fredag 30. november 2012

Hjartebrød

 For ikkje så lenge sidan datt det ei ny brødbakebok ned i handlekorga mi (på ark.no - kokebøker til halv pris).  Vanlegvis bakar eg brød utan oppskrift.  Eg hat mål på væske, salt og gjær, og så puttar eg ulike mjølsortar i.  Innimellom kan det vere greitt å bake etter oppskrift.  Då vert det meir variasjon.
Oppskriftene i denne boka ligg på nett på brodogkorn.no.  Hjartebrødet  finn de oppskrift på her.  Alle brøda er merka med brødskala'n. Om ein liker dei på facebook, får ein gode baketips.
Deigen til brødet var god å jobbe med, sikkert mykje takka vere smøret som ein har i til slutt - utan å smelte.  Elles vil eg seie at brødet vart rikeleg stort.  Det kan godt hende at eg bakar det fleire gonger.  Det er fint med slike dekorative brød til brødmåltida i jula til dømes.

P.S.
Om noko lurer på kvifor eg skriv hjarte og ikkje hjerte som eg har gjort tidlegare, så skuldast det den nye nynorsknormalen.

torsdag 29. november 2012

Denne reklamen reagerer eg på!

Kven treng dette?  Målgruppa til Hello Kitty er vel unge jenter.  Eg håper ingen får personvekt i julegåve!  Dette er ein få-attpå-pakke som rett og slett provoserer meg!

onsdag 28. november 2012

Julebrød i brødbakemaskin

I dag fekk eg spørsmål om eg har oppskrift på julebrød, eller det som heiter julekake andre stader i landet, for brødbakemaskin. Eg fann ikkje oppskrifta i farta, men fann ut at det var eit godt høve til å bake brødet etter hovudet.  Dette er populær mat i jula!

Då brødet var nesten ferdig, gjekk lyset opp.  Eg kom på kvar eg hadde teke vare på oppskrifta.  Det einaste eg hadde gjort annleis, var at eg hadde brukt berre mjølk, ikkje vatn og mjølk.  Eg er og rausare med rosinene. Smøret mitt stod på benken og var mjukt.  Ein kan sjølvsagt smelte det, men det er ikkje nødvendig. Oppskrifta under er frå heftet med mine tips i kursiv.
2 dl mjølk
1 1/2 dl vatn (3 1/2 dl mjølk)
1 egg
6 ms smør (100g/1 dl)
6 ms sukker (1 dl)
10 dl kveitemjøl
1/2 ts salt
1 1/2 ts tørrgjær
(1 ts kardemomme)

2dl rosiner (1 pk)
(sukat)

Ha alle ingrediensane unntatt rosinene i bakebollen. Set maskina på søtt brød (program 5 på mi maskin).  Ha i rosinene når det pip.

Du kan også bruke oppskrifta på aniskrinler og lage anisbrød.  Det er berre fantasien som set grenser.  Det er lurt å halde seg til grunnoppskrifta og så variere ut i frå den.

tirsdag 27. november 2012

Måneskinstur

Det er framleis litt dagslys når ein går heim frå jobb i firetida.Månen verka ekstra stor i dag bak Sulafjellet. No skal eg gå den faste tysdagsturen saman med kollegaer og eks-kollegaer.  Vi har funne ut at det er ein god måte å halde kontakten på når folk får seg nye jobbar.  Eg trur det har god helseeffekt på fleire måtar.

mandag 26. november 2012

Jakke i Sandnes kashmir alpakka

 Det er eit par veker sidan eg tok i bruk jakka.  Eg har blitt svært glad i henne.  På skulekjøkenet heng eg henne frå meg, og elles er den god og varm.  Halvlange ermar passar godt til oss som liker å brette opp ermane!
Jakka er strikka på pinnar 5,5.  Sjølve strikkinga gjekk raskt. Ein strikkar fram og tilbake.  Likevel vert det ein del monteringsarbeid.  Neste prosjekt skal ha raglan- eller rundfelling. Garnet er dyrt og ikkje særleg drygt.  Med pinnar og knappar kom prosjektet opp i eit firesifra beløp.  Men så har ein også eit plagg med høg kvalitet - meiner no eg.


søndag 25. november 2012

Kva skal vi gjere om Hødd vinn?


