søndag 31. august 2014

Siste sommardag

Dette bildet får stå som symbol på det eg har orka å gjere i dag, nemleg å koke ei kjøtsuppe.  I tillegg laga eg ei pannekakerøre som frøkna steikte.  Seint på ettermiddagen var eg så gåen at eg la meg.  Ein haltime i eit mørkt rom og ein tur ut i hagen for å mate kaninane, gjorde susen.  No ser eg optimistisk på morgondagen!

lørdag 30. august 2014

Bjørsonfestivalen

 Eg hadde ei alternatv overskrift til dette blogginnlegget, nemleg; forkjøla forfattarfrue.  Men eg bestemte meg fort for å ikkje la forkjølinga øydelegge helga.
 Øystein vart invitert til Bjørnsonfestivalen lang tid i førevegen.  Midt i veka fann eg ut at eg hadde lyst å vere med.  Han ordna det praktiske. Eit vennepar slo seg med.  Då Mette Marit uttalte at ho gjerne skulle ha vore att i Molde og lytta til samtalar om litteratur, tenkte eg at eg får stille opp!

 Natt til fredag låg eg vaken med sår og slimete hals.  Kofferten stod ferdig pakka.  Avtalen var at eg skulle bli henta etter at eg var ferdig med undervisningstimane mine.  Timane på skulekjøkenet gjekk greitt.  Eg sette meg ned på ein stol innimellom, noko eg svært sjeldan gjer.  Trass dårlegare allmenntilstand, ville eg vere med!

I Molde var det 20 grader og sol.  Eg gjekk i jakke og fraus.Vel framme på hotellrommet på Alexandra la eg meg ned.  Der sov eg i tre timar medan forfattaren åt lunsj og hadde kontakt med arrangørane.  Eg vakna, tok meg eit par paracetar og gjekk ut på byen med fleire vener. 
 I dag har vi vore med på tre arrangement.  Det første var opplesing med tre forfattarar: Stefan Spjut, Eva Runefelt og Øystein Orten.

Det andre var TILBAKE I TIDA der Svein Sæter intervjua eller starta samtalar om litteratur med Kristin Maridal, Lars Petter Sveen og Øystein Orten.

Desse to arrangementa var obligatoriske.  Etterpå fann vi ut at alle hadde lyst på NOVELLEMESTEREN der Alf van der Hagen samtala med Kjell Askildsen.
På utescena er det tale og musikk kvar dag under festivalen.

No sit eg med ei kjensle av at eg har fått mange smakebitar av litteratur som eg må heim og tygge på.  Det første eg skal gjere, er å lese ferdig ei novelle av Askildsen som ein forfattar las starten på.

Der var mange fleire arrangement eg kunne tenkt meg på i år.  Det er artig å vanke i miljøet.  På frukosten og på Teateret vårt sin kafé var vi omgitte av kjendisar.

Så får vi sjå om det vert tur neste år! I dag er eg ikkje i tvil!

torsdag 28. august 2014

Flott fjelldag!

 I dag gjekk eg ikkje bakarst, men omtrent midt i flokken.  Så då kom eg meg både på Skafjellet og Brørene.
 Når ein først har kome seg opp i høgda, er det ikkje så tungt å kome seg frå topp til topp her på øya.
Utsikt mot Hareid.  Der går alltid to ferjer på fjorden, i alle fall på dagtid.

tirsdag 26. august 2014

Tid for tur

No når eg har fått mobilkameraet og datamaskina til å samarbeide att, kan det bli fleire turglimt.  I dag gjekk tysdagsturen opp den såkalla feittbrennaren.  Då vi skulle gå ned att, oppdaga vi eit stort skip på sjøen.

Elles kan vi gle oss til skuletur om eit par dagar!

mandag 25. august 2014

Bok 45: Vi ses i morgen

I denne romanen vert mange menneskeskjebnar fletta inn i kvarandre.  Alle slit dei med noko.  Ein har spelt vekk pengane sine og veit ikkje korleis han skal få frukost på bordet.  Ei veit ikkje kven som er far til barnet ho ventar. Fleire har diagnosar. Lesaren ser for seg typane.

Språket er herleg. Menneskeskildringane fantastiske. I lydbokutgåva les forfattaren sjølv, og det gjer han glitrande.  Humoren i romanen kjem ekstra godt fram.

