I dag dukka det opp ein skrytestatus på Facebook der eg for nokre år sidan la ut at eg var ferdig med all retting. Det var planen for i dag og. men først hadde eg lyst på litt frisk luft.
Vi tok ein bortovertur på Dimna. Vi forlet Hareid i fin sol. Regnet kom då vi var eit par hundre meter frå bilen.
Vi måtte forbi nokre gardar. Eg hadde sansen for stien over gjerdet, så slepp ein å øydelegge.
Takka vere Hareidstrimmen, har eg no vore ein ny stad i nabobyen.
Kvar har du vore i dag ? Eg burde kanskje kjenne det igjen på bilda, men nei...
SvarSlettKanskje Dimnaneset ?
Ja, det er nok meir presis!
SlettStigen -ikkje stien.......Ein sti kan heite stigen, men ei stige kan ikkje heite stien. Likar godt å rette på norsklærarar.....
SvarSletthttp://ordbok.uib.no/perl/ordbok.cgi?OPP=+Sti&ant_bokmaal=5&ant_nynorsk=5&nynorsk=+&ordbok=begge
Slett