Dette spørsmålet kom opp fredag.  Sjølv har eg ikkje tort å tenke tanken ...  Dette er stort!  Og noko må vi vel finne på!  For dei som er i Oslo, vart heimturen noko forseinka, men det var vel verdt det!

lørdag 24. november 2012

Vinnarlykke

Eg veit at nokre arrangement har vorte flytta vekk frå denne helga.  Med stor helgevandring til hovudstaden har ein vore redde for manglande oppslutning. Det såg ikkje ut til å ramme basaren i dag.  Åresalet gjekk unna.

I år var mange av gevinstane eg fekk med heim etande.  Elles vann eg serviettar til ein stor fest og ein fin, kvit handuk.  Så får ein håpe at pengane som kom inn, går til dei som treng omsorg og skulegang ein annan stad i verda.

Gratulerer!

I dag, ein månad før julaftan, kan vi gratulere Erlend med niårsdagen.  Bildet er frå førre helg då ha opna gåva frå oss.  Han vart glad for boka, men strålte opp då det datt ein lapp ut av den!

Erlend er minstemann i familien.  Ein skal ikkje sjå vekk i frå at det same skjer som med minstemann her i heimen.  No er han størst - ikkje berre større enn mor!

På facebook at feiringa er godt i gang.
Gratulerer!


fredag 23. november 2012

Bok 55: Den siste gode mann

Eg ser at denne romanen har fått høge terningkast.  For meg handlar det kanskje om at eg rett og slett ikkje liker sjangeren.

Les gjerne her, så kanskje de forstår kva eg meiner.

Romanen er absolutt underhaldande.  Eg kan sjølvsagt vere med på "eventyr", men føretrekker meir realistiske romanar.

torsdag 22. november 2012

Nye bøker

I dag stakk eg berre innom biblioteket i bygda for å levere eit par bøker.  Eg tok berre ein rask kik i hyllene, og der låg det fleire relativt nye bøker.  Så spørs det om eg skal lese Paganinikontrakten før Svik av Trude Teige?

onsdag 21. november 2012

Spagettigodbit


Av og til kjem ein litt skeivt ut på skulekjøkenet.  Det går ut dagar, og så er det greitt med tanke på innkjøp at ein lagar det same ei veke i strekk.  I dag vart ein slik ekstra dag.  Bi bakte aniskringler til kantina, ein elev fekk lage muffins og til middag vart det ein gammal skulekjøkenrett: Spagettigodbit. Retten passar godt som resterett.  Det er ikkje alltid så godt å vite kva ein skal bruke kokt pasta til. 

Retten fall i smak hos niandeklassingane.


Spagettigodbit

100 g pasta t.d. penne

1 ms olje
200 g kjøtdeig
1 middels stor løk
1 båt kvitløk
1 ms tomatpuré
½ ts salt
½ ms frisk eller ½ ts tørka oregano
1 dl vatn til å koke ut steikepanna med

1 dl mjølk
1 dl crème fraîche
75 g riven ost

  1. Set steikeomnen på 200 g og smør ei eldfast form.
  2. Kok spagetti etter oppskrift på pakken. Hell av vatnet og ha han i forma.
  3. Steik kjøtdeig og hakka løk i olje.
  4. Tilset kvitløk, tomatpuré, salt og krydder.
  5. Legg tomatsausen over spagettien. Kok ut steikepanna med 1 dl vatn og hell over.
  6. Bland saman mjølk, crème fraîche og ost og legg dette på toppen.
  7. Steik retten i ca 30 minutt.

Server med brød og salat.

tirsdag 20. november 2012

Gløymsk

Blogginnlegget i dag skulle vere om besteforeldrefesten.  Eg skulle ta bilde av kvite dukar, grøne, fint bretta, serviettar og lilla St. Paulia. Så gløymde eg å ta fram fotoapparat eller smarttelefon.  Sånn kan det gå.  Det er mykje som skal på plass ein slik dag.

Elles ser eg ikkje vekk i frå at det kjem bilde i avisa.

Blogglesarane får nøye seg med å sjå dei første sviblane i haust.  Ein fekk 2 (x3) for 49.

mandag 19. november 2012

Lysestake

Då eg fekk sjå denne lysestaken første gong, fall eg pladask!   

