søndag 31. desember 2017

Godt nytt år!

Eg vil ønske alle blogglesarar eit riktig godt nytt år! 

I dag tidleg tok eldstemann, journalisten, fly til Alta der han skal jobbe for NRK.  Det skal bli spennande både for han og oss! 

lørdag 30. desember 2017

Romjulsal

Ein erfaren shoppar veit omtrent kva ting kjem til å koste i romjula. I går vandra eg litt rundt i næraste by.  På Nille kjøpte eg nokre dekketallerkar til rundt 50 kr - til saman.  Det kan no vere kjekt med litt farge på bordet. Elles må eg tilstå at serviettsamlinga ikkje har krympa denne jula heller. 

Kva elles kjøper ein? Eg oppdaga til dømes at deodoranten min var nesten tom, og då er det kjekt når gåvesetta er halv pris ...

Bok 51: Kvinnen i lugar 10

«Kvinnen i lugar 10» er en intens og klaustrofobisk krim, som ikke slipper taket i deg før siste side er lest.

Reisejournalist Jo Blacklock får drømmeoppdraget. Hun skal være med på et luksuscruise til de norske fjordene og skrive om det i reisemagasinet hun arbeider for.

Men reisen får en bråvending da Lo våkner av et skrik midt på natten, og fra lugarvinduet sitt ser hun en person bli kastet over bord. Lo slår full alarm, men det viser seg at ingen er savnet, verken blant personalet eller gjestene. Hun blir usikker og forvirret; har hun drømt det hele? Eller er hun fanget på båten med en morder - og som eneste vitne til en forbrytelse?


Eg bruker å lese ferdig bøker eg har begynt på.  Denne heldt hardt ei stund.  Etter mi meining vert det mykje prat.  Når eg no les om romanen, ser eg at det er ein psykologisk thriller. Slutten kan kanskje legitimere det.  Men to tankar slår meg; Ville ein mann like denne romanen? Ville den vorte omsett til norsk viss handlinga ikkje var lagt delvis til Norge?  Terningkast 3 frå meg.

fredag 29. desember 2017

Sjur Olai Trovåg - ein av dei 12

1. juledag var store delar av slekta mi på premieren til storfilmen Den tolvte mann. Det har knytta seg ein del spenning til filmen. Vil vi få vite meir om onkel Sjur, bror til farfaren min, som var ein av dei 12? Då vi fekk vite at skodespelaren som hadde fått rolla som han, kom frå Lærdal, tenkte vi han skulle få ein replikk eller fleire. Det fekk han ikkje. Men det gjekk fram at han var den første som vart forhøyrd og torturert - og at han heldt tett.

Eg hadde ønska å ...få lære meir om forhistoria, altså om sjølve sabotasjeoppdraget.

Alle har vore samde om at filmen var spennande frå byrjing til slutt. Det er flott at hjelparane har fått sine historier dokumenterte. Vi meiner og at terningkastet/karakteren er 5.

Øystein har skrive ein tekst med Sjur Olai Trovåg si historie. Eg reknar med at det kan vere interessant lesnad både for slekt og blogglesarar.

http://oysteinorten.blogspot.no/2017/12/onkel-sjur-ein-av-dei-12.html
 

torsdag 28. desember 2017

Slektstreff

 Vi har ikkje kunna lagt så mange planar for denne jula. Frå ungdomane har det vore eit sterkt ønske å treffe søskenbarna, det vil seie borna til søstera mi.  Det er dei som er så nær at dei kan kome på dagsbesøk. Studentane er no spreidde rundt om i landet: to i Oslo, ei i Bergen og ein utanfor Tronheim. Det var derfor ekstra kjekt at alle kunne stille på kort varsel.

