tirsdag 16. august 2011

Bok 42: En dåre fri

Nokre bøker grip deg ved hjarterota.  Dei set deg inn i stemningar, gir deg ny innsikt og utfordrar haldningane dine.  Dette er ein slik roman.

Det handlar om psykisk sjukdom. Det handlar om å ha stemmer i hovudet, og om å vere fleire personar i ein kropp. Kor mykje som er sjølvbiografisk er ikkje viktig.  Vi forstår at dette er "sant".  Sjølv om Eli vert tvangsinnlagt og strevar, greier ho å skrive bøker.  Vi følgjer henne ut og inn av institusjonar der ho vert frivillig innlagt eller tvangsinnlagt.  Spesielt den eine terapeuten når inn til henne.

Les gjerne denne artikkelen.

Boka har fått mange prisar:

Tildelt Kritikerprisen 2010 for beste voksenbok.
Tildelt Sveriges Radios Romanpris 2011.
Nominert til Nordisk råds litteraturpris 2011 fra både Norge og Sverige!
Nominert til Brageprisen 2010.


Eg ser ikkje vekk frå at denne kjem høgt opp når eg skal kåre den beste boka eg har lese dette året!

2 kommentarer:

  1. Las denne boka for ei stund sidan, etter å ha lese mange positive kritikkar på FB.Den er virkelig bra, og ein får innsikt i korleis det er å vere psykisk sjuk, med betre periodar innimellom. Lærerikt.

    SvarSlett
  2. Einig. Ein lærer ein annan logikk/ser frå anna perspektiv.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...