lørdag 5. mai 2012

For mange femtiøringar?

I dag har eg rydda og vaska kjøken. (Det er viktig å få sagt det ...) Då dukka det opp ein haug med femtiøringar.  Kvar skal ein gjere av dei? Svaret fekk eg i butikken: Gi dei til Kreftforeininga! No håper eg det dukkar opp plomberte bøsser, plastboksar verkar noko amatørmessig, der ein kan kvitte seg med dei, samtidig som dei kan ha verdi for ei god sak!

7 kommentarer:

  1. Lur idè, det skal eg jammen ta å gjere.
    Høyrde det var køar for å levere inn myntane...

    Du er snart klar for den store dagen no forstår eg :)
    God laurdagskveld !

    SvarSlett
  2. Neste laurdag! No står berre slikt som må gjerast i siste liten att, ja pluss litt sølv- og koparpuss ...

    SvarSlett
  3. Eg såg forresten at folk hadde lagt større myntar i også!

    SvarSlett
  4. Plomberte bøsser er for dei offisielle innsamlingane - vi hine lagar uoffisielle bøsser, eg trur det er best at vi held fram med eit skilje der! Då er spurde om eg skulle ta dei med, sa dei tilsette både på Coop og Kiwi her hjå oss, at dei ville ha dei vidare. Det er ikkje så mange 50-øringar frå kvar av oss som skal til få å lage nokre millionar til Kreftforeninga - der gjer dei godt for dei fleste av oss.
    Ynskjer deg gode dagar og finever!

    SvarSlett
  5. Eg reagerte på ein gjennomsiktig boks, slik ein har salatar i. Ved sida av låg ein kopi med informasjon.

    Kvifor ikkje sette fram ei "offisiell" bøsse - så kunne folk legge på både 50-øringar og andre myntar?

    Uansett skal dei få min haug, så får ein gi større beløp ved andre høve!

    SvarSlett
  6. Spørs om det var ein spontan aksjon?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...