onsdag 30. september 2015

Alltid noko nytt å lære

 
No er eg attende frå eit lærerikt og motiverande todagarskurs i Molde.  Eg er valt til plasstillitsvald. Skal ein gjere ein god jobb, må ein ha innsikt og kunnskap.  Noko visste eg frå før.  Men no har eg lært nokre lover, og ikkje minst kvar eg finn dei.  Vi har og lært viktige omgrep. Og ikkje minst har vi lært at det er mykje meir å lære!
 
Vi budde på Alexandra.  Der har eg både sove og ete svært godt. 
 
No er det tilbake til kvardagen.  I morgon har eg full dag på skulekjøkenet.  Så gjeld det å pakke kofferten , for fredag reiser vi rett på haustferie etter jobb!

søndag 27. september 2015

Dei som laga til...

 
... for at vi andre skulle få kome og høyre foredrag, prate med Arne og Carlos og få signert bøker, hadde verkeleg gjort seg føre med å pynte gymsalen i Brandal. 
 
Julekuler? 
Dukka til høgre er nok etter boka.  Den kvite kjolen kjende eg att. 
Flotte hekla tepper. 

lørdag 26. september 2015

26. september

Med ujamne mellomrom vert eg heilt kleslaus.  Sist eg for til Ørsta var eg bukselaus.  I dag var eg jakkelaus. Neste veke skal eg på kurs, og så skal vi på haustferie.

Føremiddagen vaska eg "heile huset" og laga middag.  På Amfi i Ørsta er det ope til 18, noko som passar meg fint.  Siste timen før stengetid er der relativt fredeleg. Eg synest og det er greitt å handle andre stader enn kollegaene mine.  Så slepp vi å troppe opp i det same.

Valet fall på ei raud jakke som ikkje er særleg tjukk.  Den kan eg bruke både til blått og svart.  Ti på seks kom eg på at det kunne bli behov for ein paraply.  Hanskar låg så nær disken at eg kom på at det og kunne vere greitt å ha...

I barndomsheimen var det normaltilstand: Far min var ute og fiska og mor mi dreiv med skrivearbeid.  Fiskaren kom med fisk då vi så vidt hadde begynt å drikke kaffi.  Makrellfangsten enda opp i panna mi.  No står kokt makrell til nedkjøling.

fredag 25. september 2015

Arne og Carlos

Så kom dagen eg har gledd meg til! Arne og Carlos innfridde! Dei heldt eit interessant og artig foredrag. Ein fekk innsikt i mange av tankane og ideane bak bøkene. Sjølv har eg omtrent alle. Eg kan ikkje skryte på meg å ha strikka så mykje frå dei, men som eg sa til dei, bilda er så flotte at det er reine kunstbøkene.  

Vi fekk tatt bilde av kollegaer og kjendisar, men dei må vere private sidan eg ikkje har innhenta løyve om publisering.

Noko som gjorde spesielt inntrykk, var det Arne fortalde om bestemora. Når ho hadde slite koftene på ermane, tok ho av banda og brukte dei på neste.  Gamlekofta strikka ho nye brot på, slik at ermane vart 3/4 lange. Då kunne ho slitast ut som fjøsjakke.

Min påstand er at det er ikkje skulen som drep kreativiteten, som det vert hevda innimellom, men rikdomen.

mandag 21. september 2015

Forskingsdagane

I kveld har eg vore på eit interessant foredrag på Aasentunet "Mat og religion". Det eg lærte mest om var jødedomen sine reglar.  Det er interessant å kunne gå litt i djupna på emnet. Ein tenkjer gjerne at maten er urein, ikkje at ein vert urein av å ete mat slik det kan vere i ulike religionar. Foredragshaldaren kom og med døme på ulike grunnar til å faste - og mykje anna. Eg skal ikkje gi referat her ...

