fredag 9. mars 2012

Trondheimssuppe

Det vart att nokre restar av "grov" ris, som eg hadde kjøpt på Sunnmøre Folkebutikk, etter middagen ein dag.  Eg hadde funne ei flaske ripssaft i frysaren.  kanskje det var ein tur innom gamlebloggen min som gjorde at eg fekk så lyst på denne merkelege suppa?

I l vatn
1/2 dl ris grautris (eller anna/restar)
1/2 pk svisker

1 dl mjølk
2 ts kveitemjøl
3/4 dl ripssaft
1-2 ms sukker
2/3 dl fløyte eller rømme

1. Kok vatn og ris i 20-30 minutt.  Sviskene skal koke med 15 minutt av desse.
2. Lag jamning av mjøl og mjølk.
3. Ha i resten av ingrediensane unntatt rømmen, og la suppa koke nokre minutt til.
4. Ha i fløyte/rømme ved servering.

Eg ser at enkelte brukar rosiner i suppa.  På Mega hadde dei nokre store som sikkert hadde eigna seg.

Dette er nok ei suppe som høver for oss på 40+.  Eg lurer på om det ikkje hadde vore godt å kokt med litt heil anis eller kanel?

12 kommentarer:

  1. Veit ikkje om eg kjenner den suppa.
    Har den eit anna lokalt namn skal tru ?

    Eg hugsar suppe med saft ilag med enten havregryn, sagogryn eller byggryn.

    Flink du som varierar så fint kosten.
    Men det ligg vel til yrket ditt.

    God fredagskveld !

    SvarSlett
  2. Vi las akkurat eit utdrag frå Alberte og Jacob der søtsuppa vart avlyst. Slikt må forklarast for dagens ungdom ...

    SvarSlett
  3. Denne har eg aldri smakt..Ser spennandes ut!

    Ynskjer deg ei god helg :)

    SvarSlett
  4. Artig vri :-)
    Og restar bør ein bruke..

    God helg!

    SvarSlett
  5. Den er eit minne frå tidleg barndom. Hos farmor var det omtrent alltid suppe, gjerne saftsuppe eller melkesuppe. denne er noko midt i mellom.
    I raude supper var det gjerne raude sagogryn, men dei er ikkje i handelen lenger. Som amo seier, var der noko litt mettande i fleire av desse suppene.

    SvarSlett
    Svar
    1. Diskuterte det faktisk i pausa på jobb i dag :-)
      At før hadde ein enten suppe eller dessert til middag kvar dag. At det var ein måte å utnytte ressursane på. Hugsar mamma si sagogrynssuppe og sviskekompott! Vi har noko å lære av formødrene våre!

      Slett
  6. Av ein eller annan grunn er det mange som ikkje liker svisker. Sjølv er eg glad i all tørka frukt. Eg liker å dra fram dei gamle rettane på bloggen. Men kanskje nokre kan fornyast. No har vi større tilgang på frukt og krydder t.d.
    Ernæringsmessig så er det ikkje så dumt med ein mjølkepudding i ny og ne. Eg trur det tek av for søtsug.

    SvarSlett
  7. Forresten må eg arrestere deg litt. Suppa heiter Trondhjemssuppe- ikkje Trondheim. Suppa forandrar vel ikkje namn om byen gjer det? Eller?

    SvarSlett
  8. Sjekk gamlebloggen. Oppskrifta er tatt frå ei bok.

    SvarSlett
  9. Hmmm.. Som Trønder burde jeg vel rope høyt hurra, men dette er ett litt uggent barndomsminne for min del. Og Trondhjemssuppe er korrekt ja - og det passer vel egentlig fint siden de fleste ikketrøndere sier Trondhjem om byen også. Nidarossuppe har kanskje ikke samme swhuhngen heller ..

    SvarSlett
  10. Rosenborg var forslaget her sist eg laga suppa ... Eg meiner det er dialekt på namn også. Mitt er finast på Austlandet.
    Men oppskriftsnamnet skuldar eg på kokeboka. Eg reagerte ikkje på det sidan vi seier Trondheim.

    SvarSlett
  11. This is a great post.I am going to write on this topic based on your writing.
    Would you please come to my blog and give me some advice? We look forward to your feedback

    english stories gk quiz app english stories collection

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...