Eg har innsett at dei femarma lysestakane mine i messing er ute på dato.  Dei var rett nok gode å ha då Dagmar herja. No er ikkje eg glad i for mykje dingeldangel.  Eg liker reine linjer.

 Då eg fekk vite at lysestaken er designa av Andreas Engesvik, ein norsk designar som har slått gjennom i Iittala, fann eg ut at denne ville eg kjøpe meg sjølv.  Den finst med fire lys også, men den er ikkje så spesiell, synest eg.  Materialet er støypejern.
 Det er ikkje så lett å få lys i stakar til å bli beine, men blogglesarane får vel eit lite inntrykk.


søndag 18. november 2012

Shepherd's pie

 I går stakk eg innom Rema 1000 på veg heim frå Ørsta.  Ærendet var Friele kaffibønner, noko eg har oppdaga ein får kjøpt der.  Eg tok med meg eit gratis hefte med mat under 100-lappen.  Der såg er at shepherd's pie var kåra til den mest populære retten.
 Det passa godt å ta eit par pakkar kjøtdeig opp frå frysaren.  Eg hadde elles alle ingrediensane, berre ikkje parmesanost.  Eg let ikkje det stoppe meg, men brukte vanleg riven ost. Oppskrifta vart dobla, men eg tippar eg likevel kom under hundrelappen. Under finn de oppskrifta frå heftet.
 Potetstappe:
1 kg poteter

1 1/2 dl matfløyte (ev. H-mjølk)
2 ms smør
salt og pepar

3 ms riven parmesanost (til slutt)

Kok poteter utan salt.  Mos potetene og ha i fløyte og smør.

Her må eg berre skyte inn:  Eg bruker eg alltid meir mjølk enn i oppskriftene...


Fyll:
1 gulrot
1 løk
3 båtar kvitløk
2 ms olivenolje til steiking
400 g kjøtdeig
1 1/2 ms tomatpuré
2 1/2 dl grønsakbuljong (terning + vatn)
1 ms maisenna utrørt i 2 ms vatn
salt og pepar

Skjer gulrot, løk og kvitløk i terningar.
Steik grønsakene i olivenolje til dei er blanke.
Ha i kjøtdeig og steik til dein er brun.
Ha i tomatpuré og steik vidare i eitt minutt.
Ha i buljong og lat det koke 3-5 minutt.
Ha i jamning av maisenna og vatn.
Smak til med salt og pepar.

Legg fyllet i ei eldfast form. Eg brukte gryta.
Legg potetstappa over og dryss parmesanen på toppen.
Steik ved 200 grader ca 20 minutt til den er brun og fin på toppen.


Vurdering:
Ungdomane i familien likte retten svært godt, så eg forstår godt at dette er ein folkefavoritt!  Sjølv kunne eg tenkt meg mindre potetstappe, meir grønsaker og meir smak i form av andre grønsaker og krydder?  

lørdag 17. november 2012

Familiefest


 I dag har vi feira han som vert 9 og han som har vorte 76!
 Feiringa var heilt tradisjonell, slik vi liker det.  På menyen står julemiddag, i vårt tilfelle pinnekjøt.  Der inne er det Jakobsenmor, og så fekk eg smake Vigramør for første gong i mitt liv.
Niåringen har gledd seg til kransekaka eller smellbongbongane!
 Det gjeld å pakke opp ...
 ... og finne krona.  Så vert ein vitsekonge!


fredag 16. november 2012

Kjensla av fredagskveld

I mange år har Best for beat vore yndlingsprogrammet mitt på.  Det er noko med kjensla av fredagskveld.  Ein har kanskje både rydda og vaska, og då gjer det ekstra godt å kunne sette seg ned etter ei travel arbeidsveke.

Vi har hatt lefsebakeveke på skulekjøkenet.  Det er alltid kjekt.  I år har besteforeldta, flest bestemødrer, vore ekstra lette å be.  Tysdag skal vi ha besteforeldrefest i skuletida.

God helg!

torsdag 15. november 2012

Verdas viktigaste jobb



I dag har eg vore på medlemsmøte der den nye leiaren som heldt føredrag.

