torsdag 31. mai 2012

Den gode grunnen og den eigentlege grunnen

Den gode grunnen til at eg tok meg ein bytur i dag, var at eg skulle levere inn eit par bøker på biblioteket.  Der fann eg og ei bok som eg har hatt lyst til å lese frå ho kom ut!

Ein annan, minst like god grunn, var eit bilde eg såg på facebooksida mi frå Røyset sko. Det er mange fødselsdagar og feiringar i næraste framtid.  Eg treng eit nytt antrekk.  Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje er spesielt glad i å pynte meg.  Aller helst prøver eg å snike meg unna å gå i kjolar og skjørt.  Men sko ... I morgon får eg skaffe meg resten av antrekket.

onsdag 30. mai 2012

Demonstrasjon

På bildet kan demonstrasjonen sjå liten ut, men det stemmer ikkje.  Berre les her.

tirsdag 29. mai 2012

Gratulerer Amanda!

 I dag kan vi gratulere Amanda med 12-årsdagen!
Her trur eg at eg har funne det første bildet av dei tre jentene i morsslekta.

Vi håper du har ei fin feiring!

mandag 28. mai 2012

Bok 26: Isbaderen

Isbaderen er den åttande krimromanen med etterforskaren  Gunnarstranda. I denne romanen spelar ein ung kollega av han, Lena Stigersand ei viktig rolle i etterforskinga.

Saka dei arbeider med startar med at dei finn ein mann er drukna.  Ei narkoman kvinne vert påkøyrt og drepen av eit tog i ein tunnel.  Det viser seg at sakene heng saman, og at begge er mord.  PST vil legge lik på saka.

Privatlivet til Lena vert også viktig i krimgåta.  Meir vil eg ikkje røpe.  Romanen er spennande frå byrjing til slutt.  Eg må innrømme at eg måtte lytte til den siste CD-en ein gong ekstra, for eg var ikkje sikker på om eg hadde fått med meg alle poenga.

Språket i romanen er presis.  Her ryggar ikkje folk bakover.  Forfattaren nyttar ulike andre uttrykk for akkurat den handlinga.

Eg fann ei liste over alle romanane med Gunnarstranda og Frölich:
* Dødens investeringer utgitt første gang i 1993
* En liten gyllen ring utgitt første gang i 2000
* Mannen i vinduet utgitt første gang i 2001
* Lille Tambur utgitt første gang i 2003
* Den fjerde raneren utgitt første gang i 2005
* Svart engel utgitt første gang i 2007
* Kvinnen i plast utgitt første gang i 2010
* Isbaderen utgitt første gang i 2011



søndag 27. mai 2012

Vedunderleg vaniljekrem

Dei unge mennene og eg har funne eit TV-program som vi ser saman, i opptak sjølvsagt, nemleg 4-stjerners middag.  Dei kosar seg med kommentarane til skodespelaren og dei fortvila utropa til kokken.  Eg prøver i tillegg å plukke opp nokre matlagingstips.

I dag brukte Andrine Flemmen Piano vaniljekrem.  Sjølv synest eg at ferdigkjøpt vaniljekrem og vaniljesaus er heilt OK.  Men det gjorde ikkje kokken!  Det er sååå mykje betre å lage kremen sjølv.  Det er år og dag sidan eg har laga heimelaga vaniljekrem, må eg innrømme.  Eg fann ei oppskrift i Sverre Sætre si kakebok som eg brukte som utgangspunkt.  Eg brukte litt mindre sukker, og eg kunne tenkt meg den endå mindre søt.
2 vaniljestenger (2 ts (?) ekte vaniljesukker om du ikkje har stenger på lur)
(Skrap ut vaniljen, men legg alt i mjølka)
4 dl H-mjølk
1 1/2 dl kremfløyte
1 dl sukker

Kok dette litt i ei panne med tjukk botn. (Ikkje aluminium +metallreiskap)

I ein bolle (eg brukte glaslitermål) har du:
1 dl H-mjølk
4 ms maisenna

Pisk lett saman før du har i:
4 eggeplommer


Hell den kokande mjølka over i bollen med maisenna/mjølk/eggeplommer medan du rører.  Så har du alt tilbake i panna medan det kokar opp.  Kok i eit minutt under omrøring.  Ta ut vaniljestengene og ha kremen i ein bolle.

Eg prøver å produsere minst muleg oppvask når eg lagar mat(åra utan oppvaskmaskin sit vel i), så eg hadde kremen attende i litermålet. Det er lurt å legge plastfolie ned på kremen for å unngå snerk.


I dag serverte eg vaniljekremen til rabarbragraut.  Karane ville ha vanleg krem også.  På spørsmål om vaniljekremen var betre enn Piano, fekk eg til svar: "Mykje betre!"


Rabarbragraut

I dag gjorde eg eit nytt forsøk på å lage rabarbragraut.  Rabarbraen min er svært stor og flott i år, så det gjekk med berre 1 1/2 stilk! Eg tok av det ytterste skalet.  Gjer ein det, vert grauten grøn. Er stilkane små, kan ein bruke dei utan å skrelle dei. I dag vart eg godt nøgd med resultatet.

 Dei som eig ei raudruta kokebok, kan berre ta fram retteblyanten ...

700 g reinsa rabarbra
4 dl vatn

2 dl sukker

2 1/2 ms potetmjøl
litt kaldt vatn

1. Skyl, reins og del rabarbraen i bitar.
2. Kok rabarbraen møyr i vatnet.

Eg ventar som regel med å ha i sukkeret, for etter at du har det i, kokar mat lett over.  Pass på!

3. Ha i sukker.
4. Rør potetmjølet ut i litt kaldt vatn og rør jamninga på i ein tynn stråle.
5. Gi grauten eit raskt oppkok.
6. Hell rabarbragrauten i ei glasskål.  Dryss på 1 ts sukker.

Server med mjølk, fløyte, vaniljesaus, krem og/eller vaniljekrem.

lørdag 26. mai 2012

Årets blomstertur

Ei venninne av meg og eg har i fleire år brukt ein laurdag til å køyre til Nerlandsøya for å handle på Kvalsund gartneri.  Vi er samde om at det er reine vitamininnsprøytinga.  Ingen av mennene våre føler trong til å blande seg inn i potteplantinga.

Eg prøver å velje litt ulike fargar kvar gong.  I år styrte eg unna kvitt, knallraudt og gult.  Fargane eg stod att med då var blått, lilla, ulike rosafargar og oransje.  Hengeplantar kjøpte eg til konfirmasjonen.  Men då eg såg ein plante med rosa blomster og umodne jordbær, fekk den vere med heim.

No har plantane kome i krukker og skvåsjplantane kome i åkeren.  No får ein ønskje seg ein travel vatnejobb!

fredag 25. mai 2012

Folkefest II

Eg har lova blogglesarane nokre fleire bilde frå i går!
 Eg gjekk nedover i 17-tida.  Korpsa spelte då frå scena der det tidlegare låg ein andedam.
 Så marsjerte dei ned mot kaia for å ta imot kronprinsparet med korpsmusikk.  Frøkna er gøymd bak ein annan musikant, om nokon skulle leite.
 Kongeskipet Norge la seg til utanfor moloen.
 Ein sjalupp frakta dei inn til kaia.
 Her kjem dei!

Eg fekk ikkje noko godt bilde av blomsteroverrekkinga. 
 Mette Marit helste på mange av borna på sin veg, mellom anna på ei nabojente.
 Dei gjekk opp til parken.  Der heldt kronprinsen tale før Hareid fekk sleppe til med sine innslag.
 Då dei nærma seg andre gong, let eg fotoapparatet for å sjå dei betre.  Ein kollega fekk handhelse på kronprinsen.  Det såg ut som han valde å helse på flest menn?
Limousinar tok dei med til Brandal. Det var interessant å følgje med alle som stod for sikkerheita.  Alle dei uniformerte politifolka var truleg berre ein del av det heile.

Eg synest det er flott med eit kongeleg besøk.  Mange hadde møtt opp.  Her var både kjende og ukjende fjes, så mange hadde nok kome frå andre bygder rundt her.  At det var varmt og vindstilt, sette ein ekstra spiss på det heile.  Dette var stas!

torsdag 24. mai 2012

Folkefest

Så langt eg har fått med meg, har arrangementet i dag vore særs vellykka!  Kronprinsparet gjorde eit godt inntrykk.  Dei var rolege og tok seg god tid til å helse på folk.  Eg får kome attende med fleire bilde i morgon.

For ordens skuld: Bildet har eg knipsa sjølv.