 
 Serviettane var valt ut med tanke på gjestene...

tirsdag 26. desember 2017

Kos med katt

Vi har berre eitt kjæledyr att i heimen, katten Lucy som Olaug fekk for 7 1/2 år sidan.  Kaninen som var like gammal, døydde i haust.  Vi spøker med at katten har vorte einebarn i heimen. Han er i alle fall bra bortskjemt.  Det er tydeleg at katten set pris på ho som eigentleg eig han, om det då går an å eige ein katt?

mandag 25. desember 2017

Fin i strikk

I konfirmasjonen til eldstemann til bror min i mai gjorde eg ein avtale med yngstemann om at han måtte ringe til tanta om han skulle trenge ein ny genser.  I fjor gjorde han det klart at han hadde tre genserar!

Tanta tenkte at ho måtte ha ein genser på lur om han skulle ringe.  Eg kjøpte garn til denne på ein strikkekafé i oktober. Mønsteret er enkelt og fint, synest eg.  Eg strikka den i lengda til 10 år, men så strikkar eg litt fast.  Slike smale genserar veks gjene med borna. 

Det høyrer med til historia at guten ikkje har ringt tanta enno.  Men eg reknar med at han treng ny genser ...

søndag 24. desember 2017

lørdag 23. desember 2017

Kvelden før kvelden

No er det relativt stille i heimen.  Gutane, eller rettare sagt dei unge mennene, er på besøk hos mellomstemann. Han kjøpte seg leilegheit i sentrum i sommar.  Frøkna ville trene litt i kveldninga.  Eg ventar på at oppvaskmaskina skal gjere seg ferdig slik at eg får rydda kjøkenet skikkeleg.

Tidlegare i dag har eg rydda, stroke og baka grovbrød. Eg inviterte gjengen på sein middag.  For to av dei vart det visst middag nummer to, noko som gjekk heilt fint.  På menyen stod ferdigkrydra svineribbe frå Coop og karamellpudding.

Det vert ei spesiell jul for storfamilien.  Faren min vart innlagt på Ørstaheimen for eit par veker sidan og lyt feire jul der.  Mora mi vert der saman med han.  Dei har mykje besøk av familien.  No i jula er det stas med barnebarna.  Heldigvis er pappa heilt kår, og han har alltid ein replikk på lur. Ein må ta dagane som dei kjem.

Bok 50: Glasshjerte


Robin og Mikkel er brødre. Robin blir vitne til det grusomme som skjer med kusinen deres, Amina. Han kan ikke hjelpe henne, og heller ikke hente hjelp.
Robin er ute av stand til å uttrykke hva han har sett.

Mens Mikkel vet noe han ikke vil fortelle. Ikke til noen.

Glasshjerte er en fortelling om å kjenne igjen ondskapen når du møter den. Og om å streve med å forstå hvem du selv er.
Men den handler også om hvor langt et menneske våger å gå for å holde fast ved kjærligheten. Torkil Damhaug er dobbel vinner av Rivertonprisen, han fikk prisen for årets beste kriminalroman både i 2011 og i 2016


Denne romanen har eg berre brukt eit par-tre dagar på.  Mykje praktisk arbeid gir lesetid.  Det er og ein slik roman ein slår av TV-en og heller lyttar til.

Bok 49: Kalypso


Sterk oppfølger til suksessen «Wienerbrorskapet».

På et sykehus i Oslo våkner politietterforsker Fredrik Beier langsomt til live. Han husker ingenting fra kvelden som førte ham hit. Ved en villa på byens beste vestkant bor en barnløs, gammel enke, og postmannen reagerer på at hun ikke lenger tar inn avisen. Beiers kollega, Kafa Iqbal, tar seg inn i boligen, men enken er forsvunnet. Et overvektig mannslik ligger derimot i trappen - denne mannen finnes ikke i noen offisielle arkiver. Politiet finner snart en ny død kropp, og Fredrik og Kafa avslører at de to har en ting til felles. De innser at de står overfor en gjerningsmann som har mye å hevne, og ingenting å leve for.

Gjennom intens spenning og flere fortellinger og tidsplan som flettes inn i hverandre, forener Johnsrud storpolitisk thrillerhandling med politiromanens nordiske noir-realisme.


