onsdag 31. august 2011

Suppe med spanske smakar

 I dag har eg laga suppe til gjengen kjem att frå fotballtrening og fjelltur.
Her ser de ingrediensane.  Oppskrifta fann eg s. 40 i Smalhans.  I tillegg smakte eg til med litt buljong.  Eg fekk så lyst på egg og tenkte at hardkokt egg et ein i heile verda.  Suppa er nok så pass sterk at den milde smaken av egg forsvinn.   Men ein kan la egget ligge att til slutt om ein vil.

tirsdag 30. august 2011

Dampkokt saft

Eg kjøpte meg ny dampkokar til for eit par år sidan. Det er lenge sidan eg innsåg at dersom ein del ting skal bli gjort, må det gjerast lettvint.  Så eg har plukka bærinnsatsen full og strødd 1 kg sukker over.  Når ein gjer det slik, kan ein fylle safta rett på flaska.  Men, det er eit men her.  Den første safta vert søtast.  Så du må anten ha på meir sukker etter kvart, eller tappe litt på kvar flaske.  Ein må som regel tappe eit par gongar elles hamnar safta i nedste del i kokevatnet.

Når du dampar saft, er det viktig å først koke oppvatnet, og så halde fram på svak temperatur for å få blank saft.  Ta deg tid.  Kokar du på for høg varme, får du grumsete saft.

Så kom eg på ein idé.  Kvifor ikkje ha sukker rett i flaskene?  Det måtte prøvast.  Eg oppdaga rask at sukkeret ikkje smelta av seg sjølv.  Her må ein røre eller snu flaskene nokre gongar.  Det gjekk dessutan med like mykje sukker.

Konklusjon?
Eg kjem til å strø sukker rett i saftkokaren heretter.  Eg trur faktisk at ein får med seg det meste av sukkeret.

Ein annan lettvint metode er å koke saft utan sukker.  Det har eg gjort dersom eg berre har rips. Denne safta frys eg.  Eg kjøper solbærsirup, som er svært søtt, og blandar med sur ripssaft. Det gir heimelaga smak.

Heimelaga saft er vel mykje meir sjeldan vare rundt om i heimane enn brus?  For meg er dette ein smak frå barndomen.

mandag 29. august 2011

Smalhans

 I dag kom Smalhans i postkassa (Bestilt frå Samlaget.) med ei hyggeleg helsing frå Gunda.  De kan bla litt i boka her.

Bodskap
Dette er ei kokebok med bodskap.  Mat kan vere både sunn, god og rimeleg.  Ein lærer om lure innkjøp.  Mat skal lagast frå grunnen av.  Samtidig er det "lov" å kjøpe ein pakke suppelapskaus.

Målgruppe
Gunda vender seg til studentar og andre som ikkje vil bruke for mykje pengar på mat av ulike grunnar.  Eg vil seie at dei fleste vil ha glede av boka.

Innhald
Boka er svært ryddig og tiltalande. Det er bilde av retten på eine sida og oppskrift ved sida av.  Det gjer boka inspirerande.  Både dessertar og kaker har fått plass.  Viss du bakar kaka rask sjokoladekake s.139 til ein barne- eller ungdomsfødselsdag, treng du omtrent ikkje meir søtmat.  Elles fann eg mange gode suppeoppskrifter.

Oppskriftene
Gunda er flikt til å gje alternativ.  Blautkakebotnen finn du i to storleikar. Du kan velje mellom ulike oljar eller buljongterningar. I staden for (kan sløyfast) som eg etterlyste i ei anna bok, skriv ho (viss du har).  Då let du ikkje vere å lage retten fordi du manglar ein liten ingrediens du ikkje har i huset.  Før kvar oppskrift kjem ein liten ingress/kommentar, gjerne med ei meiningsytring.  Det gjer boka personleg.  Det ho skriv er klokt.
 Pærekaka, ein gamal kjenning.  Kakeoppskriftene er enkle og gode.  "Alle" greier å bake desse kakene.
 Men så var det dette med å ikkje berre sitje å lese kokebøker, men kome seg ut på kjøkenet.  Her i huset et vi kveldsmat.  Då ungane var små, og dei hadde lagt seg om kvelden, syntest eg kveldsmaten var det beste og mest avslappa måltidet. No kjem dei heim etter dagens aktivitetar og er svoltne.