Ta dykk gjerne tid til å sjå videoen.

onsdag 14. november 2012

Gratulerer!

 I dag kan vi gratulere far min på 76-årsdagen! Bildet under er tatt frå Besta sin blogg, og det er teke for eit par dagar sidan.

Feiringa vert til helga!  Vi gler oss!



tirsdag 13. november 2012

Oxymoron

Kva heiter sånne ord som "dritbra"  - adjektiv som betyr det motsette?

Det var ein elev som spurde ein annan lærar.  Eg måtte innrømme at eg ikkje hadde høyrt om det.  Men no har eg også i dag lært noko nytt OXYMORON.  Læraren fann det.  Og så burde eg legge det ut på bloggen?  No veit eg i alle fall at det finst eit ord for kjempeliten.

Eit anna ord som eg ikkje fann i vår då vi heldt på med dialektar er ordet for å seie stylvar for støvlar eller kjølve for kjevle.  Her vert konsonantane ombytte.  Kanskje nokon av blogglesarane veit?

Illustrasjonen i dag får være denne dritfine novemberkaktusen.

mandag 12. november 2012

Forbruksvare

Ærendet i byen i dag var eit sett "øyrepropper".  Dei førre har eigentleg vart lenge.  Kunsten er å ikkje putte I-poden i bukselomma.  Det gjorde eg då eg vaska laurdag. Etter det var den daud på eine øyret.

På biblioteket fekk eg låne om att boka som eg har tenkt å spele i klasse 8B.

Krimboka eg fann, er nummer to i ein serie, så eg får satse på å få tak i Udyr først.  Eg ser det er eit søskenpar som har skrive dei saman.

Opplesaren som eg lyttar til for tida, irriterer meg litt. Han les sjirlander og hospiss.  Det er for dårleg av ein profesjonell skodespelar.  Som de ser, sjekka eg ordlista.  Der står ikkje korleis ein uttalar hospits, berre at det er tysk, og då veit vi regelen!

søndag 11. november 2012

Fars dag

I dag har vi tatt det litt roleg etter ei sosial helg. Journalisten er vekkreist, så det vart berre oss fire til middag i dag. Tidlegare i veka såg eg at folk fulte handlekorgene sine med svineribbe.  Til 29 kroner kiloen vert det ein rimeleg middag.  Her vil dei ha brun saus til, og det får dei.  Til "dessert" vart det kaffi og sjokolade.

Min eigen far skal vi feire neste helg, sidan han og har fødselsdag ut i veka.
Elles har eg hatt meg ein halv arbeidsdag (minst) med førebuing og retting.

Elles så anbefalar eg alle å ta seg ein tur inn på amo sin blogg der ein kan vinne julepynt frå Waage i Ulsteinvik.

lørdag 10. november 2012

Bok 54: I havet er det krokodiller

Eg fann denne romanen saman med vaksenbøkene på biblioteket, og eg hugsa at andre i familien hadde lese han.  Besta meinte den ville høve for yngre lesarar.  No ser eg at den vert kalla ungdomsroman enkelte stader.

 Til skulen bestiller vi kvart år materiell frå tXt-aksjonen som Foreningen 1les står bak.  I 8B driv vi no og lyttar til nokre av desse tekstane.  Dei er i ulike sjangrar.

I havet er det krokodiller er ei sann historie om den afganske guten Enaiatollah Akbari som må flykte frå heimlandet for å berge livet då han er omtrent ti år gamal.  Det er ei lang reise han legg ut på.

Eg likte denne forteljinga svært godt.  No vurderer eg å lese/lytte til heile romanen i 8B.  Det at ei historie er sann, trur eg kan gjere sterkare inntrykk på unge lesarar!

fredag 9. november 2012

Mitt bidrag

Kvar morgon vaknar eg til nyheitene. I går fekk vi vite at vi må ete meir økologisk mat.  Målsettinga er ikkje nådd.

På butikken der eg handlar ligg bananane ved sida av kvarandre.  Det er lett å plukke med seg økologiske til same pris.  Sjølv er eg ein endå større tilhengar av fairtrademerkinga.  Då utnyttar ein ikkje bønder i fattige land i like stor grad som dersom ein kjøper vanlege varer.  Rabba, eller kålrota om du vil, må ein finne i ei anna hylle.  Då er det lett å gløyme at den finst.  Heldigvis er der så mykje anna godt i den økologiske hylla at eg vert stadig flinkare å kjøpe økologiske varer.

