tirsdag 8. oktober 2019

På grensa

Vi kryssa grensa frå Trysil. Der var det heller vinterleg.





Dag 2: Hamar - Karlstad via Nybergsund

I dag har vi stoppa på nokre krigsminne. Eg må heim og sjå Kongens nei...







Haustferie dag 1


Søndag ettermiddag heiv vi oss rundt og bestilte hotell til ein svensketur.

I går køyrde vi Tresfjordbrua for første gong. Det skulle vere trygt no når Mannen har dotte ned.  Det var vel forresten ikkje berre eg som vart skuffa over den hendinga?

Første stopp var Rauma ullvarefabrikk. Der var mykje fint,både innan design og garn.

Vi enda opp i Hamar som planlagt.

onsdag 2. oktober 2019

Bok 41: Vi de druknede

Handlingen utspiller seg i fiskersamfunnet Marstal, på øya Ærø i Danmark, gjennom fire generasjoner, fra den tyskdanske krig i 1848, og fram til mai,1945. Romanen beretter om sjømennene fra Marstal, både levende og druknede, og om sjømannskoner som sitter hjemme og venter på sine ektemenn, ofte forgjeves. Den handler om sjømennenes lengsel og utferdstrang, og om reisene deres, fra Tasmania i sør, til Russland i nord.

Denne lydboka tok eg med meg heim frå biblioteket.  Det var den siste romanen eg ikkje hadde lese - om ein ser vekk frå dei med ei dame med ryggen til på coveret.  Forventningane var dermed lave.  Forfattaren i heimen vart begeistra då han såg valet mitt. Han er ikkje så glad i krim som meg, for å seie det slik.  Sjølv prøver eg å finne anna enn krim, men fell lett attende til det.

20 CD-ar med spennande og interessante historier tok meg ikkje lang tid å lytte gjennom!  Ein vert dregen inn i handlinga som strekker seg over om lag 100 år. 

No har eg vore på bybiblioteket.  Der kom eg over både Jo Nesbø oh David Lagercrantz sine siste krimbøker.  Så no gjeld det å ikkje mørkne ute når eg går tur på Rotarystien! 

Bok 40: Vindbaroner

Vindbaroner er en spenningsroman/krim som går rett inn i dagens opphetede debatt om stigende strømpriser, uhemmet bygging av vindkraftverk og ødeleggelse av urørt natur. Handlingen ligger svær tett opp til reelle hendelser i dagens Norge. Boken har også et etterord som gir interesserte lesere innsikt i bakgrunnen for dagens heftige energidebatt.

Eg tenker at i nokre forfattarar vel krimsjangeren for å få ut ein politisk bodskap. Det ein sit att med etter å ha lese romanen, er nettopp Norge si tilslutning til Acer. Vindmøllemotstandarar vil få vind på mølla om dei les romanen.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...