torsdag 29. juni 2017

Bergenstur

Det vert sagt at fram og tilbake er like langt. Det stemmer ikkje alltid. I går skulle vi til Bergen og flytte tinga til frøkna til den nye hybelen hennar. Vi skulle og vaske ned rommet hennar og delar av leilegheita.

(Bildet er av toalettbygningen på Utvikfjellet.)

Vi ville ikkje kome så tidleg bed, så vi starta 10.10. På vegen stoppa vi i Knarvik der vi fekk låne tilhengar hos eit vennepar. Dei hadde grillmat klar då vi kom.

Vel framme i Bergen flytta vi tinga ut. For å vere effektive, begynte eg å vaske medan dei flytta inn i nyehybelen.  Då var det at ein av oss orda frampå, kanskje vi berre skulle køyre attende om natta?  Det frista lite å sitte i bilen ein solskinsdag til.

Vi fekk levert attende tilhengaren, og så rakk vi akkurat 23.00 ferja. På vegen heim hadde vi vegen omtrent for oss sjølve. På turen ned var det ein del køkøyring, så turen heim verka mykje kortare, og det stemmer i alle fall i tid. Vi var heime 3.30. Då hadde vi sett det mørkne og lysne att. Og indag har vi hatt ein heller lat dag i sola.

No har ho sett nøkkelen i denne døra for siste gong. Neste skuleår skal ho bu på Landås, mykje nærare Haukeland.



tirsdag 27. juni 2017

Trasskofte til Margrete

I dag møttest vi i Ørsta der vi besøkte far min og heldt han med selskap medan mor mi var hos frisør. Eg rakk ein frisørtime her før den tid.

Årets kufte valde eg utan å forhøyre meg direkte. Ho er for lik ei eg strikka til meg sjølv i vinter til at eg kunne strikke den til meg sjølv. Då fekk eg lyst til å strikke den til systera mi. Resultatet er eg svært nøgd med!

Husfliden i Ålesund har PT2 garn. Det er akkurat same kvalitet som Finull. Eg synest dei burde slå saman dei to garntypane. Blåfargane er i Tumi. Oppskrifta er i Wiolastrikk. Den har og vore i Familien.

Når det gjeld namnet, så har kufta fått den fordi mønsterfargane er strikka i vrangmasker ...

mandag 26. juni 2017

Å telle på knappane

Knappane er ofte prikken over i-en i eit plagg.  Eg strikka ei jakke til systera mi som ho "fekk" utan knappar.  Eg hadde sett ein mindre variant av dei eg hadde i svigerinna mi si jakke, men eg synest dei i boka var finare.  Når ein har det travelt, tek ein det ein finn først.  Når ein har ferie, kan ein lage eit lite prosjekt av knappejakta.  Størst utval av knappar finn ein på Ulstein garn og broderi, men eg fann ingen eg likte betre enn dei eg fann på Trådkråa. Det einaste eg kom heim att med, var nokre handdukar som eg kjøpte på halv pris på den nyopna Prinsessbutikken.

I morgon skal systera mi få jakka, og så kan det hende eg får eit bilde av henne i jakka med naturlege fargar.  På bildet er ho altfor gul.

søndag 25. juni 2017

Lat søndag

I dag har eg vore skikkeleg lat!  Det har vore ein dagen derpå både etter eit heilt skuleår og etter Under linda-arrangement i hagen i går.  Det kan de lese meir om på systera mi sin blogg. Det er mannen som arrangerer.  Eg er meir i arbedskomitéen. Det vart eit fint arrangement sjølv om veret kunne ha vore litt betre.

Frøkna reiste til Oslo midt på dag. Ho skal ein dag i Forsvaret.  Broren, som nettopp har avslutta stridskurs, skal ta imot henne og finne hotellet.  Så får dei ta seg eit måltid i lag. 