Denne romanen trur eg dei fleste vil like.  Eg ser at mange gir han terningkast seks, og det kan eg forstå. Eg ser ikkje vekk frå at eg kan kome til å ta fram denne når eg skal kåre årets bok kring nyttår!

søndag 24. august 2014

24. august

 I dag vakna vi til fint ver.  Etter frukost tok vi med oss kaffikoppane ut i hagen.  Der hoppar kaninane rundt i kvar sin luftegard.  Når vi kjem ut, håper dei på godbitar.  Spesielt den eine vert glad når ho får solbær.  slike dagar får både menneske og dyr nyte.  Vi ønskjer oss fleire slike dagar.  Akkurat no høljar det ned ute.
 Journaliste har oppdrag i Molde i dag, så vi laga middag tidleg.  Det vart lammegryte til middag og plommer frå eigen hage til dessert.  I går kokte eg plommesylte av plommer frå Ørsta.
Inspirert av ei vennine eg var i selskap til tidlegare i veka, fann eg fram fleire små vasar og fylte med blomster frå hagen og krukkene.
Til ære for dei som sprang halvmaraton i går, fann eg fram ein premievase og fylte med blant anna ei Peacerose. Resultatlister ligg her   -om nokon skulle vere interessert.

fredag 22. august 2014

Acnegenseren ferdig!

 Det vart freistande å strikke på Acnegenseren i staden for å monterre den andre.  Ei venninne av meg har strikka den til seg sjølv, men var ikkje heilt nøgd med halsfellinga.  Ho strikkar til ein til dottera, og no ville ho felle på ein annan måte.  Eg prøvde å gjere slik som ho forklarte ho vil gjere det.
Dermed vart genseren litt høgare bak.  Halsen er vid nok, så eg trur "looken" er som han skal vere!

Eg brukte oppskrifta som eg fann her.  Garnet er Faerytale. Fargen er litt annleis. Eg brukte eit nøste mindre kvitt enn i oppskrifta til "small".

onsdag 20. august 2014

Sommaren 2014

I dag har vi skrive "stil" om sommaren 2014.  Oppgåvene varierte frå sjølvopplevde hendingar til gode lygehistorier.  Sjølv har eg lenge hatt planar om å lage eit blogginnlegg om sommaren.  No har mannen gjort det, så blogglesarar som er interesserte, kan gå inn på hans blogg.

Illustrasjonsfotoet er av hawaiirosa eg fekk av bror min og svigerinna mi då dei var her. I dag spratt nok ein knopp ut.

tirsdag 19. august 2014

Litt lesestoff

Som vanleg er det ei spesielt hektisk tid rundt skulestart.  Eg har ikkje tid til å lese så mykje, men eg har sikra meg litt lesestoff.  Kim Leine sine bøker har eg fått anbefalt av fleire.  Dyp trur eg at eg har lese før.

søndag 17. august 2014

Skvåsjkake i langpanne

Dei som har dyrka svåsj, veit at når det først begynner å bli avling, kan det vere vanskeleg å ete unna.  Eg har gitt vekk nokre.  Skryt folk av det dei har laga, får dei meir.
Eg har laga ulike supper med skvåsj der skvåsjen jamnar suppa.  I dag kom eg på Gunda si kake som eg har laga før. Det er ei god krydderkake. I dag spanderte eg ein pakke rosiner og kutta ut nøtter. Eg gonga oppskrifta med 1,5 og steikte kaka i langpanna.  Når eg bakar slik, reknar eg alltid i hovudet.  Men det kan no vere greitt å ha det nedskrive.

Skvåsjkake
6 egg
375 g sukker

600 g riven skvåsj
3,75 dl nøytral olje (eg brukte raps)

525 g kveitemjøl
1/3 ts bakepulver
1 ms (15 ml) natron
3/4 ts salt
1 ms vaniljesukker
1 ms kanel
3/4 ts malen muskat (eg bruker muskatblome i kaker)
1 pk rosiner.

Steik ved 180 grader ca 45 minutt.