søndag 20. september 2015

Bok 43: Løvetemmeren


Endelig en ny bok om Erica Falck og Patrik Hedström, den niende i rekken av bestselgende kriminalromaner fra Fjällbacka av Camilla Läckberg. Det er januar og veldig kaldt i Fjällbacka. En halvnaken jente kommer løpende ut av skogen, rett ut på veien foran en bil. Sjåføren rekker ikke å stoppe. Da Patrik Hedström og hans kollegaer blir varslet om ulykken, er jenta allerede død. For fire måneder siden forsvant hun på vei hjem fra den lokale rideskolen, og siden er det ingen som har sett henne. Det viser seg at hun er blitt utsatt for en forbrytelse, og Patrik Hedström og hans kollegaer frykter at hun ikke er alene om denne skjebnen. Samtidig holder Erica Falck på å grave i en gammel sak. En familietragedie som førte til en manns død. Gang på gang besøker hun mannens kone, som ble dømt for drapet, men Erica får ingen svar. Hva er det kvinnen skjuler? Erica kjenner på seg at det er noe som ikke stemmer. Og det virker som om fortiden kaster sine mørke skygger over nåtiden. Eg er ingen stor fan av Camilla Läckberg sine krimromanar.  Det vert aldri meir enn heilt grei underhaldning. Den irriterande svigermora irriterer meg...  Denne romanen hadde eg kome til å slakta heilt om ikkje slutten hadde hatt ein viss snert.   Det som er kjekt, er at ein kjenner att stadene som er skildra.  Eg har vore i Fjellbacka to gonger.  Der er utruleg fint! Endå kjekkare er det sjølvsagt å sjå TV-filmane.




lørdag 19. september 2015

Vinnarlykke - og noko å gle seg til

I dag har eg hjelpt til på basar. Det var stor rift om årane, så eg kjøpte heller fleire lodd på bøkene.  Gevinstane vart derfor verken mange eller store.  Tidlegare på dag var eg på ein handlerunde der eg mellom anna sikra meg billettar til neste veke sitt kjendisbesøk.

I går var eg fryktelig stiv i skuldrane, kanskje etter å ha undervist i gærbakst og forming av glatte rundstykke ei veke? Eit lyspunkt i dag var at oppvask av omlag 100 kuvertar berre gjorde godt! Men strikketøyet skal få kvile nokre dagar...

fredag 18. september 2015

Bok 42: Det som ikke dreper oss

Lisbeth Salander er tilbake! Millenniumserien fortsetter. Tidsskriftet Millennium har fått nye eiere. Onde tunger påstår at tiden har gått fra Mikael Blomkvist, og han lurer på om han burde finne seg noe annet å gjøre. Lisbeth Salander er rastløs. Hun deltar i et hackerangrep, tilsynelatende uten noen spesiell grunn. Hun tar risikoer hun vanligvis er nøye med å unngå. Det ligner ikke henne. En sen nattetime får Mikael Blomkvist en telefon. Det er professor Frans Balder, en ledende autoritet innen AI-forskning. Balder påstår at han sitter på revolusjonerende opplysninger om amerikansk industrispionasje, som kan ryste verden. Han har dessuten hatt kontakt med en ung, kvinnelig superhacker, som har en viss likhet med en person Mikael Blomkvist kjenner godt. Mikael Blomkvist begynner å håpe at det skupet som han og Millennium sårt trenger, er innen rekkevidde. Lisbeth Salander har, som vanlig, sin egen agenda. David Lagercrantz' Millennium 4 er et selvstendig litterært verk inspirert av karakterer og hendelser fra Stieg Larssons univers.

