tirsdag 30. april 2013

30.april: Kom mai du skjønne milde.

I dag har vore ein innhaldsrik dag.  Arbeidsdagen varte til fire, der vi mellom anna planla opptur om ei veke. Det er turistforeininga som arrangerer for åttande steg.  Fjellet ser de på bildet. Vi får håpe på ei mild veke.

No har eg vore på kaffibesøk hos ei venninne før det vart tysdagstur rundt vatnet i fint opphaldsver.  Alt er relativt.  Sykkelturen heim frå jobb i dag var heller våt.

No kan vi gle oss til ein månad med mange fridagar.

mandag 29. april 2013

Bok 18: De sørgende

I fjor sommar las eg dei fire første bøkene I Barbarottikvartetten.  Etter mitt syn er dette kvalitetskrim.

Gunnar Barbarotti var ein lykkeleg mann med kone, mine og dine born då ein anaurisme igjen råkar kona.  I "De sørgende" møter vi Barbarotti i djup sorg.  På kontoret gir dei han ei sak å jobbe med som dei eigentleg er ferdige med. Det er viktig for han å bli sysselsett.

Ein mann forsvinn.  Det viser seg at sambuaren hans tidlegare er dømd for eit grusomt mord der ho parterte liket.  Så politiet meiner det er ei opplagd sak.  Det er det sjølvsagt ikkje.  Men hendingar i fortid og notid heng sjølvsagt saman.

Nesser skriv glitrande.  Språket er frodig og svært godt.  Eg set pris på dei betraktningane han kjem med.  Menneska er godt skildra. Det bur mange lag i dei.

Til sist sit ein att med ein del moralske spørsmål som det ikkje er fasitsvar på.  Men oppklaringa er logisk og god.

Eg ser nokon seier at dette kanskje er den siste boka.  Her legg eg inn protest!  Eg fann minst eitt frampeik: Gunnar Barbarotti skal finne far sin.

søndag 28. april 2013

Regnverssøndag

Vi har kome til den årstida fotballen styrer mykje.  Det vart tidleg middag, for journalisten skulle til Molde.  Menyen var enkel, karbonadar, omnsbakte potetbåtar og woka grønsaker.

Turen min vart etter middag i dag.  Eg stakk innom skulen for å lage eit gloseøveark, trudde eg.  Men det starta å høljregne, så eg vart der og jobba til det vart moderat regn att.  Resten av gjengen hadde då fare på Høddkamp.  Eg nytta høvet til å lese ut ei bok medean det var fredeleg i heimen.

No skal eg skrive eit referat før eg tek kvelden.  Eg håper dei har fått sin daglege dose med fotball, så vi kan få sett ein film.  Elles har det vorte ein vane å sjå Kongsvoll Videregående søndagane.  Det er ein fin start på skuleveka!  Eller veke?  Det vert nokre "halve" veker no i mai.  Vi får ønskje oss fint ver.  I går fekk eg meg eit par timar i hagen.  Det viser att, men eg har mykje meir eg har lyst å gjere - i fint ver.

lørdag 27. april 2013

Klippekrans

Eit skuleår går fort, og no har vi allereie kome til klippekrans.  Eg synest det er greitt at elevane får bake gjærdeig fleire gongar slik at dei vert trygge på det.  Vi har arbeidd oss gjennom grove rundstykke, fletteloff, grovbrød med pose og no til slutt klippekrans.  Det er enkel og rimeleg mat, men kva smakar betre enn varmt kveitebrød?

Dette er ei skulekjøkenoppskrift.  Bakar ein heime med maskin, kan ein godt ha i romtemperert smør i bitar til slutt i deigen.
Deig
1/2 pk (helst raud) gjær
2 dl lunken mjølk
4-5 ms flytande margarin (her smeltar eg smør)
4 ms sukker
1/2 ts kardemomme
ca 5 1/2 dl kveitemjøl

Fyll:
2 ms mjuk margarin/smør
2 ms sukker
1 1/2 ts kanel

1. Smuldre gjæren i ein bakebolle.  Ha i mjølka.
2. Ha i resten av ingrediensane og rør godt.
3. Hev deigen til dobbel storleik.
4. Kjevle deigen til eit rektangel omtrent på storleik med ei bakeplate.
5. Smør eit tynt lag med smør utover deigen og strø over sukker blanda med kanel.  Rull saman.
6. Form ein krans. Klipp djupt i kransen og legg "blada" vekselvis mot høgre og venstre.
7. Hev kransen til dobbel storleik.
8. Pensle gjerne med egg før du steiken kransen på 220 grader i 15-20 minutt.

fredag 26. april 2013

Herleg med helg!