Denne romanen fekk eg ikkje taket på.  Det vart for mange trådar å halde greie på.  Det kan og hende at det hadde vore ein fordel å lese Wienerbrorskapet først? Eller at boka hadde eigna seg betre på papir?

fredag 22. desember 2017

22. desember

I dag har vore den store vaske- og handledagen her i huset.  Det var nesten mørkt før vi kom oss av garde.  Det var nokre gåver som skal vere her i huset som måtte skaffast.  Først vart det handel i bygda, så for vi over Eidet til næraste by. 

Eldstekarane skulle besøke besteforeldra i Ørsta og gjere litt nytte for seg der. Derfor passa det godt for alle å ikkje samlast før til kveldsmaten. Eg rakk å bake grove rundstykke,og så vidt vørterbrød, før gjengen kom. 

Observante blogglesarar vil kanskje sjå at eg har kjøpt ein ting til huset i dag, nemleg plastduken på Prinsess.  Eg såg raskt at eg skulle hatt nokre einsfarga serviettar - og koppar...

mandag 18. desember 2017

Genser til Andreas


Denne genseren strikka eg i haust til ein god kollega som venta ein gut. Oppskrifta er frå Bystrikk. Sidan eg strikkar litt stramt, valde eg å strikke i 6-9 månader. Brandølingen har allereie tatt genseren i bruk. Eg tippar gensern kjem til å vekse med guten.

søndag 17. desember 2017

I dag var vi fem til bords igjen.  Det vart servert enkel middag, nemleg juleskinke.  Til dessert var det krem, kirsebær, fersken og to slag julekaker.  Etter at vi hadde vore på julekonsert i kyrkja, og gjestene sett handballkamp, kokte eg sjokolade til aniskringlene eg laga i føremiddag. 

I morgon kveld skal eg hente frøkna på flyplassen i Ørsta.  Eg nyttar høvet til å besøke far min på Ørstaheimen.  Elles har eg nokre ærend der inne, kanskje saman med mor mi.

Det vert nokre hektiske dagar på jobb også famover. Eg satsar på å ta meg til til litt blogging likevel.

torsdag 14. desember 2017

Årets julevottar ...

... er no ferdige!

det passar fint for meg å strikke vottar som julekalender.  Ein får 1/5-del lagt ut kvar veke.  Så det vert ikkje noko stress.  Design Jorid Linvik.

onsdag 13. desember 2017

Bok 48: Drømmetyderens død

«Drømmetyderens død» er den fjerde boken om gisselforhandler Niels Bentzon. 

Psykologen og drømmetyderen Evelyn Heiberg blir funnet knivdrept i sin leilighet der hun også tok imot sine pasienter. Gisselforhandler Niels Bentzon blir satt på saken, men det kommer på et svært dårlig tidspunkt. Hans kone, Hannah Lund, har akkurat fått en kreftdiagnose og Niels befinner seg i sitt livs største krise. Likevel fortsetter han. Jobben blir hans terapi, hans eneste lys i mørket. 

På drømmetyderens PC finner Niels en e-post som er sendt til det berømte Jung Institutt i Zürich. Evelyn Heiberg har bedt om hjelp til å tyde en drøm, som en av hennes pasienter har hatt i mange år. Snart går det opp for Niels at han kun kan oppklare mordet hvis han klarer å tyde drømmen.


Denne romanen er ein ekte pageturner etter mitt syn.  Han er vanskeleg å legge vekk.  Privatliv og yrkesgjerning er fletta saman.  Sterkt anbefalt!

mandag 11. desember 2017

2. søndag i advent

Dagen vart heller roleg i heimen. Eldstemann besøkte besteforeldra i Ørsta før han kom og åt middag hos oss.

lørdag 9. desember 2017

Førjulstreff i Molde

I dag har vi vore i Molde. Det har vorte ein tradisjon å møtast på midten og utveksle gåver. 

Ny av året er vesle Mathea Sofie. Ho er det einaste grandtantebarnet mitt. Fødselsdatoen hennar er lett å hugse, for den er sen same som oldefaren, og Audun vår er fødd på 75-årsdagen hans.



torsdag 7. desember 2017

Bok 47: Malstrømmen


Flere tragiske historier flettes elegant sammen i denne intenst spennende kriminalromanen med handling fra Nord-Norge.