Sjekk bloggen til Gunda for kommentarar og framgangsmåte.

fredag 15. august 2014

Bok 44: Pippa

Pippa Lee ser ut til å ha alt man kan ønske seg. Hun er lykkelig gift med den tretti år eldre forleggeren Herb, har to voksne barn og et trygt og godt liv. Men når hun og Herb flytter til "Rynkeby", et boliganlegg for rike pensjonister, begynner det hele å rakne. Pippa, som hittil har vært den perfekte kone og mor, begynner å spørre seg om hvordan livet hennes er blitt som det er blitt. Svaret ligger i en vill ungdomstid, i uventede møter, affærer og utroskap - og i ekteskapets farlige trygghet. For hva er egentlig forskjellen på å finne sin plass, og å finne seg selv? "Pippa Lees hemmelige liv" er en usedvanlig velskrevet og medrivende fortelling om vilter livsglede og om kjærlighet på både godt og vondt, og om utfordringene og mulighetene som ligger i det å tørre å leve sitt eget liv.

Dette er ein roman eg har latt ligge att på biblioteket fleire gonger. Ein gong i sommar såg eg at den gjekk som film.  Kanalen hadde vi ikkje, så den bestemte eg meg for å ha til gode.  Eg kunne lese boka først.

Filmen er innspelt med kjende skodespelarar.  Både filmen og romanen får rosande omtalar.  Kva er det med meg? Eg synest romanen var lettlesen og til ei viss grad underhaldande, men ikkje noko stor litteratur.  Skulle eg ha trilla terning, hadde det vorte tre.

torsdag 14. august 2014

Liljer og roser

 Stargazerliljer som eg ein gong kjøpte og hadde i potter.  Dei trivst godt etter at dei har vorte planta ut i hagen.  No luktar dei heilt fantastisk.
 Peacerosa står i blomst og har flust med knoppar.

onsdag 13. august 2014

Solveig's secret - no more!

Då er skuleåret i gang att! Det er ekstra kjekt å møte att kollegaer.  Eg fekk høyre at ei facebookoppdatering hadde dei flira godt av, så eg tenkte det får verte dagens.

Når ein er på ferie, trur ein at ein skal skrive så mykje på bloggen når ein kjem heim.  Med meg har det lett for å bli utsett til fordel for utpakking, klesvask og anna arbeid som må takst att.  

Statusoppdateringa er frå Bond Street. Butikken heiter Victoria's Secret.  Den var stappfull med fjortisjenter.  Ein stod i vegen same kvar ein stilte seg opp.  I tillegg til vanlege kle er der undertøyavdeling og parfymeri.
Ny jobb: Shopping assistant. Det går ut på å betale ein og ein ting/halde det som er betalt, slik at ein får flest mogleg rosa nett på kjøpet.

tirsdag 12. august 2014

Siste feriedag

I dag stakk eg innom jobben, logga meg på for å kladde ei innkalling og elles orientere meg føre skuleåret.  Det er alltid spennande å følgje elevane i tiande, synest eg.Elles kryssar eg fingrane for eit godt utfall av streiken slik at alle kan få begynne neste veke.

Elles har eg prioritert hagearbeid i dag.  Eg trur eg fylte bærkokaren for 7. eller 8. gong i år.  No har eg rabarbra- stikkelsbær og solbærsylte i kjøleskåpet.  Sjølv får eg ikkje betre frukost enn heimelaga grovbrød og syltetøy.  I morgon vert det nok ikkje det, men ein endå betre frukost på hotellet.  Det er ein svært kjekk oppstart! Det vert kjekt å treffe kollegaene att.

Mannen begynte på jobb i dag.  eg bestemte meg for å koke rømmegraut til han kom heim.  Journalisten fekk seg og eit grautmåltid då han kom heim frå jobb etter ein ekstra lang arbeidsdag.

Frøkna er leiar på friidrettsleikar på banen denne veka.  Ho er heilt utsliten når ho kjem heim.   Eg prøver å legge inn nokre ord om kor travelt og kjekt det er å vere lærar...

