Dei som har dyrka svåsj, veit at når det først begynner å bli avling, kan det vere vanskeleg å ete unna. Eg har gitt vekk nokre. Skryt folk av det dei har laga, får dei meir.
Eg har laga ulike supper med skvåsj der skvåsjen jamnar suppa. I dag kom eg på Gunda si kake som eg har laga før. Det er ei god krydderkake. I dag spanderte eg ein pakke rosiner og kutta ut nøtter. Eg gonga oppskrifta med 1,5 og steikte kaka i langpanna. Når eg bakar slik, reknar eg alltid i hovudet. Men det kan no vere greitt å ha det nedskrive. Skvåsjkake
6 egg
375 g sukker
600 g riven skvåsj
3,75 dl nøytral olje (eg brukte raps)
525 g kveitemjøl
1/3 ts bakepulver
1 ms (15 ml) natron
3/4 ts salt
1 ms vaniljesukker
1 ms kanel
3/4 ts malen muskat (eg bruker muskatblome i kaker)
1 pk rosiner.
Steik ved 180 grader ca 45 minutt.
Sjekk bloggen til Gunda for kommentarar og framgangsmåte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar