lørdag 26. september 2015

26. september

Med ujamne mellomrom vert eg heilt kleslaus.  Sist eg for til Ørsta var eg bukselaus.  I dag var eg jakkelaus. Neste veke skal eg på kurs, og så skal vi på haustferie.

Føremiddagen vaska eg "heile huset" og laga middag.  På Amfi i Ørsta er det ope til 18, noko som passar meg fint.  Siste timen før stengetid er der relativt fredeleg. Eg synest og det er greitt å handle andre stader enn kollegaene mine.  Så slepp vi å troppe opp i det same.

Valet fall på ei raud jakke som ikkje er særleg tjukk.  Den kan eg bruke både til blått og svart.  Ti på seks kom eg på at det kunne bli behov for ein paraply.  Hanskar låg så nær disken at eg kom på at det og kunne vere greitt å ha...

I barndomsheimen var det normaltilstand: Far min var ute og fiska og mor mi dreiv med skrivearbeid.  Fiskaren kom med fisk då vi så vidt hadde begynt å drikke kaffi.  Makrellfangsten enda opp i panna mi.  No står kokt makrell til nedkjøling.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...