mandag 11. august 2014

Feriestrikk

 
 Eg visste at eg begynte på eit omfattande prosjekt då eg sette i gang med å strikke etter eit engelsk mønster. I går vart eg ferdig med siste erma.  Så det vart freistande å ta fram symaskina. Då eg var lita, var det ikkje heilt greitt med handarbeid på søndagane, i alle fall ikkje nær bestemødrer.  Deira generasjon strikka for Husfliden, så då vart det sett på som arbeid, og noko ein burde kvile seg frå. "Søndagsarbeid må ein take opp att," fekk vi høyre.
Eg var heldig og hadde akkurat nok garn att til å gjere ferdig erma, men ikkje til å strikke brot.  Så gjekk det ikkje betre enn at nåla på maskina knakk i to. Først fann eg ikkje fleire, men etter ein ny leiterunde i syskrinet dukka det opp ei einsleg nål i ein pakke, sikkert kjøpt for 30 år sidan. I dag sikra eg meg både garn og nye nåler.  
 Trådane har eg festa etter kvart.  Når ein har så mykje mønster, er det i grunnen lurt å strikke jakke.  Då kan ein gjere som eg gjer i ermopninga, legge trådane til side og sy på kvar side, så er det berre å klippe dei vekk.

No står kantar og isying av ermar att.
Men dette er ikkje eigna arbeid framfor fjernsynet, så eg fall for freistinga og kjøpte meg garn til ein ny genser.  Frøkna har fått lyst på Acnegenseren. Det skal bli kjekt å strikke på pinnar nummer 6 utan mønster og montering etter ein sommar med mønster på pinnar nummer 3.


Kjensla av ...

Det er tid for utflytting.  Yngstemann har fått god hjelp av juristen til å installere seg i hovudstaden.  Hybelen ligg i ein annan etasje, men svært nær der han budde i nesten fem år. Yngstemann skal studere nordisk/norsk i første omgang.

Eg har begynt å få erfaring i at born flyttar ut. No er det fem år sidan sist.  Men kjenslene er dei same. Vemod kjenner ein fordi ein epoke er over både for ungdomen og foreldra.  Samtidig er det spennande for begge partar. Korleis vil ein trivast? Korleis går studiane? Eg vert svært rastlaus dei første dagane.  Det er ein tilvenjingsprosess.  Men som eg plar seie: Det er berre ein ting som er verre enn at dei flyttar ut, nemleg at dei ikkje gjer det!

Elles er eg glad for at eldstemann er attende i bygda.  Kanskje fleire av søskena tek det valet etter kvart.

Mannen er no i hovudstaden for å hente bilen.  Juristen skal settast av på Terningmoen i Elverum der han skal begynne på krigsskule.

Frøkna vert einebarn i to år framover medan ho gjer seg ferdig med studiespesialiserande på vidaregåande.

Eg innser at eg begynner å bli vaksen ...

Elles får vi ønskje alle studentar og elevar lykke til med oppstarten.  Sjølv håper eg å starte onsdag.




lørdag 9. august 2014

9. august


Det har vore ein heilt spesiell dag i dag.  Vi vakna av helikopterdur. Bygda har vore på nyheitene i alle kanalar.  Stemma til journalisten dukka opp på ein pressekonferanse. Det går mange rykte, og rykta går fort over nettet.  Når slikt skjer, håper ein at ein ikkje kjenner dei involverte.  Vi får nok vite det vi treg vite.

Frøkna og eg tok oss ein tur til Ørsta.  Der sette vi av mannen slik at han kunne ta bussen til Oslo.  Etter ein liten butikkrunde, for vi opp i Starevegen.  Der fekk vi servert nydeleg rømmegraut!

Bilde er av ein av klematisane til mor mi.  Desse er på storleik med små asjettar.

fredag 8. august 2014

Bananbrød

I dag kjem oppskrifta som eg har lova blogglesarane.  Bananbrødet kan etast som kake eller som brød med eit tynt lag marmelade/syltetøy.
Av ulike grunnar vart det ikkje til at vi fekk med oss "Afternoon tea" i London slik planen eigentleg var.  Men på Foyles fall valet på denne kokeboka i år.  
Boka tek for seg historia til tedrikking, skikk og bruk kring måltidet "afternoon tea", korleis velje ut og koke te og sjølvsagt mange oppskrifter på både "sandwiches", kjeks og kaker. Alle oppskrifter har metriske mål, så dei er ikkje noko innvikla.