 Etter ei heller travel veke er det godt med helg. Sola skin, så ein kan håpe på høve til hagearbeid og utekos. Det er fotballkamp og jentekveld.  Russen har begynt å røyve på seg.

Eg har kjøpt meg ein ny "voksduk" til kjøkenbordet, men sidan eg hadde kjøpt ein plante som passa til den, får eg vente med å skifte til eg kan ha både duk og plante ut.
Eg har tre til slike blå klokkeplantar som eg skal plante ut i næraste framtid.Og så skal det bli spennande å sjå om dei eg planta ut i fjor, har overlevd vinteren.

torsdag 25. april 2013

Påskekrim 2013

Insider (På innsida)
  37,5%
Injustice (Blodig urett)
12,5%
Lewis
 50%
The town
  0 (0%)
Mordene i Fjällbacka
  0 (0%)
Ser ikkje krim
  0 (0%)

I mi svært uhøtidlege meiningsmåling om årets påskekrim kom det ikkje inn så mange stemmer, og no begynner dei å forsvinne.  Då må ein tru det er på tide å lagre meiningsmålinga.  No har eg gjort det om til prosent, og då ser det ikkje så ille ut.

Det viser seg at mine lesarar liker Lewis best 50%, tett følgd av Innsider 37,5%.

onsdag 24. april 2013

Bok 17: Brødrene fra Iron House

Dette er den tredje krimromanen eg les av forfattaren, og då har eg visst lese alle.  Dei to første er "Ved elven" og "Det siste barnet".

Hovedpersonen i romanen, Michael, er den sterke av to brødre.  Dei har vore på barneheim sidan dei vart funne i skogen som småbarn.  Han tek på seg skulda for eit drap broren har gjort.  Det gjer han, og så stikk han.  Mafiaen tek seg av han.

Eg får stoppe der.  Handlinga er tettpakka.  Romanen er ein thriller, og han er spennande frå byrjing til slutt.  Historia er kanskje litt vel brutal og urealistisk. Ein misser fort talet på drap, for å seie det sånn.  Slutten er derimot temmeleg amerikansk i den forstand at forfattarane ikkje greier å sette punktum i tide, om de forstår kva eg meiner.


tirsdag 23. april 2013

Lesestoff

 Eg har eit luksusproblem for tida, nemleg rikeleg med lesestoff.  Desse lånte eg på bybiblioteket i går.
Desse har eg lånt av ein krimkompis.

I tillegg sikra eg meg nokre titlar i Ørsta.  No kan eg berre ønskje meg nokre friettermiddagar og dagar.  Lydbøkene kan kombinerast med praktisk arbeid, gjerne i hagen.  Og papirutgåvene høver godt i solveggen.

No har eg akkurat kome heim frå ein heller frisk tur rundt vatnet.

mandag 22. april 2013

Pakke i posten

 I dag kom det ein pakke i posten.  Då eg såg fasongen på han, forstod eg med ein gong kva det var.
Det er ingen hemmeleg venn som har sendt pakken.  Eg reknar med at eg startar på prosjektet når det nærmar seg montering av den korterma jakka mi ein gong i neste veke.  Dei vert heilt sikkert ferdige til sommaren - då håper eg å møte avsendaren.

søndag 21. april 2013

21. april

 I jakta på vårteikn i hagen fann eg i dag nokre primulaer.  Neste helg kanskje eg finn ein heil bukett i ulike fargar,
 Desse er også tidlege og trufaste.
Så spørs det om det vert rabarbra til grunnlovsdessert om knappe fire veker?  Eg har trua.

lørdag 20. april 2013

Dagens bruktfunn

I dag hadde vi eit ærend i Myrvåg.  Det vi ikkje visste, var at der er ein bruktbutikk! Eg stakk innom for å sjå etter skåler, og sjå kva eg fann!  No har eg sju grøne og sju raude små skåler.  Den store raude kunne eg heller ikkje late stå att. Prisane var relativt høge på mange ting, synest eg, men så går vel pengane til ei god sak.

Rosene er frå bilforhandlaren, om nokon lurer.