Et uhyggelig skrik tiltrekker seg oppmerksomheten til to unggutter som leker på svabergene. I vannkanten finner de en mann . lenket fast med hendene i det iskalde vannet. 
Ei porselensdukke flyter i land 30 mil nord for Bodø, og ekteparet som finner den syns den varsler om ufred. Lensmannsbetjent Niklas Hultin har nylig flyttet nordover, og han syns dette er barnemat etter jobben i Oslo. Da ei kvinne blir funnet bevisstløs i strandkanten, kledd i en kjole som ligner dukkas, sprer uhyggen seg.

«Malstrømmen» er første lydbok om Rino Carlsen.


Eg ser at eg har lese bøkene til Frode Granhus i feil rekkjefølgje.  I denne første romanen bur Rino Carlsen i Bodø.  Om eg ikkje hugsar feil, flyttar han til Lofoten.

Eg kosa meg med denne romanen.  Krimgåta er noko innfølkt med mange forgreiningar, men til slutt gir det meining. Viss ein har krav til sannsynlegheit, bør ein nok styre unna... Eg har nok likt andre bøker i serien betre.

Opplesaren, Nils Johnson, gjer ein glitrande jobb med lesinga. 

No ser eg at forfattaren døde brått 15. september i år, berre 52 år gammal ...

søndag 3. desember 2017

1. søndag i advent

I dag kom dei nærtbuande borna på middag.  Eg serverte kjøtsuppe med focaccia og pærekake med krem og fruktcoctail til dessert.

I går kjøpte eg ein lilla løpar og nokre lilla lys til halv pris på Nille.  Eg tok sjansen på at eg hadde adventserviettar.  Utvalet i heimen var greitt.  Eg fann nokre med litt raudt/rosa i som passa til julegledene.

Det er eksamenstid for ungdomane i familien, så vi er glade for at dei tek seg ein pause og kjem hit.

lørdag 2. desember 2017

Sunnmøre tamilske kulturforening 30 år

I dag var eg invitert til fest som ein av dei gamle lærarane. Eg var 25 år då eg kom til Hareid. Eg var svært heldig som fekk lærarjobb i 1988. Elevane mine frå den tida er no middelaldrande menn. Nokre er fedre til elevar eg har hatt for ikkje så lenge sidan.

I kveld fekk vi sjå mykje flott tamilsk dans og song i tillegg til talar og helsingar. 

onsdag 29. november 2017

Triveleg husflidskveld

I dag var eg på juleavslutning i husflidslaget. Med meg går det mest i strikking. Over jul startar det opp kurs i både brodering av bunad og skjorte. Om nokon som les bloggen har lyst til å melde seg på ...

søndag 26. november 2017

Sandemessa


I dag gjekk turen til Larsnes der mannen, Øystein Orten, presenterte boka til Odd Goksøyr saman med han. 

Odd har omsett dikt av Christine de Luca frå shetlandsk til norsk. Øystein las og Odd song.

lørdag 25. november 2017

Krukkehuset


I dag tok vi oss ein bytur der vi mellom anna var innom Krukkehuset. Det huset budde vi i skuleåret 87/88. 

Det vart ikkje til at vi kjøpte oss noko anna enn kaffi og kaker.

torsdag 23. november 2017

Besteforeldrefest


Eit lite glimt frå dagens jobb.  Niandeklassingane har laga lefser saman med besteforeldre.  I dag laga dei til den årlege besteforeldrefesten.  Det er alltid like kjekt!