Det var to grunnar til at eg valde å prøve denne oppskrifta. For det første hadde eg ein diskusjon med ei venninne der vi er samde om at butikkane bør sette ned prisen på frukt og grønt som ikkje er 100% perfekt.  Eg fann ein pose overmodne bananar til 10 kroner.  Butikken ville nok ha kasta dei om eg ikkje hadde kjøpt dei.  For det andre er oppskrifta utan tilsett sukker og med sammale mjøl.  Når brødet/kaka skal serverast til diabetikarar er det ein fordel.

Eg har omsett oppskrifta og kome med eigne erfaringar i kursiv.
115 g smør, pluss til smøring av forma
1 ts (5 ml) natron
225 g sammalen kveite, fin(eg brukte Fibramjøl)
2 egg, piska lett saman
3 svært modne bananar
30-45 ml kokosmjølk eller soyamjølk (eg opna ein boks kokosmjøl, men tenker at det kanskje kan sløyfast)

1. Set omnen på 180 grader. Smør ei brødform.
2. Rør smøret kvitt. Ha nnatron i mjølet og tilset vekselvis med egga.
(dette vart svært fast, så eg kjem nok til å ha i ein banan eller kokosmjølk også neste gong)
3. Skrell bananane og mos dei godt med ein gaffel.
4. Ha i kokosmjølk/soyamjølk og bananar.  Rør saman.
5. Hell røra i forma.  Steik i ca 1 1/4 time. Stikk ein grillpinne eller ein spagetti i midten av kaka for å sjekke om ho er steikt. Avkjøl på rist.

Eg laga tre kaker/brød. Bananane var store, så eg brukte berre sju. Den eine kaka serverte eg til dessert då foreldra mine var her med krem og molter/bær i krydderlake.  Den andre vart niste til studentane, og den tredje berre forsvann! 

Bananbrødet er eit sunt og godt alternativ til formkaker! 


torsdag 7. august 2014

Bok 43: Et helt halvt år


Eg har lese mange anbefalingar av denne romanen.  Den vert omtala som altoppslukande og gripande.  Som de veit er eg ofte skeptisk til romanan med bestseljarstempel, spesielt i USA. Då eg las på baksida, såg eg for meg ein film med Julia Roberts.  Medan eg las, såg eg føre meg boka i bilde.  Ikkje overraskande skal ho bli til film.

Romanen er lettlesen samtidig som den stiller mange viktige spørsmål.  Will sit i rullestol.  Lou er frisk, men lever eit lite spennande liv.  Ho går omtrent ikkje utanfor eit svært avgrensa område. Ho lever og under eit press frå familien.  Dei er avhengige av inntekta hennar. Will har levd eit rikt liv.  Han har reist og opplevd mykje.  Pengar har han hatt nok av.  Overgangen til livet i rullestol er stor.  Lou vert arbeidslaus, men får jobben som ei slags selskapsdame hos Will. Jobben skal vare i eit halvt år.  Etter kvart forstår vi kvifor.  Ein forstår også korleis det vil ende.  

Både Lou og Will sine liv vert endra i møte med kvarandre.  Dei utfordrar kvarandre - og tek utfordringane. Eg har stor sans for skildringane av Nathan, kjærasten til Lou, ogtså kalla maratonmannen.

Eg skal innrømme at romanen opprørte meg. Aktiv dødshjelp synest eg er svært problematisk å forsvare. Samtidig får ein presentert problemstillingar frå andre vinklar.  Bestemmer ein over sitt eige liv? Kor sjuk må ein vere for at livet ikkje er verdt å leve? Kva er eit fullverdig liv? 

Ein viktig bodskap er at ein bør leve livet sitt og gjere det beste ut av det.  Mange går rundt med sperrer og treng å bli utfordra. Ein skal ikkje berre gå dit andre vil ein skal gå, men gjere sjølvstendige val.

Filmen vil nok bli ein suksess!






Bok 42: Mokka

Frå omslaget:
Om morskjærlighet, løgner og skjørheten i livet. Med varme og humor beskriver Tatiana de Rosnay svakhetene i menneskelige relasjoner i en verden som dreier seg om håp og ønsker. Justine lever et stille og rolig liv i Paris inntil tilværelsen en dag snus på hodet. Sønnen Malcolm på 13 blir overkjørt og havner i koma. Bilføreren fortsetter i høy fart, og øyevitnene rekker ikke å notere hele bilnummeret. Tiden som følger er preget av sorg, sjokk, frykt og sinne - mot sjåføren som stakk av og mot politiet som ikke prioriterer saken. Justine bestemmer seg for selv å ta opp jakten på sjåføren, mot ektemannens vilje. Ved hjelp av tips fra en politimann kommer hun på spor av eieren av den mokkafargede bilen. Hun konfronterer henne med det som har skjedd og oppdager den smertefulle sannheten bak ulykken.