Då vil eg ønskje blogglesarane ei fin helg!

fredag 19. april 2013

Fredag

 Etter jobb i dag køyrde vi til Ørsta for å hente "ny" bil.  Eg nytta høve til å levere tomgods og få fisk i Starevegen.  Ein kaffi vart  det og tid til.
I kveldninga avløyste eg faren og såg andre omgang av fotballkampen.  Frøkna er i farten som nummer 18. Eg trur resultatet vert 0-4.

Dagens vonbrot var at katten ikkje var Jostein frå Hjørungavåg.

torsdag 18. april 2013

Sårt sakna?

I dag gjer eg eit nytt forsøk på å bli kvitt katten som har halde til her sidan påske.  Det er ein fin hannkatt. I går bar eg han med meg og ringte på eit par dører litt lengre borte i byggefeltet.  Ingen veit kven som eig han.

No håper eg at naboar og vener i bygda deler denne statusen.  Kanskje nokon har reist på påskeferie og late andre mate katten?  Kanskje katten har lagt ut på vandring?
Her har han jaga vår eigen katt vekk frå altanen utanfor stovevindauget. Sjekk blikket!

Lucy får kome inn og få mat.  Så no trur vi hannkatten lengtar heim.

onsdag 17. april 2013

Strikk på nytt

 I dag tok vi oss ein tur til Ørsta på ettermiddagen.  Eg fekk levert genseren som eg har montert.  Mor mi og eg utveksla bøker, og så kika vi i den nye strikkeboka mi.
 Forfattaren/designaren har tatt føre seg gamle Raumamønster og gjort dei meir moderne både i form- og fargeval.  Eg likte godt genseren på framsida.  Mønsteret var opprinneleg ei gutekofte.

Mønstera i boka trur eg er nye - i motsetnad til førre boka eg kjøpte.  Der hadde eg fleire frø før, og i tillegg låg mange gratis på nett.
Elles har eg stor sans for innhaldsliste med bilde.  Som de kan sjå, er her mønster både til liten og stor.  Dette er nokre av modellane.

Viss eg skulle seie noko eg likte mindre, så er det at fleire av modellane er ermelause.  Eg liker betre korte ermar, og då kan dei godt vere heilt korte.  Innsvinga ermar er eg ikkje så glad i.  Også i denne boka er det nokre mønster der ein skal strikke mønsterstrikk fram og tilbake.  Det er nok fordi tråden er tjukk.

No held eg på å strikke ei tynn korterma jakke frå boka Retromasker, men etterpå ser eg for meg at eg prøver meg på noko frå denne boka.

tirsdag 16. april 2013

Bok 16: Marcoeffekten

Jussi Adler-Olsen sine bøker om avdeling Q har vore ein av mine favorittseriar.  Fleire har eg, som denne, lese i papirutgåva.

I denne romanen møter vi Marco, ein ung gut som har vakse opp blant kriminelle.  Når Zola, leiaren av klanen, bestemmer at han skal få føtene øydelagde i ei ulykke for å tene meir pengar som kriminell, og faren ikkje grip inn, begynner ting å skje.  Han vil bli normal og ta seg ei utdanning.  Men klanen er ute etter han.

Ei stor svindelsak med u-hjelpspengar held på å bli oppdaga.  Desse hendingane grip inn i kvarandre.  Meir vil eg ikkje fortelje. Lesaren vert dregen inn i ei spennande forteljing.  Personane og hendingane er interessante.

Eg set pris på språket og humoren i romanen.  Ein gong når ein spøker om eit brent lik, synest eg det bikkar over til smaklaust.  Men Assad sine kamelordtak er herlege!  Sjølve oppklaringa er noko eventyraktig, synest eg.  Men eg er med på det!

mandag 15. april 2013

Vis meg kupongane dine, og eg skal seie deg kven du er?

Denne gongen seier Coop det rett ut: Det er personlege kupongar - specially for you!

Så her kjem sanninga fram.  Heilt sidan Innherredsosten kom på marknaden, har han vore på skulematen min.  Eg har ikkje funne noko betre å ha på grovbrødskivene som eg et til lunsj.  Medan andre kosar seg med salatar og anna moderne mat, held eg meg til det nokre kallar karamell.

Pizzadeig får eg no gratis, sjølvsagt fordi eg har liggande ein haug som eg har fått attpå kjøtdeig.