Sjølv fekk eg ikkje vere med på sjølve festen sidan eg hadde timar i eiga klasse 10B.

onsdag 22. november 2017

Bok 46: Liebhaberne

 
Presentert av Børge Skråmestø
Liebhaberne er en rå og brå roman, men med en ettertenksom blåtone i bunn. Ragde bygger historien langsomt opp, men sparer ikke på kruttet. Når vi er i det mest uforberedte hjørnet, kleiser hun til. Og hvor er vi?
Begravelser og hundehår
Margido er glad for at Guds styrelse har sendt Torunn i hans retning og at hun jobber for ham.  Hun har gjort begravelsesbyrået i Trondheim til en familiebedrift. Torunn driver også gården Neshov. Eller driver og driver. Hun har verken griser der eller dyrker jorda. Neshov er hennes nye hjem. Hun pendler til Trondheim og jobben. Det eneste dyret på Neshov er Anna, huskyen til Torunn, som får lov til å sove i senga hennes om natta og som er oppkalt etter den fæle og avdøde kona til Tormod. Huset er fullt av hundehår. Til og med i boksen med makrell i tomat. Torunn kan sverge på at håret lå der før hun åpnet boksen.

Tåårmod
Tormod bor på sykehjem på Byneset i Trondheim. Han har aldri hatt det så godt som nå. Han vil ikke til Neshov. Det er et tilbakelagt kapittel. Han vil i det hele tatt ikke ut av sykehjemmet av redsel for at rommet ikke lenger er hans når han kommer tilbake. Han kaller sykehjemmet for «siste holdeplass», og det er helt greit for ham. Spesielt liker han den tyske pleieren Hannelore og måten hun sier navnet hans på, med den lange å-en og den rullende tyske r-en. 

Tåårmod ... Og alle vi som kjenner Tormods hjerteskjærende kjærlighetshistorie fra krigens dager, kjenner det nå bevre i underleppa ...
Tilstoppede arterier og italienske gulvfliser
Erlend og Krumme møter vi i supermarkedet Irma City i København. De handler lettprodukter med ungene Ellen, Leo og Nora på slep. Krumme har tilstoppede arterier og er på slankekur. Erlend vil drepe legen som har satt ham på den slankekuren, så derfor utleverer ikke Krumme navnet. Krumme har også arvet Villa Lærke, som ligger på en enorm tomt med tennisbane, like ved Dyrehaven. En gjeng polske arbeidere er i full sving med å pusse den opp etter Erlends anvisninger. Han har fått frie tøyler av Krumme. Det blir dødsstilig og kostbart! Kjøkkenet er fra Officine Gullo. Gulvflisene er brutt opp, kjøpt og shippet fra et eldgammelt italiensk kloster som skulle rives.

Båndene mellom oss
Jeg elsker å dykke ned i denne rikdommen av liv som leves, folder seg ut og veves inn i hverandre, både i København og Trondheim, og på Neshov. Detaljrikdommen er litterær konfetti! Men i tillegg til å være en god researcher, er Ragde en drivende god historieforteller. Liebhaberne er en fortelling om de viktigste båndene mellom oss. Og de er ikke skapt av ting, men av kjærlighet og medmenneskelighet. 

En av høstens mest etterlengtede bøker er en hyllest til livet og til den styrken man har i seg når man plutselig står ansikt til ansikt med det aller vanskeligste, og der du aller minst venter å finne det.
(Bokkilden.no)

Eg har kosa meg med denne romanen. Likevel må eg innrømme at eg ventar på noko meir, ei hovudhistorie.  Romanen spinn vidare på trådane frå dei førre romanane. Detaljrikdom, vert det sagt.  For meg vert det av og til "too much information", spesielt frå gravferdsbyrået og sjukeheimen.

Dei fleste les nok romanen for å få med seg korleis det går med personane.  Torunn treng kjærast, så det kjem nok fleire bøker ...

mandag 20. november 2017

Rotgrønsaker

Eit produkt eg har vorte glad i, er den nye rotmiksblandinga til Coop.  Spesielt har eg fått augene opp for fennikel.  Det har vore ei til no lite brukt grønsak i heimen.

Grønsakene har eg brukt til supper. Ein treng i tillegg berre god kraft, ein purreløk og pølser, kjøtbollar eller kjøt om ein vil.
Ei høne til ein hundrelapp gir mat i fleire dagar i ein liten familie.  Denne kjøpte eg i Kiwi i Ørsta, men eg ser at dei har like rimeleg på Coop her i bygda.