David Lagerkrantz har teke på seg den vanskelege oppgåva å dikte vidare på millenniumserien.  Eg har ikkje lese meldingar av romanen før no.  Terningkastet kunne eg ha tippa før eg las han.  Sjølv las eg romanen på nokre få dagar.  Eg gjekk ut og styrte i hagen og plukka bær for å få fred med lydboka.  Han har i alle fall greidd å skrive ein svært spennande krim! Han skildrar spennande karakterar og problemstillingar.  No er det nokre år sidan eg las Millenniumtrilogien, så eg kan ikkje måle denne romanen opp mot serien på ein rettferdig måte.  Men for all del: Les sjølve!

tirsdag 15. september 2015

Sommarlett

I går nytta eg høvet til å få tatt bilde av meg i den nye sommarlettkufta mi.  Ho er strikka i Finull etter oppskrift frå Kofteboka.Eg gjer berre ein vri: Eg snur boka opp-ned, for eg liker best å ha rosene oppe til gode.  Det er og ein fordel at ermane kan strikkast som små lette prosjekt, ikkje som del av eit plagg. I Kofteboka meiner ein at det er best å begynne i halsen. Då kan ein prøve plagga etter kvart. No har eg strikka så mange jakker at eg synest det går greitt med ermlengde og anna.

mandag 14. september 2015

Snartur til Uglesætra

I dag gjekk turen til den siste Hareidstrimposten.  Vi har lenge snakka om å fare dit inspirert av andre bloggarar og facebookvener. Ein tek av i Hasundkrysset.
 
 Det må vere ekstra kjekt å ta med seg born dit.  Les gjerne meir her.
 Det er mykje artig å sjå. Der er og mange tre å klatre i.
Og ein kan sette seg ned. 
Så gjekk mobilen min tom for batteri.  Dei som bur i nærleiken, kan fare dit og sjå sjølve! 

søndag 13. september 2015

Søndagstur til Eika

I går planla vi ein snartur til Eika.  Eg tok atterhald om regn, men yr.no lova fint ver. Idet vi skulle ta laus, kom det ei byge.  På Eika var det varmt og fint ver utan nedbør.  Det kom litt regn på heimvegen.  Så vi var heldige med val av tidspunkt.
 
Skal ein få nokonlunde fine bilde med mobilkamera, må ein ha mykje framgrunn.  
Her viser ikkje fjella vi såg i bakgrunnen dessverre. 
 Dette skiltet gjer meg glad! Denne veka skal vi begynne på dialektar.  Av bokmålsord som har snike seg inn i dialekten her, kjem "foran" høgt på lista i tillegg til "bo", "kun" og "spise". Sjølv seier eg "framom" eller "framfor", trur eg, i alle fall ikkje "foran".
Og så var det den eigentlege grunnen til søndagsturen.  mannen skulle finne ein Hareidstrimpost.  Eg har funne den saman med turgruppa før.

lørdag 12. september 2015

Kan du love?

I dag sette eg nesten frukostkaffien i halsen. Kva slags vinkling er dette? Er ikkje andre  spørsmålet snudd på hovudet?

Ved nærare ettertanke, så kan det vel vere gjort bevisst for å "oute" politikarane? Eg håper det.

torsdag 10. september 2015

Nytt liv i vindaugskarmen

 Eg oppdaga plutseleg at porselensblomstavleggaren eg fekk av mor mi, gøymer ein blomsterranke.
 I "nyestova" er det ei nydeleg lukt av duftranke.  Han står med mange blomstrar.  Eg fekk planten i februar av svoger og svigerinne.
Denne fekk vi av dei i sommar.  Eg kjem ikkje på kva dei heiter.  Dette er ein fylt variant. Den enkle innbiller eg meg at mormor hadde ein gong på 70-talet.

mandag 7. september 2015

50 kroner i fråtrekk


Førre månad reiv eg kupongane frå kvarandre slik at dei ikkje kom på bloggen.  Det var kanskje eit lite hint? Desse varene avspeglar kanskje sommarhandlinga?

Eg avslutta handleturen med å rigge meg til på skulekjøkenet. Skuleturen torsdag gjer at vi kjem litt i utakt.  Eg må begynne med gjærbakst før eg kan rydde vekk vaffeljerna. Eg har laga halvårsplan, men no må eg lage ein detaljert med minusdagar slik at vi kjem i mål med dei viktigaste leksjonane.

