mandag 3. oktober 2016

Primulapleddet

I går la eg ut heklateppet mitt på instagram og facebook.  Men det finst kanskje blogglesarar som ikkje har sett det?  Uansett så synest eg det er greitt å legge ut mest informasjon på blogg.  Her tvingar eg meg ikkje på nokon.

Då vi hadde familiesamling her i juli, fekk eg bror min til å hjelpe meg med eit reknestykke.  Eg ville vite kor mange ulike fargar ein må ha for at cirka 500 blomster i tre ulike fargar skulle kunne bli ulike.  Eg fekk eit reknestykke der det berre var å sette inn tal for X.  Eg fann ut at 18-19 var nok.  Då hadde eg 25 restefargar i Finull.  Seinare har eg tigga nokre smånøste og kjøpt meg 4-5 fargar til.  Eg har ikkje funne to like blomster, noko som lett kunne ha skjedd, for eg har av og til berre laga plater med omtrent 15 blomster.  Det er lurt om ein oppdagar at ein må ha fleire fargar.

Oppskrifta fann eg i Arne og Carlos si bok "Håndarbeid i hagen". Der er ei god forklaring, men ein kan og finne oppskrift og video her.  Eg fann ein video på YouTube der Arne strikka på tid, nærare bestemt seks minutt.  Eg tok tida tidleg i prosjektet.  Då brukte eg tolv minutt.  Mot slutten brukte eg ni. Eg går ikkje inn for å strikke eller hekle fort.  Ting tek den tida det tek.  Men det kan vere litt artig å registrere.  På facebook synest nokre åtte-ni veker var kort tid...

Eg fekk og spørsmål om storleiken.  Då målte eg det til 150 x 210.  Eg brukte elles heklenål 3, ikkje 3,5 som i oppskrifta.

Teppet var utruleg kjekt å hekle, ikkje minst fordi ein fekk sette saman fargar etter kvart, utan noko oppskrift.  Blomstrane vert hekla saman etter kvart.  Monteringsarbeidet er altså minimalt.  Eit godt tips er å feste trådar etter kvart, omtrent halvparten kan ein hekle inn i arbeidet.

7 kommentarer:

  1. Takk for bildet her, jeg lese bare blogg :-))) kjære Solveig.
    Fantastisk teppe har du heklet... en riktig fin blomst drømmen ...
    herlig fargene. Takk for Link også. Ønsker deg
    god uke fortsatt. Hilsen sender Viola

    SvarSlett
  2. Smukt smukt hæklet tæppe. Fuld af beundring :-).
    Hvad hedder du på Instagram?
    God aften.
    Hilsen Anne-Mette

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      På instagram: solveigtrov

      Slett
  3. Stilig teppe og hyggelig blogg! Hilsen klipra

    SvarSlett
  4. Fantastisk teppe.
    Det er eit kunstverk!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...