Det får vere dagens reklame.

søndag 19. november 2017

Hemmeleg strikk

Med stor fare for at dei som ikkje får noko strikk til jul, skal bli skuffa, vil eg berre fortelje blogglesarane at det nok ikkje vert lagt å mykje handabeid framover, kanskje med unnatak av eit par prosjekt eg har fullført til meg sjølv.

Vottane eg strikkar på, er så hemmelege at  ikkje eg sjølv eingong veit korleis dei skal sjå ut. Eg er med i Jorids julekalender.  Votten til venstre er strikka etter luke 1 medan den til høgre er strika etter luke 2.  I morgon kan eg opne ei ny luke.

Om nokon har lyst til å slå seg med, så kan de klikke dykk vidare her.

mandag 13. november 2017

Bok 45: Pasienten


En krimroman om de katastrofale følgene det kan få når mennesker ikke blir behandlet med respekt og verdighet. 

Pasienten: Han kalte seg Krøsus og var psykiatrisk pasient på Dikemark i over femti år. «De dreper pasienter her», er det siste han hvisker før han dør i 1993. En av de få som snakket med Krøsus, var lille Julia. 

Forsvinningen: I 2002 forsvinner den da atten år gamle Julia sporløst fra Enden, en liten bygd på Sunnmøre. 

Drapet: Etter mange år kaster et drap nytt lys over både Julias forsvinning og det som foregikk på et nervesanatorium på Julias hjemsted. 

Når Kajsa Coren får en privat forespørsel om å undersøke hva som kan ha skjedd med Julia, bringer det henne rett inn i drapsetterforskningen. Et ukjent Munch-maleri og psykiatrisk forskning spiller uventet sentrale roller.


Då forfattaren presenterte romanen på Frukost-TV, fekk eg lyst å lese han. Miljøet med dei psykiatriske institusjonane er interessant. Her har forfattaren drive god research. Det er også artig å høyre om lensmannskontoret i Ørsta og Volda. 

Sjølve mordgåta vil eg ikkje seie så mykjke om.  Blogglesarane får lese sjølve ...

mandag 6. november 2017

Bok 44: Farvel til Eddy Belleguele

I romanen «Farvel til Eddy Bellegueule» skriver Edouard Louis sitt eget liv. Boka ble en sensasjon da den kom ut i Frankrike og skapte enorm debatt. Forfatteren, som sier at vi må slutte å romantisere ulykke, var bare 21 år da han debuterte. Han har kjempet hardt og kommet langt. 

Egentlig er Eddy Bellegueules opprør mot foreldre, fattigdom og en sosial bakgrunn med vold og rasisme, det andre trinnet i denne unge guttens dramatiske liv. For før han klarer å gjøre opprør mot den verden han vokser opp i, er det denne verdenen som står opp mot Eddy. Svært tidlig opplever han både forakt og alvorlig mobbing fra sine egne. Valget er enkelt da muligheten til slutt byr seg. Flukt. 

Dette er 
en annerledes klassereise, men det kunne vært historien til så mange andre unge som føler at verdenen de lever i, er altfor trang.

Denne boka vil eg anbefale alle å lese.  det er ei sterk bok, ikkje minst fordi forfattaren skildrar sin eigen oppvekst og ungdomstid.  



onsdag 1. november 2017

Bok 43: Konge i snø

Faren vil at hun skal bli med på en reise til hjembyen hans i Sachsen. Det er få år etter Berlinmurens fall. Hun er forfatter, har mann og to små barn, og vegrer seg. Turen hun til slutt sier ja til, blir en reise inn i farens historie. Han ble døpt i Tyskland i tiden mellom de to verdenskrigene, vokste opp med vennen Heinrich som dro til Østfronten, og ble med foreldrene til Norge der han giftet seg. Det ble et ekteskap mellom to svært ulike mennesker som gjorde hverandre vondt.
Midt imellom dem sto romanens hovedperson, hun er et enebarn i en stillingskrig. Når alt er for vanskelig hjemme, sendes hun til slektninger, men hun vil bare hjem igjen for å passe på moren og faren. Hun forsvinner inn i stormforelskelser så tidlig hun kan. Så begynner hun å skrive.