Elles må eg skryte litt av brøda eg bakte fredag.  Eg har verkeleg fått dreisen på surdeigsbrød. Deigen hevar til dobbel storleik på 1 1/2 time, og brøda smakar ikkje surt i det heile.  Løyndomen er at eg har mata deigen både morgon og kveld.  Det vert noko travelt i lengda.  No har eg sett litt surdeig i kjøleskåpet, så får vi sjå om det vert like vellykka når eg skal prøve igjen.  Dette er verkeleg "learning by doing".

søndag 14. april 2013

Høne


I butikken der eg handlar vanlegvis, har eg ikkje sett ei høne på år og dag. Sist det var på snakk, var då vi ville lage mulligatawny soup.  I dag laga eg den slik svigermor mi gjorde det. Eg kokte dei først og steikte dei etterpå.  (NB! Steik hønene heile.  Sjå kommentarfeltet.)
Så då eg kom over kokeklare høner på Rema 1000, slo eg til.  Prisen var på 31 kr pr stk.  Kanskje noko å tenke på for studentar. Ein treng 1/2 høne pr person.
Saman med hønene legg ein løk, gulrøter og gjerne selleri.  Eg kokar gjerne vatn i vasskokaren og heller over. Hønene fekk stå og trekke eit par timar.  I dag gjekk eg rundt vatnet saman med ei venninne medan andre passa gryta og skrelte poteter.
Det er lurt å skumme krafta før ein har i rikeleg med heil pepar. 1 ms (15) ml salt.
Eg laga bruning til min saus i dag.  Lagar ein lys saus, får ein frikassé.
Den store fordelen med å koke høner, er at ein får så mykje kraft.  Eg brukte ein liter til sausen, men har att til ei suppe seinare i veka, viss eg då ikkje frys ho ned.
Eg pensla med olje og hadde på salt og pepar før eg sette høna i omnen.  Dette er  eigentleg ikkje nødvendig.

lørdag 13. april 2013

Nytt strikketøy

No har eg kome i gang med eit nytt prosjekt.  Oppskrifta fann eg i Retromasker.  Eg har strikka ei korterma jakke frå boka før og veit det er ein del arbeid med monteringa.  Men resultatet vert eit tynt og tenleg plagg.  Som sist strikkar eg største storleik i Hverdags.  Eg har ein del restar som eg har tenkt å bruke til mønsteret. I boka er vesten i tre ulike fargevariantar.  Eg finn nok min eigen.

fredag 12. april 2013

Nettsøppel? Eg trur eg har funne ei løysing ...

Før hadde eg "siste kommentarer" som ein etikett på bloggen.  Den vart tett vekk.  I går kom eg på å gå inn på Kommentarer på utforming.  Der kan ein enklare slette kommentarar, eller merke dei som nettsøppel.
Eg trur det siste er lurast.  Her har det lagt seg inn kommentarar sjølv.  Eg tippar det er på same måte som ein merkar enkelte mailadresser med "søppelpost"?

torsdag 11. april 2013

Cupcake-kurs

Også i år har vi hatt cupcake-kurs. Så i dag vert det berre ein snartur innom bloggen etter ein lang jobbdag.  Om nokon vil ha repetert oppskrifta, finn de ho her.

På førehand rørte eg smør og sukker kvitt, og undervegs laga frøkna, som stod for pyntedelen, frosting. Eg håper at elevane vart like inspirerte i år som i fjor.

onsdag 10. april 2013

Hals - og amerikanske åtak

I dag har eg strikka ferdig halsen.  Det spørs om eg skal legge han i eit lite gåvelager?

Det har vore litt unormal aktivitet på bloggen dei siste dagane.  Eg sjekka litt kvifor til dømes Trondheimsuppeinnlegget har vorte så "populært":  det viser seg at det har kome ein del såkalla viruskommentarar.

Kva har dette med suppa å gjere?  Sjekk grammatikken ...

I am no longer positive where you're getting your info, but great topic. I needs to spend a while studying more or working out more. Thank you for wonderful information I was searching for this info for my mission.

Eller kven i USA er så interesserte i oppskrifta?  Ein må berre passe seg for å ikkje falle for freistinga å gå inn på desse nettadressene, for då kjem det berre fleire kommentarar.  Eg håper det gir seg, elles får eg innføre handikappline, noko som kanskje gjer at eg får færre kjekke kommentarar.

Can you tell us more about this? I'd like to find out some additional information.