Medan eg lata meg har eg tatt ut og inn av maskiner, baka brød og strikka ferdig ein genser.  I morgon skal eg kjøpe knappar til kufta eg har strikka til søstera mi.  Komande veke vert det ein Bergenstur før vi reiser til Shetland om ei veke.  Dei vaksne borna vert heime og passar huset.  Så håper eg at lysta til å blogge stig!  Eg har ikkje vore så flink i vinter.  Time will tell ...



Bok 26: Forliset

Femte lydbok om Rino Carlsen, fra Riverton- og Bokhandlerprisnominerte Frode Granhus.

De fleste holder seg innendørs i sprengkulda som har festet grepet om Lofoten, men det vakre lyset lokker en fotograf ut i isødet. På en av turene oppdager han en tønne som stikker opp av isen. En tønne med et makabert innhold.

Rino Carlsen får etter hvert mistanke om at tønnefunnet har sammenheng med et forlis som rystet det lille kystsamfunnet for flere år siden. Et forlis som krevde flere ofre.

På den isolerte institusjonen Tennholmen vokser spenningen for hver dag, og det kan virke som enkelte av beboerne vet mer om saken enn de vil innrømme.


Dette er ein heilt annan type krimbok/lydbok enn den førre eg las.  Handlinga er lagt til ein politimann som er åleine på kontoret sitt i Lofoten. Men det skjer fæle mord også her.  Eg likte romanen, kanskje ikkje minst takka vere opplesaren, Reidar FalckSørensen, som les utruleg godt! Eg ser det er han som les den neste boka eg har begynt på også.

Denne romanen har også ei skikkeleg oppklaring ...

Bok 25:Utmarker





Ellen Savinger er 15 år, og hun har vært forsvunnet i tre uker. Sam Berger frykter at hun har blitt offer for en seriemorder, men kollegaene i stockholmspolitiet vil ikke lytte: Ingen kropp, ingen forbrytelse.
Så kommer Sam i kontakt med mystiske Nathalie Fredén, som viser seg å ha uventet innsikt i saken. En historie med uhyggelige forgreininger til Sams eget liv toner frem, og plutselig er det jegeren selv som blir jaget. Og i utmarkene venter en sannhet som altfor mange har interesse av å skjule. Utmarker er første bok i en ny serie om etterforskerne Sam Berger og Molly Blom, og viser en ny, mørkere side av den kritikerroste forfatteren.


Denne krimromanen er akkurat i min smak.  Eg kosa meg frå byjing til slutt. Det vil seie, eg sleit med slutten.  Kva er dette?  Har eg ikkje fått med meg alt? Eg googla lengda på boka.  Den stemte.  Eg høyrde om att.  Ikkje før eg las meldinga i VG, fall brikkene på plass.  Ein cliffhanger!  Det er berre å gle seg til framhaldet!

Arne Dahl kan kunsten å kombinere hardkokt politikrim med elementer av lettere paranoid samfunnskritikk i beste Stieg Larsson-tradisjon. For når mørke krefter i de hemmeligste av alle politikretser legger seg opp i etterforskningen, er det tydelig at denne saken har helt andre implikasjoner enn leseren først har sett for seg. Det som kan se ut som en passe lykkelig slutt viser seg nemlig å innvarsle noe ganske annet. (Sindre Hovdenakk)

lørdag 24. juni 2017

Skuleslutt

 Avslutningsturen til personalet gjekk i går til Klippfiskakademiet som ligg på Akvariet i Ålesund.

Vi vart delte i fire grupper, og så laga kvar gruppe ein rett, noko som vart ein fireretters middag. Dette med god rettleiing av to kokkar. Sjølve matlaginga tok om lag ein time. 

Opplegget kan absolutt anbefalast!
Eg kom ikkje på at eg skulle ta bilde før desserten kom på bordet.

onsdag 21. juni 2017

Pannegal - eller historia om eit pannekjøp

Dei siste ti åra har eg kjøpt panner med tanke på at eg ein gong i framtida skulle få meg kokeplater med induksjon. Likevel måtte eg parkere nokre panner i vinter. Aluminiumspanna mi på 12 l var frå 1985, grautpanna på 10 l frå før 2003 og balljpanna  mi på 8 l som var omtrent like gammal.

