søndag 28. juni 2015

Hemmeleg strikk ...

 ... er ikkje hemmeleg lenger, for no har dei to "sommarborna" fått gåvene sine.  Til Amanda strikka eg etter mønster i "To raske pinner". Den kjøpte eg på sal rett før. I "Strikk med raske pinner" er der jakke i same mønsteret. Eg valde rosa- og lillafargar, noko eg synest kler Amanda.
 

Mollykofta mi har eg fått mykje skryt for.  AUF-arane i familien kunne godt tenkt seg ei.  Ein dag er var idelaus, kom eg på at eg kunne strikke ei til systera mi.  Eg vog restetråden og fann ut at eg ikkje hadde brukt halvparten av mønsterfargane og blingen.  Det er kjekt å få mindre restetråd! Mottakaren vart minst like glad som eg hadde sett føre meg då eg strikka jakka.

P.S:
Det er ikkje sikkert designaren hadde tenkt at kofta ho designa skulle bli valkampjakke!

7 kommentarer:

  1. Kor flinke du er.
    Kjempefine begge strikkaplagga.
    Eg lika rosemønstret eg óg ;)

    SvarSlett
  2. Mottakarane vart glade begge to, men den rosejakka var berre ei fantastisk gåve!

    SvarSlett
  3. Dette var flotte gaver! Fine genser og jakke! Når du sier det, så passer jo Mollykofta til et politisk parti ja. Det har jeg ikke tenkt på før;)

    SvarSlett
  4. Hei!
    Så nydelig strikk!! :)

    Jeg har googlet og googlet for å finne ut hvilket garn den lange rillestrikka jakka i denne boka er strikket i? Den beige, hvor modellen har på seg cowboyhatt. Jeg vurderer å kjøpe boka, men prøver å finne ut om jeg får tak i garnet først. Så jeg spør deg, siden du har boka. :) Hadde vært så supert hvis du gidder å hjelpe meg ! *tommelopp *

    SvarSlett
    Svar
    1. Da tenker jeg på jakka i "to raske pinner" :)

      Slett
  5. Der er fleire alternativ. Rosendal har eg ikkje høyrt om, elles kan ein bruke dobbel Eskimo eller tredobbel Lima frå Garnstudio. Lima er vel like tjukt som mange andre, så alle levrandørar har nok det. Eg lånte boka på biblioteket til ho kom på halv pris.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for svar!! :) Da ordner det seg med garn ! Supert! 😃

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...