Eg valde oppskrifta s. 32.  Som de kanskje skjøner, litt fordi den inneheld ein heil skvåsj.  Eg steikte ein pakke bacon til garnityr.  Suppa fall i smak her!
Eit økonomiråd frå meg til slutt. I staden for å kjøpe vekeblad og romanar som du les berre ein gong, invester i gode kokebøker og andre oppslagsbøker.  Denne sparer du inn att kvar gong du bruker henne;-)

søndag 28. august 2011

Kake med neter og skvåsj

Eg har rikeleg med skvåsj for tida.  I dag bestemte eg meg for å prøve ei ny oppskrift på kake med skvåsj i.  Alternativt kan ein bruke gulrøter.  Oppskrifta var til ei 22 cm form, men eg trur 24 vil passe betre.
50 g rosiner
1 dl kaffi eller vatn

2 store egg
200 g sukker

1 1/2 dl solsikkeolje
125 g grovhakka hasselneter eller valneter
5 dl (350 g) skvåsj eller gulrøter, rivne
1 ms rive sitronskal

300 g kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ts natron
1/2 ts salt
1 ts kanel

1. Legg rosinene i blaut.
2. Hakk og riv.  Mål opp alle ingrediensane.
3. Pisk eggedosis av egg og sukker.
4. Ha i olje, skvåsj, neter og sitronskal.
5. Sikt på det tørre.
6. Bland godt og ha i rosinene til slutt.

Steik kaka på 180 grader ca 1 time.
Kaka vart saftig og god.  Eg fortalde ikkje at det var skvåsj i den før dei hadde skrytt ...

Eg gjorde nokre endringar i høve oppskrifta.  For det første dobla eg oppskrifta og brukte ei 28 cm form.  Ein annan gong tek eg ei rektangulær form.  For det andre er ein pakke hasselneter 200 g.  Meir hadde eg ikkje.  Derimot putta eg ein heil pakke korintar i.  Kaffimengda dobla eg ikkje, for eg tenkte der var nok væske i, og det trur eg var rett.


I oppskrifta har dei melisglasur med sitronsaft i på kaka.  Det vert for søtt etter min smak.

Aspargessuppe

Eg har planar om å legge ut nokre enkle rettar, slik at dei utflytta kan lage "mors mat" sjølve.  I dag laga eg aspargessuppe til forrett. Hybelbuarar kan til dømes lage seg eit ostesmørbrød attåt, så vert det ein enkel middag.  Framgangsmåten kan brukast til blomkålsuppe og brokkolisuppe også.  Då koker ein grønsakene i lettsalta vatn.  Det vert omtrent like mykje arbeid og rot som å bruke pulver.  Prisen vert halvert, og smaken mykje betre.
 Nedanfor ser de ulike typar asparges i handelen.  Den til høgre kostar 5 kroner.  Det er nok til ca 1/2 l suppe.  Då halverer du oppskrifta under.  Det er stor skilnad i smak.  Ein får det ein betaler for, viss ein då ikkje kjem over nedprisa varer på ryddesal.
Aspargessuppe (ca 1 l)


3 ms smør
4 ms kveitemjøl

krafta frå boksen
1/2 l vatn
2 ts buljongpulver

asparges frå boksen
2 dl mjølk eller fløyte
litt kverna pepar?
1. Smelt smøret i ei panne og ha i mjølet.
2. Spe med krafta frå boksen, buljongen og vatnet.
3. Kok i minst 7 minutt
4. Hi i asparges og fløyte.  Varm suppa til kokepunktet.

lørdag 27. august 2011

Det begynner i butikken

 I dag stod eg opp og sette TV-en på P1.  Gunda var på nitimen og snakka om mat i tronge tider og kokeboka si Smalhans.  Eg reknar med at Smalhans ligg i postkassa mi over helga. Til då får eg ta for meg kokeboka eg kjøpte i går.  Eitt av poenga der var at folk bruker stadig meir tid på å lese kokebøker medan dei bruker mindre tid på kjøkenet.