Under reisen gjennom Tyskland åpner faren seg for henne på en måte hun ikke er forberedt på, og kanskje ikke klarer å besvare. Først mange år senere, når hun skriver om reisen, blir hun i stand til å finne seg selv igjen i faren.

Konge i snø er en dypt gripende roman om tilhørighet og sensualitet, forbud og lyst.


Eg ser at romanen ikkje får høgt terningkast i VG. Sjølv likte eg godt romanen. Det er mykje å reflektere over.

søndag 29. oktober 2017

Heimehelg

Denne helga har Olaug vore heime frå torsdag til i dag føremiddag. I går fekk vi samla gjengen. Berre Oslostudenten mangla. Det stod svinesteik på menyen med kirsebær kjøpt i Sverige til dessert saman med kake og krem.

No har vi stilt klokka tilbake.  Eg ønskjer meg som vanleg sommartid heile året.  No vert det lite dagslys på meg framover ...

lørdag 28. oktober 2017

Bølgjegenser til Birte


Det var Birte sjølv som skaffa oppskrift på denne populære genseren.Ho spurde pent om eg kunne strikke den, og det kunne eg sjølvsagt!

Det er ei som har kopiert ein Gannigenser.  Genseren gjekk raskt å strikke med dobbelt garn på pinnar nummer 10.  Det som tok tid, var å vente på garn i posten, og så var ermpinnane mine så ekle, at eg måtte på bytur ein føremiddag for å skaffe nye. Det måtte bli ein laurdag. Innimellom strikka eg til meg sjølv og Olaug.  Eg liker vanlegvis å ha berre eitt prosjekt om gongen, men det hender eg bryt det prinsippet.

Garnet er Drops air, og her finst oppskrifta.

søndag 22. oktober 2017

Bok 42: Avslørt


Cath ligger i senga og leser en krim, mens hun leser blir hun mer og mer forferdet. Boka handler om henne, om hennes liv. Om noe som skjedde for mange år siden. Dette er Caths skitne hemmelighet, en hendelse hun har forsøkt å begrave så dypt som overhodet mulig. Kanskje kunne hun fortalt mannen hun elsker og deler livet med om det da, men nå, nå må hun forklare hvorfor hun aldri har sagt noe. Denne boka setter hele tilværelsen hennes i spill. Og hun aner ikke hvem som har skrevet den, eller hvordan den er havnet på hennes nattbord. Hun trodde ikke det fantes vitner til det som har skjedd som fremdeles er i live.
Dette er opptakten til en thriller som elegant lokker oss i den ene retningen for deretter å snu spillet og sette alt vi trodde vi visste i et annet lys. En thriller om relasjonene i en familie, om hvor skjørt fundamentet for lykke kan være.


Eg er ikkje flink å sjekke kva sjanger bøker eg les er kategorisert under føre eg har lese dei ut. Det overraskar meg at dette er ein thriller, om aldri så psykologisk.  Eg synest ikkje romanen er særleg spennande. 

Ting er ikkje som det ser ut til.  Vi får avdekt lag på lag, heilt til vi får vite sanninga til slutt. Historia vert nøsta opp gjennom romanen som er skriven, ein forteljar i tredje person og ei eg-stemme lagt til faren til den drukna helten. Ja, om det er det han er.