Royal dag

I dag er ein travel og spesiell dag på Hareid.  Vi ventar kongeleg besøk. Kronprinsen og kronprinsessa kjem med kongeskipet. Frøkna skal spele med korpset. Alle barneskuleelevane skal synge i kor.  Sjølv er eg invitert i kaffislabberas etterpå.  No er bygda rydda og pynta med flagg. Andedammen er tetta att og erstatta med ei scene.
Så i dag vert det berre eit lite mattips.  Søndag heilsteikte eg kalkunfilet, først i gryta og så sette eg gryta i omnen.  I staden for å pakke filetane inn i folie, la eg loket på gryta.  Det fungerte fint.  Eg tok gryta ut då kalkunen var 3-4 grader under ønska temperatur.

onsdag 23. mai 2012

Seier bilda sanninga?


Ein av fordelane med å blogge er at ein dokumenterer det ein styrer med.  I haust var eg på Kaffi-Kari på lanseringa av Smalhans.  Før det stakk eg innom Mestergrønn og kjøpte 100 tulipanløkar.
 Eg meiner at eg sette den rosa-raude blandinga i dette bedet ...
 ... og den raud-gule i dette.

Eg er ikkje heilt sikker på om bilda ikkje lyg litt her?  Det gjer ikkje så mykje, for tulipanane er fine dei.

Utgangspunktet for dette blogginnlegget, var at mor mi meiner at dersom ein plantar raude og gule tulipanar saman, endar dei opp spraglete.  Time will tell!

tirsdag 22. mai 2012

Bok 25: Borte

Dette er den femte boka eg har lese i serien med politimannen Jack Caffery og politidykkaren Flea Marley.

Det startar med at ein biltjuv stel ein bil med eit barn i baksetet.  Vanlegvis får biltjuvar panikk om dette skjer og set frå seg bilen.  Det viser seg snart at denne mannen vel bilar med barn.

Eg må innrømme at sjølve krimhistoria i denne romanen kanskje ikkje er så god som dei førre.  Men boka er spennande frå perm til perm. Slutten er ikkje overraskande, men kanskje uvanleg?

Dette er ei bok for alle som liker litt tøff krim.  Fordi forfattaren heile tida kjem med hint om fortida til politietterforskarane, og at enkelte hendingar byggjer på tidlegare hendingar, vil eg anbefale å lese dei i kronologisk rekkjefølgje.

1. Fuglemannen.
2. Kuren.
3. Ritualer.
4.  Hud.
5. Borte.

mandag 21. mai 2012

Sjokoladedraum

Oppskrifta på denne kaka fann eg i eit KK ein gong rundt 1990, trur eg.  Sjølv har eg laga ho berre ein gong, men ei venninne av meg har laga denne herlege kaka til kvar konfirmasjon.  I år skulle ho vekk, men kom med botn og sjokoladekrem, så ordna eg resten.  Pyntinga er enkel.  Ein treng ikkje ha krem på sidene slik eg tok meg fridomen til å gjere.
Botn 24 cm
4 egg
2 1/2 dl sukker

60 g malne mandlar
2 ms vatn
1 dl potetmjøl
1/2 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver

Pisk eggedosis av egg og sukker.  Ha i vatn og mandlar før du siktar på det tørre.
Steik ved 180 grader i ca.45 minutt. Avkjøl på rist.

Sjokoladekrem
1 egg
1 dl sukker
100 g smør
1 plate kokesjokolade
1/2 dl sterk kaffi

Visp egg og sukker til tjukk eggedosis.  Smelt smør og sjokolade og rør inn kaffien.  Bland sjokoladen og eggedosisen og set i kjøleskåp i 20 minutt.  (Min stod over natta.  Dett gjekk heilt fint.)

Fyll
4 dl kremfløyte
1 ts ekte vaniljesukker

Pisk kremfløyten stiv med vaniljesukkeret.

Legg kaka på eit fat.  Ha på krem, sjokoladekrem og gjerne mandelflak.

søndag 20. mai 2012

Rundt vatnet


I dag har alle i familien vore på ulike turar, berre brørne har gått i lag.  Eg gjekk rundt vatnet.  Det er mykje fin natur å sjå, men også mindre hyggelege syn møter ein.  Viss de ser nøye på bilde over, ligg der mange måsar og hekkar.
 Hageavfallsplassen er stengd på grunn av boss.
 Nokre av dei som har møtt stengde portar, har slengt frå seg sekker med gras.
 I staden for å gå på vegen, kan ein no gå på ein fin stig som Rotary har laga.
 For dei som treng pausar, er der sett opp benkar.
 Ein benk står heilt nede ved elva.
 Viss ein tek til høgre etter brua kan ein gå vidare framover.  Kor tid der er stig heilt fram til Kaldholen, veit eg ikkje, men eg håper det er snart.
Eit anna lite hyggeleg syn er lupinar langs vegen.  Dei har spreidd seg oppover marka.  Det er trist at dei får dominere over ville vekstar.  Eg håper mange fer fram og plukkar seg bukettar når den tid kjem.  Då kan ein kanskje avgrense skadane.

lørdag 19. mai 2012

Og kva gjer ein når desserten ikkje vert vellykka?