Viss eg skal kritisere boka for noko, må det vere den ingrediensen ein ikkje har i hus - om de forstår kva eg meiner.  Og når det gjeld meg, er det ganske godt gjort, for eg har eit rikt matlager.  Raud paprika har eg til dømes alltid, men ikkje grøn.  Eg har purreløk, men ikkje vårløk.  I ei fiskeoppskrift med skvåsj skal det vere torsk.  Eg har frysaren full av sei.  Her kunne ein kome med alternativ, eller skrive torsk/sei/... .Ein parentes med (kan sløyfast) er greitt viss ingrediensen kan sløyfast.

På bildet over er litt av dagens handel.  Gunda sa i nitimen at ein bør handle frukt og grønt den dagen dei kjem til butikken, nemleg måndag.  Men eg hadde ikkje handla sidan onsdag.
Rydderettar
Denne veka står det grønsaksuppe og scones på menyen på skulekjøkenet.  Der kokar eg kraft av lammelår og kotelettbein frå i vår.  I dag kokte eg  kraft  her heime av kotelettbein frå førre søndag som hadde lagt i ein pose med 1-2 ts salt, og laga suppe med norske grønsaker.  Då fekk eg rydda ein del grønsaker ut av kjøleskåpet.

Torsdag laga eg pasta bolognese og putta opp i restar av "italienske" grønsaker.  Det er lurt å gjere det til ein vane å lage slike grønsakrettar av grønsakene før dei vert øydelagde.  Det treng ikkje vere meir innvikla enn at ein steiker dei med olje og krydder i omnen eller lagar ein wok.


fredag 26. august 2011

Mathjelp

 Erling Kagge og dottera var på Frukost-TV her om dagen og presenterte denne kokeboka.  Boka er retta mot småbarnsfamiliar, og eg meiner dei deler ho ut til førsteklassingar eller foreldra deira.  Eg synest det kan vere interessant å følgje med kva råd som blir gitt for tida.  Boka er nemleg laga i samarbeid med ein professor i ernæring, Rune Blomhoff.
 I boka finn ein først ein faktadel. Dette er kjent stoff for meg.  Men det er fint at alle småbarnsforeldre får det repetert.  Kvifor ikkje la borna lage bokstavrundstykke?  Mi erfaring er at born formar det dei er opptatt av.
 Bilda er flotte og inspirerande.  Det er meininga at borna kan vere med å lage maten, og då er det viktig med fine bilde.  Det er lov å leike seg.
Eit nytt ord for meg er plyndringstimen, men fenomenet er kjent.  Born kjem heim etter skulen og går i skåpa. Her er mange forslag til sunne alternativ.

Oppskriftene i boka ser greie ut.  Mat på P har fått grovt mjøl i seg.

Prisen på boka er berre 129 kroner. Eg trur dette blir ei bok for frøkna.

Skuletur til Skolma

 I fjor var eg på den flottaste skuleturen eg har opplevd i heile mi lærarkarriere.  Turmålet var det same i år sidan kvart steg har sitt fjell, og eg er på tiande i år og.

Yr melde fint ver. Så vakna eg til regn. Men det såg ut til å kunne klårne.  Eg tok på meg turkle og håpa det beste.  Heldigvis var vi samde om å ikkje avlyse.  Slike dagar ein avlyser skuleturar, veit dei fleste lærarar kor kjekt det er å undervise.
Vi fekk varmt og fint ver.  Dei få regndropane vi fekk midtvegs, gjorde oss ikkje våte.  Eg gjekk langt bak og måtte nok mase litt: "Det er betre å gå sakte enn å setje seg ned!" På toppen er alle glade for å ha nådd målet!

torsdag 25. august 2011

Bruktfunn og dagens spørsmål

 Nei, eg har ikkje vore på bruktbutikk.  Eg treng ikkje å gå lengre enn ned i matboda før eg finn brukte saker og ting. Det er der eg burde ha vore no, forresten.  No har vi installert to nye hyller til, så det skal bli muleg å kome i hamn med ryddinga.

