Eg er inne i ein periode då eg prøver å redusere matlagra mine, spesielt frysarane. Eg treng plass til kaker og anna i høve konfirmasjonen i mai. Det meste av middagsmaten kjem derifrå, og vi lever ikkje dårleg. Det begynner faktisk å gje resultat. Men så har eg også fått plass til litt gjærbakst. Heldigvis går det fort å tøme frysaren for brød og rundstykke.
Inspirert av Knallgode brød laga eg smakfulle rundstykke i helga.Om skålding
Skålding vil seie at ein heller kokande vatn over mjølet. Mjølet vil suge til seg meir væske, og det vert utvikla smaks- og aromastoff. Brød som er bakt med skålding, vil smule mindre og verte saftigare.
1/2 kg kveitemjøl
75 g smør
1 ms brødkrydder/ knust anis og fennikel
1 liter kokande vatn
1 pk gjær
2 egg
2 ts salt
2 ms sirup/maltekstrakt/brunt sukker (kan sløyfast)
kveitemjøl til passeleg deig
1. Skåld mjølet og krydderet og la dette stå i bolle med lok over til det har nådd romtemperatur, ca 3 timar.
(Er du utolmodig, kan du bruke romtemperert væske og knuse krydderet finare.)
2. Smuldre deigen over det andre. Ha i egg, salt, ev søtstoff og 15 dl kveitemjøl til å begynne med.
3. Lat maskina arbeide deigen til han slepper bollen og ser fin ut. Deigen bør vere lausare enn til brød.
4. Hev opp til kanten av bollen viss du bruker ei Kenwoodmaskin som eg gjer.
5. Trill ut 32 rundstykke fordelt på to plater.
6. Hev rundstykka ca 1/2 time.
7. Steik rundstykka midt i omnen ved 225 grader ca 15 minutt. Her må ein kjenne omnen sin.
Eg fekk redusert brødkrydderlageret mitt til ein boks ...
Hm - skålding høyrdest spennande ut! Har du nokon gong prøvd det med glutenfritt mjøl?
SvarSlettEg har lite erfaring med glutenfritt mjøl på heimebane. I fjor hadde eg ein elev på skulekjøkenet med cøliaki. Vi brukte mykje halvfabrikata i tillegg til ei bakebok. Eg synest halvfabrikata er greit for folk som sjølve ikkje har cøliaki, venner og familie. Då slepp dei å investere i ulike mjøltypar. Eg synest det gjekk veldig greitt.
SvarSlett