 I går venta vi studenten heim til sommaren.  På menyen stod det nakkekotelettar og rabarbra -pai og -graut.
Eg starta med paien - og fekk mykje rabarbra til overs.  Då tenkte eg at eg like godt kunne lage rabarbragraut.  Eg hadde akkurat 700 g rabarbra, nok til oppskrifta i den nye raudruta kokeboka. Det skulle vere 1 dl sukker i grauten.  Her burde det ha ringt ei lita bjølle.  Men eg kosa meg med krim på øyret og følgde oppskrifta slavisk.
 Rabarbragrauten vart sjølvsagt altfor sur!  Vi åt litt attåt rabarbrapaien, men det meste stod att.
I dag tok eg det som var att av sviskene til middagen og kokte opp med 1 1/2 dl sukker. Eg hadde i litt potetmjølsjamning før eg blanda sviskegrauten i rabarbragrauten.  Servert med krem og vaniljekrem, likna dette på grunnlovsdessert.

Med jobb på eit skulekjøken lærer ein seg nokre tjuvtriks på korleis ein skal "redde" mat. Harde gjærdeigar får seg gjerne ein tur i ei maskin med litt væske eller egg.  For salt eller svidd mat er det verre med. 


Oppskrifter som vi bruker på skulekjøkenet er velutprøvde.  Følgjer ein oppskrifta, skal maten bli passeleg salt og søt. (Eg har retta eit par i boka: Ein fiskerett manglar salt og sitronfromasjen har fått litt ekstra sukker.) Derfor irriterer eg meg litt over at dei som gir ut kokebøker, ikkje har prøvd ut og kvalitetssikra oppskriftene.  Den raudruta kokeboka er dessutan gitt ut i mange opplag.  Blogglesarane er no åtvara!


Om nokon av blogglesarane trur at eg liker svært søt mat, så stemmer det ikkje! Når eg synest at mat er for lite søt, så har eg nok med meg dei fleste!

fredag 18. mai 2012

Rabarbrapai

I fjor fekk eg denne kjøkenhandduken av svigerinna mi.  Eg har gledd meg til å prøve oppskrifta!
Eg har ei paiform, men bruker like gjerne ei eldfast form.
 I forma hadde eg 500 g rabarbra i bitar og 1 dl sukker blanda med 1/2 ms potetmjøl.
 175 g smør skulle smeltast og blandast med 3 dl mjøl, 1 dl sukker og 1 ts bakepulver. Eg trur nok at smøret like godt kunne ha vore brukt utan å smelte det.
Som de ser på handduken, så står der ikkje noko om pailoket.  Eg berre smuldra det over.

Paien vart god på smak.  Ein annan gong doblar eg fyllet!

torsdag 17. mai 2012

... og korleis fylle Kvæfjordkaka?

 Då eg spurde gjengen kva eg skulle kjøpe inn til 17.mai, var svaret enkelt: Pølser med brød. Og så kunne eg godt kjøpe ost- og baconpølser.  Etter toget stakk vi, tradisjonen tru, innom bedehuset for å kjøpe oss kaffi og kaker.
På ein annan blogg vart det diskutert korleis ein skal fylle ei Kvæfjordkake.  Eg slo opp i Sverre Sætre si kakebok. Han skriv at den nedste botnen skal vere opp ned.  Så då fylte eg den etter hans framgangsmåte.

17. mai 2012

 Det er mykje snakk om å dokumentere samtida no om dagen.  Vi som bloggar, gjer i alle fall ein innsats der!
 Dette var utsikta rett før eg forlet heimen.
 Bilde frå fast plass øvst i Drammensvegen.
 Korpset.
Dette var det siste bildet eg fekk tatt før batteriet på lommekameraet var utlada.
Her er og ein fast fotoplass 17. mai, framfor den raude rododendronen.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...