Eg har sett meg litt rundt og kome fram til at den største panna som kan erstatte desse, må ha belegg slik at eg kan koke rømmegraut. Stålpanna mi på 15 l kan gjere nytta elles.

Då vi var i Kongsberg i mai, såg eg ei panne på Jernia.  Der var stort utval, og dette var den største, ei Høyang Polaris på 8 l.  Prisen var ganske stiv, 1499 kr.  No er mor mi omtrent like glad i gode panner som meg, så eg tenkte at eg kunne kjøpe den for gebursdagspengar fr foreldra mine.

Då eg skulle vise panna til ei venninne, såg eg at ho kosta 1250 kr  på ein nettbutikk.  Litt seinare gjekk eg inn på nettsida for å slå til.  Næraste Jerniabutikk er nemleg i Ørsta, og der er eg berre etter stengetid. Men så skjedde noko irriterande!  Dei la på 99 kr i porto!  Vanlegvis slepp ein å betale porto når ein kjøper for så store beløp.  Eg stansa kjøpet.  Det var lenge til Jonsok.

No lurer eg på om nettsida har stempla meg som gniten!  Førre veke sende dei meg nemleg ein verdisjekk på 200 kr.  Panna kosta meg då 1173 kr MED porto.

Ja, ja, no har eg i alle fall fått panna eg ønska meg, og om ikkje så lenge vert det rømmegraut!





søndag 18. juni 2017

Post10: Storenakken

Vi bestemte oss for ein kort tur i dag og. Stien gjekk vidare frå Feittbrennaren. 

 I dag mangla vi berre eitt av borna. Audun er på stridskurs. 


No har vi nettopp kome heim frå konsert på Sjøborg, Filler i lys. Odd Goksøyr har omsett Cohentekstar til norsk og fått med seg mange dyktige songarar og musikarar. Det var ei flott oppleving.







tirsdag 13. juni 2017

Tysdagsturen ...

... I dag starta i hagen til venninna mi. Vi gjekk gangvegen til Brandal.

Vi tok oss og tid til litt hagevandring.  Eg er imponert over denne klematisen. Det vert sagt at det er vanskeleg å pynte ei rose. Grantre toler derimot litt pynt 😀

søndag 11. juni 2017

Post 9: Dimna

 I dag dukka det opp ein skrytestatus på Facebook der eg for nokre år sidan la ut at eg var ferdig med all retting.  Det var planen for i dag og.  men først hadde eg lyst på litt frisk luft.
 Vi tok ein bortovertur på Dimna.  Vi forlet Hareid i fin sol.  Regnet kom då vi var eit par hundre meter frå bilen.
Vi måtte forbi nokre gardar.  Eg hadde sansen for stien over gjerdet, så slepp ein å øydelegge.

Takka vere Hareidstrimmen, har eg no vore ein ny stad i nabobyen.

onsdag 7. juni 2017

Post 8

I går gjekk vi Øvsteråsa frå Ulset. Posten låg ved Bryggjene, ein litt stad med eit litt spesielt langskap.

Her var det bratt bakke! Skal tru om det er is eller sjø som har forma landskapet.


tirsdag 6. juni 2017

Gratulerer Olaug!

I dag kan vi gratulere Olaug med 20-årsdagen!

Vi har gjort det til ein tradisjon å fotografere henne framfor rododendronen.  Det vert litt mimring slike dagar, slik på som 19-årsdagen, 18-årsdagen o.s.b.

mandag 5. juni 2017

2. Pinsedag og post 6 og 7

I dag gjekk vi opp på Melshornet til den årlege friluftsgudstenesta der Hjørungavågspeidarane og Hjørungavåg Brass deltek. I dag vart også eit tvillingpar døypte, Aksel og Josefine.

