Viser innlegg med etiketten Hareidstrimpostar 2017. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hareidstrimpostar 2017. Vis alle innlegg
søndag 3. september 2017
Tretoppstur: Post 15 og 16
I dag har vi hatt strålande haustver. Vi gjekk opp på Garnestua til Ringstadhornet der det var ein Hareidstrimpost og tilbake til Garnestua og bort på Flåna der det og var ein trimpost. No har eg berre tre trimpostar att før eg får premiepoeng.

søndag 27. august 2017
Post 14: Skeidshornet
Post 13: Kjellstjønna
Valet fall på Kjellstjønna, ca. 35 minutt frå kraftverket i Ulsteindalen.
Post 12: Skafjellet
Som ein bonus på skuleturen tok eit par av oss ein liten avstikkar opp på Slafjellet der det er ein Hareidstrimpost.
onsdag 12. juli 2017
Post 11: Kiberget
Seint i går kveld landa vi på Vigra. Det tek litt tid å lande etter ein slik tur. Dagen har vorte brukt til klesvask, rydding etter turen og innkjøp. Etter middag for dei to i midten på overnattingstur i fjellet. Då fann bi ut at vi kunne ta ein fjellpost. Valet fall på Kiberget, fjellet med furutre på toppen. Ein får sett Ulsteinvik og Hareid frå andre vinklar.
søndag 18. juni 2017
Post 10: Storenakken
Vi bestemte oss for ein kort tur i dag og. Stien gjekk vidare frå Feittbrennaren.
I dag mangla vi berre eitt av borna. Audun er på stridskurs.
No har vi nettopp kome heim frå konsert på Sjøborg, Filler i lys. Odd Goksøyr har omsett Cohentekstar til norsk og fått med seg mange dyktige songarar og musikarar. Det var ei flott oppleving.
søndag 11. juni 2017
Post 9: Dimna
I dag dukka det opp ein skrytestatus på Facebook der eg for nokre år sidan la ut at eg var ferdig med all retting. Det var planen for i dag og. men først hadde eg lyst på litt frisk luft.
Vi tok ein bortovertur på Dimna. Vi forlet Hareid i fin sol. Regnet kom då vi var eit par hundre meter frå bilen.
Vi måtte forbi nokre gardar. Eg hadde sansen for stien over gjerdet, så slepp ein å øydelegge.
Takka vere Hareidstrimmen, har eg no vore ein ny stad i nabobyen.
Vi tok ein bortovertur på Dimna. Vi forlet Hareid i fin sol. Regnet kom då vi var eit par hundre meter frå bilen.
Vi måtte forbi nokre gardar. Eg hadde sansen for stien over gjerdet, så slepp ein å øydelegge.
Takka vere Hareidstrimmen, har eg no vore ein ny stad i nabobyen.
onsdag 7. juni 2017
Post 8
I går gjekk vi Øvsteråsa frå Ulset. Posten låg ved Bryggjene, ein litt stad med eit litt spesielt langskap.
mandag 5. juni 2017
2. Pinsedag og post 6 og 7
I dag gjekk vi opp på Melshornet til den årlege friluftsgudstenesta der Hjørungavågspeidarane og Hjørungavåg Brass deltek. I dag vart også eit tvillingpar døypte, Aksel og Josefine.
Ein bonus var ein Hareidstrimpost på toppen. Venninna mi er endå meir offensiv. Dei hadde to bilar og parkert den eine slik at dei kunne gå ned på Overå og ta ein post på vegen ned. Det vart til at vi gjekk saman med dei, og så køyrde dei oss til bilen. Vi har allereie planlagt neste post vi skal ta -i morgon.
onsdag 31. mai 2017
Post 5
I går var vi berre to som gjekk tysdagstur. K og eg nytta høvet til å ta ein Hareidstrimpost på Ramnefjellet. Stien var bratt, men tørr og fin.
søndag 28. mai 2017
Post 4
I dag var det meldt regn ut på dagen, men vi vakna til fin sol. Då bestemte vi oss for ein tur på Løkeberget. Turen tek ein liten time i mitt tempo. På toppen kom det nokre få, varme dropar.
torsdag 25. mai 2017
Post 3
I dag har det regna heile dagen, og skodda har lege langt ned i fjella. Vi fekk lyst til å lufte oss, og valet fall på Eika. Turen tek omlag ein time.
Det var berre duskregn, så turen vart ikkje så våt som vi trudde på førehand.
søndag 14. mai 2017
Post 2
Dagens tur gjekk til Hjørungneshornet. Det kom nokre dropar medan vi gjekk, men regnet venta til vi var vel heime. Her ser ein Hjørungavåg der eg var lærar på 90-talet.
Utsikt mot Vartdal.
Kusymre.
Skogfiol.
Utsikt mot Vartdal.
Kusymre.
Skogfiol.
onsdag 3. mai 2017
Jakta har begynt!
Då snakkar eg sjølvsagt om jakta på trimpostar. Årets første trimposttur gjekk til Håbakknotten i går.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




