Når ei lydbok har fleire forteljarstemmer, ønskjer eg meg fleire opplesarar!

mandag 16. oktober 2017

Bok 41: De som faller


«De som faller» er en intens spenningsroman av den prisbelønte forfatteren Noah Hawley, som også er skaperen av tv-serien «Fargo».
Etter en flystyrt svømmer kunstneren Scott Burroughs hele natten med en fire år gammel gutt på ryggen for å redde dem i land. Er han virkelig den helten han blir hyllet som? Hva skjedde egentlig med flighten som tok av fra Martha's Vinyard? En tåkete sensommerkveld drar to mektige familier med privatfly fra Martha's Vineyard på vei til New York. I siste øyeblikk får den lokale kunstneren Scott Burroughs sitte på med dem i flyet. Seksten minutter senere skjer det katastrofale; flyet styrter i havet. De to eneste overlevende er kunstneren Scott og en fire år gammel gutt, som nå er eneste arving til en enorm formue og et stort mediekonsern. Var flystyrten et uhell eller var det sabotasje? I jakten på sannheten blir vi kjent med alle som var på flyet. Midt opp i det hele utvikler kunstneren og den unge gutten en fin og vár relasjon. Vi treffer på spørsmål om mot og menneskets natur og de usynlige båndene som kan knytte oss mennesker nærme hverandre. Samtidig spinner historien ut av kontroll i mediene, fylt av spekulasjoner.


Eg kan slutte meg til det som er skrive over.  Romanen har ein annan type oppklaring enn vanleg.  Ting er ikkje slik ein trur.  Eg likte romanen, ikje minst for dei gode menneskeskildringane.

Bok 40: Attentatet


Nyetablerte kriminelle miljøer i Norge er villige til å gå lenger enn før i jakten på profitt. En russisk gangster må rømme fra Moskva etter et mislykket attentat mot en konkurrerende mafiafamilie. Han bosetter seg i Norge og jobber i det stille for å oppnå gudfarstatus i Oslos underverden. Et spektakulært anslag mot en pengetransport fra Gardermoen forvandler E6 til en brennende krigssone. Ranerne etterlater både drepte og sårede før de forsvinner. Sjur Holt og Avsnittet for spesielle operasjoner står uten spor og opplever et enormt press både utenfra og innenfra. Når landets justisminister blir skutt, strammes skruen om Holt og hans nærmeste seg enda litt til. Holt vikles inn i et spill som utfordrer både moral, etikk og lojalitet overfor egen arbeidsplass.

«Attentatet» er en hardkokt spenningsroman der Eirik Jensen beskriver utradisjonelle politimetoder i møte med et fremvoksende internasjonalt og svært brutalt miljø. Lydboka er dyktig innlest av Ivar Nergaard


kanskje litt for hardkokt for denne lesaren ...

søndag 15. oktober 2017

15. oktober

 Fredag plukka vi med oss Audun i Oslo og køyrde heim via Stryn.  Vegane vert flottare for kvar gong, og bompengepasseringane aukar i tal.

I går flytta vi ein del møblar ned til leilegheita hans, så får vi planlegge oppussing og nyinnkjøp.  Vi har så vi greier oss.

I dag ville dei to eldste besøke besteforeldra før middag..  Eg kokte fårikål til middag.  Desserten vart blautkake frå bestemora.
I år kjøpte vi berre ein suvenir, ei lokalprodusert fjøl i eik frå Eidsvoll med mottoet frå 1814.

Komande veke vert ei travel veke. Det vert mykje kultur.  Kulturveka her heiter Hareidsstemna. Mellom anna så skal tiandeklassingane ha framsyning saman med kulturskulen.  Der er mange flinke folk i sving! Eg satsar på å kome med innlegg på bloggen.

torsdag 12. oktober 2017

Oslo

Etter ein tur over grensa til Arvika, er vi no i hovudstaden. I går regna det, men i dag har vi hatt nydeleg haustver.  

tirsdag 10. oktober 2017

Eidsvoll


I dag har vi vore på historisk grunn. Omvisinga vart heller eksklusiv med berre oss to. Både historisk- og interiørintetesserte vil like seg der.

Nedanfor var der eit senter med ulike aktivitetar. Vi var der eit par timar, men kunne gjerne ha vorelenger.

Der var og ei skuleklasse. Dei deltok i den kulturelle skulesekken og fekk lære både matlaging og dans. 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...