Denne emaljerte panna har vore svigermora mi si. Slike panner er vel blitt moderne igjen?
Kva er dette, og kva vart denne mjølkespannliknande bøtta brukt til?  Kanskje det er så enkelt at ein kjøpte mjølk i ho? Den rommar meir enn ein liter.  Kanskje nokon av blogglesarane veit?

onsdag 24. august 2011

Bok 43: Little Bee

Denne boka vert lansert som bestseljar.  Det er ikkje alltid eit kvalitetsteikn.  Men eg meiner denne boka skil seg ut.

Historia er interessant i seg sjølv.  Eit journalistpar reiser til Nigeria for å jobbe med parforholdet - for å bruke ein klisjé. Dei er uforsiktige og hamnar midt i ein frykteleg episode der Little Bee er innblanda.  Ho kjem som flyktning til England og oppsøker paret.

Boka vert kalla poetisk, mykje på grunn av språket, men eg meiner og at her er det rom for tolking.  Medan andre bestseljarforfattarar tolkar for lesaren, og forklarer han det ein ekstra gong for at han ikkje skal misforstå, let denne forfattaren det vere opp til lesaren å gjere sine eigne tolkingar.

Livet, døden og kjærleiken
Fleire av personane i boka har ein "nær-døden-oppleving, eller dei mister ein som står dei nær.  Dette taklar dei på ulike måtar.  Barnehageguten vert Batman.  Far hans vil ikkje leve etter at han overlever.  Sarah greier ikkje å halde fram med det gamle livet og jobben. Den er kosteleg. skildra.

Menneskesyn
Korleis vi i vest møter asylsøkarar, står også sentralt.  Bryr vi oss om lagnadene deira?  England vil berre bli kvitt Little Bee.  Ho prøver å tilpasse seg ved å snakke dronninga sitt språk.

Boka har to synsvinklar.  I lydboka les ein opplesar Sarah si stemme og ein annan Little Bee si stemme.  Det fungerer godt.

tirsdag 23. august 2011

Ferskensylte

Førre veke var det fersken på tilbod (15 kr pr. kilo)på Prix.  Laurdag fekk eg lyst til å lage ferskensylte.  Eg tenkte at fersken er så søtt at ein ikkje treng så mykje sukker i sylta.  Så eg brukte 1/2 kg sukker og ein pakke syltepulver til 2 kg frukt.

Eg syntest at sylta vart litt smaklaus.  Heldigvis fall den i smak hos ho som har fersken- og aprikossylte som favorittsylte.

I dag la Gunda  ut ei oppskrift som eg skal prøve om eg finn på å sylte fersken eller nektarinar ein annan dag. Stjerneanis høyrest godt ut, og så kan det hende eg skal spandere meir sukker likevel.

Sidan eg ikkje var så godt nøgd med oppskrifta mi, hadde eg eigentleg ikkje tenkt å legge ho ut på bloggen.  Men ved nærare ettertanke så kom eg fram til at det kanskje kan vere greitt å vise at det er ved å eksperimentere ein kjem fram til gode oppskrifter.  Og kanskje med tips frå bloggvener.  Bente fortalde til dømes at ein kan blande stikkelsbær og aprikos til sylte.

Ein får prøve seg fram!


mandag 22. august 2011

Strikkekafé

Eg er ikkje med i nokon organisert fritidsaktivitet.  Det er fleire grunnar til det. For det første så verken kan, eg eller har interesse for, song og musikk.  Mine interesser som å lese og bake, er ikkje særleg sosiale.  Den viktigaste grunnen er nok at eg ikkje orkar å fylle meir inn på timeplanen.  Full jobb og hus og heim gjer at det ikkje er så mykje tid og krefter att.  Eg går fast på tysdagstur.  Det er sosialt og passeleg forpliktande.

Så vart eg invitert på strikkekafé.  I fjor hadde eg travle dagar måndag og tysdag, så det var lite aktuelt.  I år har eg færrast timar måndag.  Så ein gong i månaden skulle kunne bli kjekt.  Men så gløymde eg meg og sette ein stor brøddeig.  Likevel pakka eg med meg spøtet og tenkte eg kunne bli ein times tid.

