lørdag 30. desember 2017

Romjulsal

Ein erfaren shoppar veit omtrent kva ting kjem til å koste i romjula. I går vandra eg litt rundt i næraste by.  På Nille kjøpte eg nokre dekketallerkar til rundt 50 kr - til saman.  Det kan no vere kjekt med litt farge på bordet. Elles må eg tilstå at serviettsamlinga ikkje har krympa denne jula heller. 

Kva elles kjøper ein? Eg oppdaga til dømes at deodoranten min var nesten tom, og då er det kjekt når gåvesetta er halv pris ...

2 kommentarer:

  1. Det kan vere litt surt at julegåvene er til halv pris tredje juledag, men slik er det.
    Eg høyrde om nokon som konsekvent gav pengar på julekvelden og handla mellom jul og nyttår. Litt stussleg det også...
    Egynskjer deg og dine eit godt nytt år !
    Helsing Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Einig! Eg handla mykje her i bygda til jul. Bøker kjem ikkje på sal før etter 8 månader heller. Eigentleg så er det vel helst til meg sjøv og huset eg kjøper etter jul ....

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...