torsdag 15. mars 2012

Pizzasnurrar

 Inspirasjonen til å bake pizzasnurrar fekk eg på Sunnmøre Folkebutikk.  Dei hadde store glas (675 g) med soltørka tomatar for 25 kroner.
 Dessutan fann eg freistande chili i litt forskjellige fargar.  Ein kunne verte freista å pynte med dei! Eg trut nok dei er litt sterkare enn den vanlege varianten, så her må det finhakking til!
 Deig:
1/2 pk gjær
3 dl lunka vatn
1 -2 ms olje (eg tok frå glaset)
1/2 ts salt
1 1/2 dl sammalen kveite, grov
ca. 6 dl sammalen kveite

Lag vanleg gjærdeig.  Hev til dobbel storleik.

Fyll:
1 dl cottage cheese
2 ms olje (eg tok frå glaset)
1 raud chili utan frø
15 marinerte soltørka tomatar, grovhakka
2 ts tørka basilikum eller 15 friske blad, hakka
2 båtar kvitløk
2 dl riven ost
(1 dl pinjekjernar eller solsikkefrø)

Bland saman fyllet.
Fordel det over deigen som du har kjevla ut.
Rull saman og del i 16 bitar.
Etterhev.
Steik ved 220 grader midt i omnen i ca. 20 min.

3 kommentarer:

  1. Ser godt!Eg brukte soltørka tomata med vårløk og kvitløk som fyll til ovnstekt seifillet...det var også godt!
    Kan brukast til alt!:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tips! Eg må bruke det no når eg kjøpte eit stort glas!

      Slett
  2. Mmmm, du lagar så mykje godt :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...