Eg har tidlegare lese "Saras nøkkel" av same forfattar, ei bok som apellerte til unge lesarar.

I denne romanen har ei tobarnsmor forteljarstemma.  Ho set i gang si eiga etterforsking fordi ho synest politiet arbeider for sakte.

Romanen er svært lettlesen.  Klisjéane står i kø.   For meg vert det for klissete språk og innhald. 

Bok 41:De uønkede

Frå omslaget:
Nye grøss fra Islands ubestridte krimdronning Odinn blkir satt til å undersøke mistankene om overgrep mot barn på Krokur, en behandlingsinstitusjon for gutter 1970-tallet. Undersøkelsene avdekker et umenneskelig regime. To unge gutter har dødd under brutale omstendigheter. Etter ekskona Láras død har Odinn hatt ansvaret for deres datter Rún, og etter hvert påvirker undersøkelsene hans eget liv. Men Ódinns undersøkelser skrider frem, introduseres leseren for de grusomme hendelsene som skjedde på Krokur, og han innser gradvis at ekskonas død slett ikke var en ulykke, slik de hittil hadde trodd. Men mens han desperat forsøker å finne svar på sine spørsmål, blir ondskapen som omgir ham bare sterkere.

Då eg las bak på denne romanen, tenkte eg at det var nok ein roman om mishandling på barneheimar.  Temaet er grundig behandla både i filmar og bøker.  Det skal noko til å skilje seg ut!  det synest eg romanen gjer.  Eg synest og nokre typiske sjangertrekk frå kriminalromanar er utalatne, men erstatta.  Meir kan eg ikkje seie utan å røpe for mykje av innhaldet. Andre lesarar får og avgjere sjølve om dei likar slutten ...

Skulle eg gitt terningkast, hadde det vorte ein firar.

onsdag 6. august 2014

Pakkedag

 I morgon flyttar yngstemann heimanfrå.  Han ønskte seg kjøtkaker til middag før han for, og vi nytta høvet til å invitere besteforeldra på norsk tradisjonsmat.
 (Eg må berre vise nærbilde av Peacerosa!)
Eg var sjølvsagt innom Foyles og kjøpte meg ei kokebok då vi var i London. Eg baka eit bananbrød frå boka.  Det var utan sukker og med sammale mjøl.

I går då eg inviterte foreldra mine på kjøtkaker, bad mor meg om å ikkje gjere noko ekstra for deira del.  "Kanskje det vert dessert,"svarte eg. Då eg handla i dag tidleg, møtte eg ein blogglesar på butikken.  Ho skulle koke krydderlake til plommer.  Då fekk eg ideen til dagens dessert!I tillegg til vanlege bær fann eg nokre molter. Krem og bær smakar godt åleine - eller til kake!

Det er kjekt at folk liker oppskriftene på bloggen!  Bananbrødet kjem eg attende til.

søndag 3. august 2014

Båttur på Themsen


I dag tok vi båt til Greenwich. Vi var mellom anna på den kjende marknaden. Denne turen fekk vi anbefalt av ei venninne som var der tidlegare i sommar.  Eg liker godt slike guida turar.  Det vert som ein engelsktime med rikeleg informasjon, humor og ironi.

Musikal

Let it be.  Dette var ein musikal som heile familien kunne tenke seg å sjå, og det angra vi ikkje på at vi gjorde. Musikarane var svært flinke. Eg er sikker på at også generasjonen over oss hadde kosa seg der.  Studenten var heldig å få kasta to plekter til seg.

Bilettane kjøpte vi knapt to timar før konserten/musikalen starta. Vi fekk plass på åttande rad.

fredag 1. august 2014

London Eye

Been there - done that!

Dette er nok ein aktivitet eg berre vil gjere ein gong!  Ein står i kø, betalar ein liten formue, går på i fart og er med rundt. det tek omlag ein halv time. Utsikta er flott!  På toppen rista det litt meir enn eg likte ...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...