Det var rett kjekt!  Det er sosialt, og viss ein lurer på noko, får ein hjelp.  Om det vart strikka med meg?  Fint lite.  Neste gong må eg ha med eit enkelt brot.  Mønsterstrikk og prating er litt vanskeleg å kombinere.  Elles fekk eg kika gjennom mange brosjyrar.  Det er også høve til å handle for dei som er der, og sikkert andre som stikk innom.

Eg legg også merke til at folk strikkar og heklar etter ulike metodar.  Eg skal lære klasse 10A å strikke i løpet av skuleåret, så eg er open for nye og enkle måtar å gjere ting på.

søndag 21. august 2011

Framsidevotten

Blogglesarane hugsar kanskje at eg kjøpte denne boka i sommar.  No har eg strikka framsidevotten i raudt og kvitt som i boka.  Strikka i Finull på pinnar nummer tre, passar votten ei lita dame.

Dei to vottebøkene mine ser like ut, men mønstra er ikkje lagt opp på same måte.  Eg kjem nok att med ei bokmelding seinare.

lørdag 20. august 2011

Nordvest Maraton

 Øystein har vore usikker på om han skulle springe maraton i år.  Først i dag tidleg tok han den endelege avgjerda.  Eg har ikkje lagt opp dagen min til å stå langs løypa - om nokon skulle tru det.  Men då eg fekk ei tekstmelding frå frøkna som sat på bussen:"Kjørte forbi pappa no", heiv eg meg på sykkelen ned til Holstadkrysset.  Eg rakk det med eit halvt minutts margin.
Maratonløparen var ikkje meir gåen enn at han ropte: "Kom deg ned på stadion!"  Eg sykla føre og stilte meg opp i målområdet for å få eit blinkskot.

Nordvest Maraton startar frå Runde og ein kjem altså i mål på Hareid Nye Stadion.  Det vert rekna for å vere ei svært tung løype.

fredag 19. august 2011

Stikkelsbær og C-vitamin

Hagebæra er ei god kjelde til C-vitamin. Druene er ofte rimelege når stikkelsbæra er modne. Men dei inneheld lite vitamin C.  Solbær inneheld tre gongar så mykje C-vitamin som appelsinar.  Sesongen for hagebæra er kort, så no er det berre å kome seg ut i hagen!

C-vitamininnhald:
Appelsin 51 mg
Drue  2 mg
Stikkelsbær 32 mg
Rips 27 mg
Solbær 159 mg

I fjor laga eg oransje saft av grøne stikkelsbær.  I år lurer eg på om eg skal prøve å røre stikkelsbær?

torsdag 18. august 2011

Rørt solbær

Årets solbæravling var ikkje stor, nærare bestemt 2,2 kg.  Vi skal sage ned ein del tre og greiner slik at buskane får meir sol neste år.  Sidan nokre her er svært glade i rørt solbær, rørte eg like godt alt etter same oppskrift som rørt rips, 7 1/2 dl sukker på 2 kg.  Eg synest Certo gir stivare sylte enn Jam, kan det stemme?

onsdag 17. august 2011

1950-talet

Denne godt ivaretekne komfyren står i eit moderne miljø på butikken Landhandelen i Ørsta. det er ein Grepakomfyr med to plater.

Mormor hadde ein slik komfyr i Ålfotehuset på Nordfjordeid i 1953. Det var tenesteleilegheiter til sjukehuset, og ho budde der til ho vart pensjonist i 1974.  Eg har vage minne om kjøkenet der komfyren stod.  Besta kan svare på om der ikkje hang ei blåmønstra kaffikvern til venstre for han?

Platene var treige på desse komfyrane.  I skuffa kunne ein halde maten sånn nokonlunde varm.  Steikomnen var ikkje termostatstyrt, så ein måtte sjølv passe på å slå opp eller ned temperaturen med brytar.

Neste gong eg er i Ørsta, skal eg ta meg ein tur inn og studere komfyren nærare.   Her skreiv eg litt om ein liknande komfyr.

