på begge.


søndag 12. mai 2013

12. mai

 I dag vakna vi ganske overraskande til nydeleg sol.  Naturen har vakna her.  I går såg eg at bjørka hadde sprotte, så då var eg snar å klippe rosene.  Eit par av dei såg dessverre noko halvdaude ut.
 Utover dagen skya det over.  Men det er relativt mildt.
 På kontoret til mannen fann eg ei krukke eg sette vekk i haust.  No har eg gløymt kva plante det er!  Eg har ei kjensle av at det er ein potteplante eg har fått i gåve?  Kanskje eg må til å leite på bloggen?
Blogglesarane trur kanskje at eg ikkje lagar mat for tida?  Det er sjølvsagt feil!  I dag leverte eg frå meg to karamellpuddingar og ei skål krem til ein konfirmasjon. Til familien gjorde eg det enkelt.  Dei fekk wok med byggryn og focaccia.  Til dessert var det jordbærgele, med jordbær i sjølvsagt, og vaniljesaus.  Elles laga eg to marengsbotnar og steikte på 100 grader i varmluft ein time.  Botnane står seg, så dette vart gjort som eit eksperiment.  Eg kan ikkje sjå nokon skilnad, men eg må ta det atterhaldet at eg ikkje har smakt dei.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...