mandag 19. november 2012

Lysestake

Då eg fekk sjå denne lysestaken første gong, fall eg pladask!   

Eg har innsett at dei femarma lysestakane mine i messing er ute på dato.  Dei var rett nok gode å ha då Dagmar herja. No er ikkje eg glad i for mykje dingeldangel.  Eg liker reine linjer.

 Då eg fekk vite at lysestaken er designa av Andreas Engesvik, ein norsk designar som har slått gjennom i Iittala, fann eg ut at denne ville eg kjøpe meg sjølv.  Den finst med fire lys også, men den er ikkje så spesiell, synest eg.  Materialet er støypejern.
 Det er ikkje så lett å få lys i stakar til å bli beine, men blogglesarane får vel eit lite inntrykk.


3 kommentarer:

  1. For ein fin lysestake. Den har eg ikkje sett før.
    Og kjekt at det er norsk designer.

    SvarSlett
  2. Eg synest det er artig at ein liker noko, og så viser det seg å vere god design. Alle meiner vel at dei har god smak ...

    Kvite lys? No skal eg kose meg med å brenne alle lysa som har dotte opp i handlekorga når dei har vore på tilbod! Kvitt er fint og reint og det opprinnelege.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...