Blogglesarar må gjerne sende meg bilde av komfyrar og fortelje om dei, viss dei då ikkje vil legge dei ut på sin eigen blogg.

tirsdag 16. august 2011

Bok 42: En dåre fri

Nokre bøker grip deg ved hjarterota.  Dei set deg inn i stemningar, gir deg ny innsikt og utfordrar haldningane dine.  Dette er ein slik roman.

Det handlar om psykisk sjukdom. Det handlar om å ha stemmer i hovudet, og om å vere fleire personar i ein kropp. Kor mykje som er sjølvbiografisk er ikkje viktig.  Vi forstår at dette er "sant".  Sjølv om Eli vert tvangsinnlagt og strevar, greier ho å skrive bøker.  Vi følgjer henne ut og inn av institusjonar der ho vert frivillig innlagt eller tvangsinnlagt.  Spesielt den eine terapeuten når inn til henne.

Les gjerne denne artikkelen.

Boka har fått mange prisar:

Tildelt Kritikerprisen 2010 for beste voksenbok.
Tildelt Sveriges Radios Romanpris 2011.
Nominert til Nordisk råds litteraturpris 2011 fra både Norge og Sverige!
Nominert til Brageprisen 2010.


Eg ser ikkje vekk frå at denne kjem høgt opp når eg skal kåre den beste boka eg har lese dette året!

mandag 15. august 2011

Frå årestove til peis

 Fram til 1700-talet var det vanleg med årestover. Ein hadde ein open eldplass midt i rommet, og ei luke i taket der ein kunne sleppe røyken ut.
Her ser de at ein kunne late att luka, eller ljoren som den vart kalla.
Seinare bygde ein peis og skorstein.  Gryta hang eller ein kunne sette ho bort på glørne. Her heng vogga i taket.
Ein kan omtrent tenkje seg kor tett folk budde.
Her har ein nok hatt betre råd, men vogga og senga er ikkje langt frå eldstaden.
Kva med brødbaking?  Slik eg forstår det, skjedde dette i eldhus med murte steikomnar.  Men slike omnar hadde ikkje alle. Nokre fann på å lage grytebrød, eller grytekake som dei kalla det.  Andre steikte brød mellom to takker.  Men mjølet var ikkje alltid godt til brød, så det vart mykje grauteting.

Bilda er frå Maihaugen.

Carrickfergus - Loudon Wainwright III (Boardwalk Empire S01E05)



Denne var liggande og skine på andre sine blogglister fordi eg laga eit utkast som opplæring her.  Eg var i tvil om eg skulle begynne å sjå denne serien.  Som kjent er eg ingen elskar av mafiafilmar.  Men eg såg at den hadde vunne fleire prisar, så eg sette på serieopptak.  Denne melodien er i femte episode.

søndag 14. august 2011

Så bra som det blir

I går la eg siste hand på hagen før skulestart.  Ein er aldri arbeidsledig når ein har hage.  For meg er dette arbeidet lystbetont.  Ei lydbok på øyret er ein ekstra bonus.
For nokre dagar sidan utvida eg dette bedet med cirka ein meter og planta nokre liljer og potteroser i det.  I går lokka eg Øystein til å utvide det med ein meter til, og ein til når han var i gang.  eg har lagt på god jord, og når regnet kjem, skal eg plante nokre stauder der.
Det er igrunnen lite som blomstrar no, men snart blomstrar nok dei siste staudane, og dei står ei stund.
Her er skvåsjåkeren.  Legg merke til kor stor og fin rabarbraen er.  Eg torer ikkje å bruke den.  Den skal innehalde store mengder oksalsyre no.  Men eg finn ingen stad det står kor mykje større konsentrasjonen av oksalsyre er i august enn i mai.  Det kunne eg ha tenkt meg å visst.  No trøystar eg meg med at kanskje rota veks tilsvarande.
Desse rosa astilbene hadde det grodd gras inni.  Så i går reinsa eg dei og sette dei i krukker med god jord.
Den halve hekken som eg kjøpte på coop byggmix, blomstrar ikkje enno.  Men det gjer dei vi kjøpte på Plantasjen.
Eg lurer på om det er lurt å gå på plantesal.  Desse astersane hadde nok sett annleis ut om eg hadde kjøpt dei i vår og planta dei i god jord?
Ærendet på Byggmix var å kjøpe bodhyller.  Siste prosjekt i ferien er å få betre orden i matboda.
Hortensiaen eg fekk av klasse 10 A har blomstra i heile sommar.  No skal eg finne ein fin plass i hagen der den kan overvintre.