Denne helga vert svært sosial for oss, og det sjølv om vi skal feire farsdag i Ørsta neste helg!

Eg ønskjer blogglesarane ei god helg!
Vel gjerne økologisk!

torsdag 8. november 2012

Ny oppvaskmaskin - kva bør ein tenke på?

 Då eg kjøpte den førre oppvaskmaskina mi, tenkte eg berre pris.  Det var berre eit par månader sidan eg hadde kjøpt meg ny vaskemaskin og tørketrommel, begge store og relativt dyre modellar.  Kva skulle eg med ei dyr oppvaskmaskin? tenkte eg då.  Den eg hadde før, brukte eg berre på eitt program.

Då eg oppdaga at den nye maskina brukte 2 1/2 time på det eine programmet, følte eg at eg hadde kjøpt katta i sekken.  Så då ho slutta å fungere etter seks år, var eg ikkje ivrig etter å spandere ein reparasjon til kanskje ein tredel av prisen.  Maskina er heilt sikkert godt brukt.  Vi har vore både fem og seks i familien, og vi lagar relativt mykje mat.
 Ein kan få rimelege oppvaskmaskiner.  Då må ein vere budd på at dei sjølvsagt vaskar like reint, men det tek tid, og så bråkar dei mykje meir.

Mi nye maskin har eit automatisk program som startar på 2.45 som de ser, men det er viss tinga inni er svært skitne.  1 1/2 time brukte den då eg sjekka.  Men ein får lett eit yndlingsprogram.  Mitt er det med 70 grader og hurtigknapp.  Hurtigprogrammet vaskar minst like reint, men bruker litt meir straum.  Maskina har i alle fall godt av at ein bruker høg vasketemperatur innimellom, akkurat som ein bør bruke vaskemaskina på kokvask for å halde henne rein og luktfri.
På førehand hadde eg og vurdert om eg ville ha eiga bestikkskuffe.  Det har eg vore skeptisk til før.  Eg har meint at det har vore tungvint.  Men er det det?  Mannen i huset fekk og seie si meining før eg slo til med denne modellen.  På butikken fekk eg anbefalt det, ikkje minst fordi bestikkorga tek litt plass.

Etter at maskina har vore i bruk ei veke, er eg svært godt nøgd med henne.  Vi set denne på sjeldnare enn den andre.  Der er faktisk plass til "eit måltid" til.  Og så slepp vi å sette henne på i halv ni-tida om kvelden.  Ein kan ete sein kveldsmat og likevel rekke ein vask.  Dette gjer at vi fyller betre opp i maskina, trur eg.  Bestikkskuffa liker alle.  No fyller vi opp med knivar framme og gaflar bak.  Det er raskt og reinsleg å ta bestikket ut, synest vi.  Elles så slår ho seg av sjølv.  Og lydnivået er noko heilt anna enn vi er vane med!

onsdag 7. november 2012

Awards

I bloggverda er det noko som heiter awards eller utmerkingar.  Det er kjekt med positive tilbakemeldingar.  Eg takkar Anne-Mari for denne.

"Eg begynte å blogge på grunn av slekta, og no er eg hekta" har eg hatt som overskrift.  Eg les og liker alle bloggane i blogglista mi, og eg er i slekt med fleire.

1. Den første får gå til mor mi.  Ho kallar seg Besta i bloggverda. Ho held oss oppdatert på veret, noko mange set pris på.  Elles deler ho litt frå kvardagen sin med lesarane.  Ei felles interesse i familien er litteratur.  Og her er vi ærlege - og svært ofte einige.

2. Den andre får gå til systra mi, Ariel. Ho fører den skarpaste pennen i familien. Ho er flink med humor, og ikkje minst ser ho på mange ting med eit skrått blikk.

3. Elles må eg nemne ei dame med eit godt blikk for det gode bildet.  Gå inn her  og nyt.

4. Gunda har vore ein stor inspirator for meg.  Eg som skulle sylte heile året, har no eit lager som kjem til å vare lagt ut på nyåret ...

