lørdag 6. april 2013

Vinterleg vårdag


 I dag vakna vi til snø! Eg kjenner at eg kunne tenkt meg vår!
Eg hadde eit par ærend i sentrum.  På Nille har dei serviettar til fem kroner pakken.  Det er freistande å sikre seg nokre pakkar til "kvardagsbruk".  Fotballsesongen har begynt, og då er gjerne journalisten på jobb søndagane.  Så eg inviterte han på middag i dag.  
I Magasinet i Dagbladet i dag er det ein interessant artikkel om hønsestrikk.  Det skal visst bli på moten att med eit meir moderne uttrykk.  Carpe Diem-genseren er eit eksempel på det.  Vi får gle oss til boka!  Ein får og høyre om ein som har mastergrad i strikking.

Mor mi strikka ein haug med slike mønster- og fargerikegenserar til barnebarna i si tid. Han som var interessert i isbjørnar fekk til dømes isbjørnar på sin.  Det var gode plagg!

5 kommentarer:

  1. Eg kjøpte restlageret av Rauma finull-garn på skulen og sette i hop genserar til barnebarna, med alle slags bordar og fargar.Det var ganske gøy. Hugsar ein gong på Hareid eg hadde med meg 3-4 ungar på butikken, den eine meir fantasifull i genservegen enn den andre. Det litt flaut.

    SvarSlett
  2. Det var det ikkje! Dei var fine! Yngstemann gjekk ofte med ullkle i staden for regnkle. Ullhue og genser var mjukt og heldt ute småregn. Støvlar og militærbukser var fast følgje.

    SvarSlett
  3. Eg trur ikkje eg kjenner omgrepet hønsestrikk...
    Nei, veret vart ikkje heilt som me yngste, men det er tidleg i april så me er nok ikkje ferdig med dette :)
    God helg !

    SvarSlett
  4. Hønsestrikk - då skal ein eigentleg komponere mønstera sjølv. Det skal vere ulike border og figurar.

    SvarSlett
  5. Eg tabba meg litt i begynnelsen, trudde det berre var å strikke i veg og blande vilt med fargar og border; men det vart feil. Det MÅ vere EIN dominerande farge, og to tre som det er relativt mykje av. Elles blir det berre rot. Men det er ein artig måye å få brukt opp restegarn på.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...