Denne veka har vi først tre dagar planlegging, med ein studiedag i midten, før eg skal ta imot ei ny klasse 10A, dette året som klassestyrar.

lørdag 13. august 2011

Striskjorte og havrelefse?

Det haglar nok av råd frå mødrer og fedrar til dei som flyttar ut i desse dagar.  Eg har samla nokre av mine sidan eg veit at ein del ungdomar, nærare bestemt tidlegare elevar, les bloggen min.
I desse dagar er det mange ungdomar som skal ut i verda og greie seg sjølve.  Mange har nok eit urealistisk bilde av pengebruken sin.  For å sitere ein kar: " Eg har lært to ting etter at eg har flytta ut.  Ein, mat er dyrt, to, eg et mykje."

Budsjett
Det kan vere lurt å gøyme på handlelappane og sjå kvar pengane vert av.  Studenten meiner han kan ete for 50 kr om dagen.  Då eg reiste på ferie fekk dei to karane 100 kroner dagen til mat.  Det er sjølvsagt noko heilt anna å greie seg når frysarar og kjøleskap er fulle av mat.

Pizzaperioden
Eg trur mange unge, kanskje særleg unge menn, må gjennom ein periode med frosenpizza. Lettvintare kan dei ikkje få det.  Men det vert einsformig i lengda.

Pulvermat
Pakkar med pulver er lettvint, men verken billeg eller sunt.  Det finst unntak som til dømes brun saus.

Middag: Lær deg å lage mat
Ta fram kokeboka frå skulkjøkenet, eller finn oppskrifter på nett.  Gunda kjem med "Smalhans" ut i veka.  Den torer eg å anbefale usett.  Enkel mat frå grunnen av er sunt og rimeleg, og slett ikkje vanskeleg å lage.

5 om dagen
Mødrene er nok mest urolege for manglande mineralstoff og vitaminar. Skal ein orke å lese, kan ein ikkje lide av vitaminmangel. Gjer eit lite glas appelsinjus og ei gulrot til ein vane.  Kjøp elles gjerne frukt og grønsaker på tilbod.

Moderate mengder mjølk
Heime pelmar unge menn gjerne ein mjølkeliter når dei er tørste.  Unn deg 1/2 liter til drikke kvar dag.  Havregryn og mjølk er sunt og rimeleg.


Smør matpakke
Det er lett gjort å bruke heile matbudsjettet på lunsj i kantina.  Smør matpakke, gjerne kvelden før, og ta med drikke på termos.

Brødbakemaskin
Eg har lova dei som vil ha av borna, ei brødbakemaskin.  Han som har tatt imot, bruker den flittig.


Merkevarer
Butikkjedene har ulike billegmerke som X-tra, Eldorado og Landlord. Ein får bestemme seg for kva ein liker av billege produkt. Ein sparer gjerne eit par kroner på å hakke tomatane sjølv.

Tilbod
Finn du mat i på tilbod i butikken eller varer som er nedprisa fordi dei snart går ut på dato, får du meir for pengane.  Sesongvarer er billege i sesongen.  Akkurat no er gulrøtene 25 kroner kiloen. Om ikkje lenge er det sesong for norske gulrøter, og prisane fell kanskje til 10 kroner.

Et opp maten din
Kjøp ikkje meir enn du treng. Lag ikkje meir mat enn du har tenkt å ete.  Er ein åleine, steiker ein så mange karbonadar ein et. Er ein fleire, kan den som steiker "ta opp bestilling".  Middagsrestar kjøler du raskt ned og et neste dag eller til kveldsmat.


Ta det som ei utfordring å leve sunt og godt på budsjett!

Spar mens du har!
Heldigvis får dagens studentar løn og stipend utbetalt kvar månad med dobbel utbetaling i starten av kvart semester, ikkje to gongar i året som i vår studietid.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...