5. Her begynner det å bli vanskeleg!  Eg let plassen vere delt mellom dei andre på blogglista mi. "Ingen nevnt og ingen glemt" ... Eg les og set pris på alle saman!

" En sånn utmerkelse/award fordrer litt, man skal gjøre som følger: 
1. Takke og linke til bloggeren man har fått awarden fra.
2.Gi utmerkelsen videre til fem blogger og gjøre  dem oppmerksom på det.
3.Kopiere post it lappen og sette den på bloggen.
Det skal sendes til kanskje en ny blogg eller en blogg som ikke har så mange følgere ennå ".

tirsdag 6. november 2012

Bok 53: Brudd

Då eg såg denne boka på bygdebiblioteket, var eg usikker på om den var ny.  Det var den ikkje.  Romanen var utgiven i 2007.  Eg hugsar godt omtalar av den.

Innleiinga er litt spesiell.  Ein mann kjem til forfattaren og vil ha si historie skriven.

Fossum gjer det ho er best til, nemleg å skildre menneske som er sosialt usikre.  Av alle bøkene hennar har eg likt Elskede Poona best.

Også i Brudd er hovudpersonen ein mann.  Han er kunsthandlar. Brått skjer to uventa ting.  Det dukkar opp eit maleri som han fell for.  Skal han bruke alle sparepengane sine på det?  Så kjem det ei narkoman jente inn i kunstgalleriet for å varme seg.  Han gir henne ein kopp kaffi.

Ein blir dradd inn i historia.  Dette er ingen krimroman i vanleg forstand, men spennande er den.  Om det å dra forfattaren inn i historia på denne måten, er vellykka, vil eg ikkje uttale meg om.  Eg bestemte meg tidleg for å "vere med på det". Sjølve historia om Alvar Eide ber romanen åleine.

mandag 5. november 2012

Ny veke - nye mulegheiter

(eller mog(e)legheiter som det heiter etter den nye nynorskmoralen)
I dag innsåg eg at også denne veka er full av møte, så om det skulle bli ein bytur på meg ein dag, var det berre å slå til.  Ærendet var eit par basisplagg og ein tur på bybiblioteket.  Der fann eg berre ei bok.  Har nokon lese den?

Butikkane er no fulle av julevarer.  I dag var det liksom greitt for meg.  Dei får berre styre på.  Men først får vi feire farsdag.  Eg vil også ha novemberkaktusar fram til julestjernene kjem i hus i desember.

P.S.
Om nokon stussar på det som står i parentesen, så var det eit forsøk på å vere morosam.  At muleg er ute av ordlista, har eg ikkje heilt godteke!

søndag 4. november 2012

Å kjøpe brød

Kvar vår lærer vi niandeklassingane å bake grovbrød.  De kan lese meir om det her desom de er interesserte.

Eit delmål for opplegget er å lære folk å kjøpe sunne brød. Det er vel dei færraste som bakar alle brød sjølve. Då vi starta med dette opplegget, var verken brødskalaen eller nøkkelholet oppfunne.  Det er eg glad for har kome, for det var mykje juks ute og gjekk for å få brød til å sjå grove ut.

Dei siste åra har eg snakka mot alle desse barnebrøda.  Det er opplese og vedteke at born ikkje liker frø.  Det gjeld nok mange.  Sist eg sjekka fanst det ikkje eitt brød for barn som var 50% grovt.  Eg vart derfor glad då månadens brød hos Prix, Løvebrøl, er 50% grovt.  Kanskje det er nøkkelholmerkinga som har gjort utslag.  For å få dette merket, skal brødet heller ikkje vere for salt. At det inneheld knuste solsikkefrø og havregryn er også eit pluss!

Om det kan bli bedre?  Ja, ein grovprosent på 70-80 på eit brød som har born som målgruppe?
Då ungane var mindre, fekk dei gjerne ein liten del av brøddeigen og nokre rosiner.  Då hadde dei arbeid lenge med utbaking, og det ferdige produktet vart ekstra godt, slik det vert med det ein har laga sjølv.  Skilpadda over laga eg ein gong etter tips på brodogkorn.no
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...