Ein bonus var ein Hareidstrimpost på toppen. Venninna mi er endå meir offensiv. Dei hadde to bilar og parkert den eine slik at dei kunne gå ned på Overå og ta ein post på vegen ned. Det vart til at vi gjekk saman med dei, og så køyrde dei oss til bilen. Vi har allereie planlagt neste post vi skal ta -i morgon.


søndag 4. juni 2017

1. pinsedag

 I dag hadde vi familietreff i heimen med feiring av tre gebursdagsbarn.
 Det har vore få nye matoppskrifter på bloggen i det siste.  Det betyr ikkje at eg har slutta heilt å lage mat, men noko enklare vert matstellet med berre oss to.  I dag baka eg årets andre rabarbraskuffekake.  Eg bruker om lag 1 1/2 kg rabarbra i denne kaka.
Ein av gjestene hadde med seg denne flotte og nydelege Pavlovaen!

lørdag 3. juni 2017

Bok 24: I en mørk skog

Nora har ikke sett Clare på ti år. Så blir hun uventet invitert i Clares utdrikningslag - i en mørk, mørk skog.

Nora har ikke sett Clare siden den gangen hun brøt med sitt gamle liv og aldri så seg tilbake igjen. Men så dukker en uventet invitasjon opp - til Clares utdrikningslag. En helg på et avsidesliggende sted må være den perfekte anledning for Nora til å ta opp igjen kontakten med sin gamle bestevenninne og legge fortiden bak seg.

Vel på plass inne i skogen gjør alle sitt beste for å lage en vellykket helg, men snart oppstår spenninger mellom nye og gamle bekjentskaper. Er alle der på samme premisser? Hvorfor er Nora bedt i utdrikningslaget, men ikke i bryllupet? Og hvem er det Clare egentlig skal gifte seg med? Kontakten med omverdenen er minimal. Mobildekningen er nesten fraværende. Og så går noe galt. Veldig galt.

Mens hemmeligheter og løgner bister, blir Nora innhentet av fortiden der ute i den mørke, mørke skogen.


Denne thrilleren er intens og spennande.  Hovudpersonen ligg på sjukehus, og gradvis hugsar ho kva som har skjedd for ti år sidan og på utdrikkingslaget i skogen.  Heile tida tenker eg at det kan ikkje ha vore slik eg har trudd.  Derfor liker eg ikkje oppklaringa ... Eg synest ho er føreseieleg.

torsdag 1. juni 2017

Bok 23: Bienes historie

En stor roman om bienes død. Tre sterke historier om relasjoner mellom foreldre og barn, om sorg, og om menneskenes sårbarhet. 

William er en melankolsk biolog og frøhandler i England i 1852. Han setter seg fore å bygge en helt ny type bikube som skal gi både ham selv og hans barn ære og berømmelse. George er birøkter i USA i 2007 og kjemper i motbakke, men han håper sønnen kan bli gårdens redning. Tao arbeider med håndpollinering i et fremtidig Kina hvor biene har forsvunnet. Hun ønsker mer enn noe annet at sønnen skal få en utdannelse og et bedre liv enn henne selv. 

"Bienes historie" skildrer menneskenes første spede forsøk på å holde bier, via dagens industrielle landbruk og til en fremtid hvor biene er døde. I bunnen ligger tre sterke historier om relasjoner mellom foreldre og barn, og om menneskenes sårbarhet.


Av ein eller annan grunn har denne romanen blitt liggande på datamaskina mi.  For eit par veker sidan såg eg eit intervju med forfattaren på Frukost-TV i samband med at romanen skal giast ut i Tyskland. Då leita eg han fram og las han.  

Dette er det eg kallar ei perle av ei bok.  Eg reknar med at mange av blogglesarane har lese Bienes historie, viss ikkje, har de noko å gle dykk til!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...