I morgon skal eg først lære niandeklasingar gjærbakst.  Deretter skal vi sjå Romeo and Juliet frå 2013 i tiande.  Eg kallar det den ultimate kjærleikshistoria. Og så må eg seie eg er glad for at det kjem nye versjonar innimellom ...

Slik går dagane her.

søndag 6. september 2015

Bok 41: Svart daggry

 
Olivia Rönning har valgt å vende tilbake til politiet etter et sabbatsår og har fått jobb i ordenspolitiet i Skåne. Da det lille lokalsamfunnet rystes av mordet på et barn, blir Olivia raskt trukket inn i etterforskningen. Noen dager senere begås det et nytt drap, denne gangen rett utenfor Stockholm. Dødsfallet har klare paralleller til drapet i Skåne. Rikskrim kobles inn, og kriminalførstebetjent Mette Olsäter blir satt på saken. Sporene peker i retning av høyreekstreme miljøer. Samtidig får den tidligere politimannen Tom Stilton en utklippsbok om det uoppklarte mordet på en tidligere luksusprostituert. Stilton var i sin tid ansvarlig for etterforskningen, men ble presset ut og har siden ikke klart å glemme saken. Da det viser seg at et DNA-spor knytter sakene sammen, tar det hele en uventet vending. Mette Olsäter, Olivia Rönning og Tom Stilton må samarbeide for å bekjempe drapsmenn som ikke skyr noen midler i kampen for det de tror på.  
 
 
Denne krimromanen er skriven etter ein vanleg formel med hendingar i notid med røter i fortida. Eg har ikkje lese dei to første i serien, noko som hadde gjort det litt lettare i og med at ein ville kjent etterforskarane frå før.  No sit eg at med ei kjensle av at romanen manglar noko. Det er for polert på eit vis.  Ein greier ikkje å fenge denne lesaren i alle fall. Språket er rett fram.  Opplesaren irriterer meg innimellom med at ho til dømes les "insjinativ" og legg trykket feil på voldtatt. 
 
Eg saknar altså både godt språk og godt oppbygd spenning.  terningkast 3 frå meg.


lørdag 5. september 2015

Montering må til!

Eg liker å halde meg til eitt strikketøy om gongen.  No hadde eg plutseleg tre.  Då eg fekk tak i det gule garnet til kufta mi, hadde eg kome så langt på den andre at eg like godt strikka ho og ferdig til montering.

Det er ikkje det at det tek så lang tid å sy og klippe ei jakke framme.  Men eg liker å ha godt lys.  Då eg såg vermeldinga i går, tekte eg at eg kunne sy på maskin føremiddag og gå ut i tretida.  Men det regna og bles, så arbeidet eg hadde tenkt å gjere ute, vart utsett til det endeleg såg fint ut i sjutida. Noko fekk eg gjort, men ikkje så mykje som eg hadde tenkt.

No satsar eg på å gjere kufta ferdig til bruk på strikkekafé onsdag.  Om ikkje lenge kjem Arne og Carlos til Brandal.  Det satsar eg på å få med meg!

Den litt gøymde jakka er eit halvhemmeleg prosjekt som skal bli ferdig til jul.  Mottakaren fekk ta ut mønster og garn sjølv til ei kombinert jul- og gebursdagsgåve.

Om nokon lurer på kva anna eg har begynt på, så er det ein einsfarga genser med raglanmønster.  Prosjektet er mønster- og monteringsfritt!

torsdag 3. september 2015

På jobb

-Kva har du lært i dag?
Dette spørsmålet må elevane svare på før økta på kjøkenet. Denne veka svarer omtrent alle:
- Eg har lært å lage syltetøy!
- Var det vanskelegare eller lettare enn de hadde trudd?
- Lettare!

I byrjinga på året liker eg å vise elevane det dei skal lage. Eg viser heile prosessen i syltelaging. Eg viser dei og korleis ein lagar vaffelrøre i skål og med stavmiksar. Så greier mange seg heilt sjølv. Eg går sjølvsagt rundt og hjelper, men eg får det litt rolegare ...

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...