onsdag 14. mars 2012

Guava

 Då vi besøkte studenten i Oslo første gongen, budde han på Grønland.  Eg gløymer ikkje innvandrarbutikken der!  Grønsakdisken utanfor var full av spennande frukter og grønsaker.

Utvalet på Hareid (Sunnmøre Folkebutikk)er ikkje så stort enno.  Men eg fann ei frukt eg ikkje har smakt før. Eigaren sa den smakte litt som pære.  Kiloprisen var relativt høg, 60 kilo trur eg.  Ei frukt kosta i alle fall 17 kroner. Frøkna og eg delte den, og var samde om at pæresamanlikninga ikkje var så dum.



3 kommentarer:

  1. Ein burde vel vere flinkare å prøve nye ting i fruktdisken, dette var ei påminning! Eg har også vore i ein slik butikk på Grønland, Svein Kåre bur der. Heilt eventyrleg.

    SvarSlett
  2. Åh, ja det er herleg å sjå alt det gode dei har i butikkane sine på Grønland.
    Eg er mest kjend i Smalgangen, der mannen min hadde hybel nokre år.

    Håper butikken på Hareid blir godt besøkt så dei klarer seg.

    SvarSlett
  3. Det gjer eg og! No har frøkna og eg kosa oss med ananas frå Panama medan middagen kokar. Det er den søtaste og beste eg har smakt. Rimeleg var han og.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...