NB! Stem på påskekrimmen!

tirsdag 9. april 2013

Bok 15: Kameleonens skygge

Frå coveret:
Hvordan kan en mann glemme åtte uker av sitt liv? Hvorfor sier sykepleiersken at han har ledningssurr i hodet? Løytnant Charles Acland blir sendt hjem fra Irak med alvorlige hodeskader og et ansikt som vil være vansiret resten av livet. Den tidligere så utadvendte mannen plages av mistenksomhet og utbrudd av aggresjon, særlig mot kvinner - ikke minst eks-forloveden, som nekter å akseptere at forholdet er over. Til slutt kutter han alle bånd og glir inn i sin egen verden - til en gjest får ham til å miste kontrollen i en pub i London. Politiet tilkalles, og det ender med at han blir mistenkt for drap. Tre personer er myrdet i området, og drapene synes alle å ha blitt utløst av ekstremt sinne. Hvor stor kontroll har han egentlig over de mørke sidene av sin personlighet?

Eg trur ikkje eg har lese ei bok av Minette Walters sidan 90-talet.  BBC-filmatiseringane har vore gode, meiner eg.  Denne romanen fangar meg frå første stund. Denne stirrige pasienten som ikkje reagerer slik ein skulle forvente.  Av ein eller annan grunn liker ein han.  Forfattaren skriv med psykologisk innsikt.  Sjølve politietterforskinga er mindre viktige enn menneskeskildringane.  Her er det opprulling, ikkje action. Ting er ikkje slik ein hadde trudd.  Eg likte romanen svært godt.

mandag 8. april 2013

Pusokkupanten

Sidan påske har vi hatt ein ubeden gjest luskande rundt dørene.  Frå å vere beskjeden har han like godt gått over til å ta føre seg av katten vår sine fasilitetar.  Om morgonen finn vi han gjerne sovande i kassa hennar der det er ullklede og kosedyr, ein kosekatt sjølvsagt.
Det verkar rett og slett som han kunne tenke seg hennar liv.  Det er ikkje snakk om å dele maten.  Han freser til henne og forsyner seg åleine.

Dette har eg sjølvsagt sett meg lei på.  Eg har lagt ut bilde på facebook.  Tenk om katteeigarane saknar han etter påska?  Detr var ikkje ein sakna katt frå Holstad.  No trur eg at han høyrer til ikkje så langt frå byggefeltet her eg trur eg kjenner alle kattane.

Ingen kan klandre katten.  Han fer dit han vil, og det er der han har det best.  Uteserveringa har stoppa, så eg satsar på at han pitlar seg heim att.  Det er ein snill og tam katt.  Fin i pelsen er han og.  Eg satsar på han har det godt der han kjem frå.

søndag 7. april 2013

Sol og snø

 I dag har vi hatt nydeleg ver her.  Det har vorte tid til både kaffi på altanen og ein gåtur.  I dag tenkte eg at eg måtte vise blogglesarane fjell og fjord.
 I sentrum er det ferje- og snøggbåtkai.  Ein må ta sjøvegen for å kome til Ålesund.  Øykjensla er litt vekk ettar at vi fekk tunnel til Ørsta/Volda.
 For to år sidan hadde vi vår i hagen. Det er ikkje så mange vårteikn, men ein får håpe våren kjem raskt når han kjem.
Også i dag var vi fem til middag.  Aafk-kampen gjekk ikkje før seks.

lørdag 6. april 2013

Vinterleg vårdag


 I dag vakna vi til snø! Eg kjenner at eg kunne tenkt meg vår!
Eg hadde eit par ærend i sentrum.  På Nille har dei serviettar til fem kroner pakken.  Det er freistande å sikre seg nokre pakkar til "kvardagsbruk".  Fotballsesongen har begynt, og då er gjerne journalisten på jobb søndagane.  Så eg inviterte han på middag i dag.  
I Magasinet i Dagbladet i dag er det ein interessant artikkel om hønsestrikk.  Det skal visst bli på moten att med eit meir moderne uttrykk.  Carpe Diem-genseren er eit eksempel på det.  Vi får gle oss til boka!  Ein får og høyre om ein som har mastergrad i strikking.

Mor mi strikka ein haug med slike mønster- og fargerikegenserar til barnebarna i si tid. Han som var interessert i isbjørnar fekk til dømes isbjørnar på sin.  Det var gode plagg!

fredag 5. april 2013

Aksessoarane ferdige!

 No har eg strikka ferdig den lause halsen til genseren.  Eg synest det er ei praktisk løysing.  Ein høg hals kan bli varm å gå med inne, men også ute.
 Motivasjonen for å starte på eit stort prosjekt no når det går mot vår, manglar.  Medan eg ventar på å få ein ny idé, skal eg strikke halsen på framsida av heftet.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...