tirsdag 6. november 2012

Bok 53: Brudd

Då eg såg denne boka på bygdebiblioteket, var eg usikker på om den var ny.  Det var den ikkje.  Romanen var utgiven i 2007.  Eg hugsar godt omtalar av den.

Innleiinga er litt spesiell.  Ein mann kjem til forfattaren og vil ha si historie skriven.

Fossum gjer det ho er best til, nemleg å skildre menneske som er sosialt usikre.  Av alle bøkene hennar har eg likt Elskede Poona best.

Også i Brudd er hovudpersonen ein mann.  Han er kunsthandlar. Brått skjer to uventa ting.  Det dukkar opp eit maleri som han fell for.  Skal han bruke alle sparepengane sine på det?  Så kjem det ei narkoman jente inn i kunstgalleriet for å varme seg.  Han gir henne ein kopp kaffi.

Ein blir dradd inn i historia.  Dette er ingen krimroman i vanleg forstand, men spennande er den.  Om det å dra forfattaren inn i historia på denne måten, er vellykka, vil eg ikkje uttale meg om.  Eg bestemte meg tidleg for å "vere med på det". Sjølve historia om Alvar Eide ber romanen åleine.

5 kommentarer:

  1. Denne boka har eg aldri lese-ikkje sikkert den har vore på lydbok før.Men eg plar like Fossum sine bøker, og som du har eg "Elskede Poona" som favoritt.

    SvarSlett
  2. Ja, eg har ikkje kome over henne før. No ser eg at ein kan få kjøpt papirboka til 49,- i Bokklubben.

    SvarSlett
  3. Den boka las eg (lydbok) for nokre år sidan medan eg var på ferie i Spania.
    Den var spesiell, men eg MÅTTE ha med alt.
    Ellers er det lenge sidan eg las noko av Fossum.
    Les ikkje så mykje krim lenger, trur det må vere alderen... likar ikkje krim på TV heller lenger...
    Har vorte pyse.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg skrøna litt. Ser Forbrytelsen mandagskveldane.
      Likar den.
      Men fredagskrimmane vart for voldsomme for meg, så det er lenge sidan eg såg...

      Slett
  4. Eg er altetande når det gjeld krim, men liker at der er ein ekstra faktor. Forbrytelsen er kvalitetskrim. Men Broen likte eg hakke betre, og eg gler meg til fleire apisodar/seriar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...