søndag 31. juli 2016

Bergen - Hareid

Det vert ein del mimring då vi køyrde heim indag. For tretti år sidan tok vi fem eller seks ferjer på strekninga.  I dag tok vi ei. Reisetida er og innkorta. Det skuldast sjølvsagt nye, flotte vegar med tunnelar. Men ikkje alle stader ... Artig at ein lagar turistattraksjon av det! Dette er vel eit skilt ein skal ta ned med korpsmusikk, tippar eg.

Elles var veret variert på vegen, men den desidert varmaste staden var Innvik.











lørdag 30. juli 2016

Knappelykke hos Strikkelykke


Sidan tidleg på sommaren har eg vore på jekt etter nokre bestemte kofteknappar. Butikken i Ulsteinvik har bestilt dei inn, og eg har vore der og masa, seinast førre veke.  I går googla eg etter sstrikkebutikkar i Bergen der dei kunne tenkast å ha eit godt utval i knappar. 

Butikken Strikkelykke var lett å finne. Det var berre eitt problem! Butikken hadde nesten for godt utval! Eg fann nokre knappar som var endå finare! Kva gjer ein då? Kjøper begge delar sjølvsagt. Det er slike kjøp ein angrar på at ein ikkje har gjort.  Ekspeditøren spurde om eg var frå Møre. Knappane nedst er dei som høyrer til Sunnmørsbunaden, fortalde han.

Eg har bilde av knappane deira liggande på telefonen, så bloghlesarane skal få sjå det om ein fag eller to.

fredag 29. juli 2016

Bergenstur


I dag har vi køyrt fluttelasset til frøkna til Bergen. Søndag skal ho vere med oss opp att.

Det er no tretti år sidan eg og mannen flytta til Bergen slik at eg skulle få ta årseining i heimkunnskap. Då var eg 23 år og utdanna adjunkt. Det var mitt femte studieår. 

No håper og trur vi ho får fem kjekke og lærerike år her.

D

onsdag 27. juli 2016

Jakta held fram

I kveldninga i dag ville mannen ha seg ei roleg treningstur. "Kva med trimposten ved golfbana?" foreslo eg. Det var han med på. Trimposten var  ein 25-minuttstur på skogsveg, litt raskare tilbake. Tilbake på parkerinsplassen fekk eg bilnøklane. Så fekk han jogge sju kilometer til.

tirsdag 26. juli 2016

Rydding pågår

I dag har eg vore heime åleine.  Kombinert med at mellomstemann reiste i går, gav det meg ein energi til å starte å rydde.  Vi skal køyre frøkna sine ting til Bergen i helga, og yngstemann skal snart flytte i leilegheit.  Så om nokon skal overta nokre av tinga våre, må det vere no. Her er rikeleg med panner, koppar ogkar, handdukar og sengetøy for å seie det slik.

Nokre ting vil ein aldri kvitte seg med.  Desse tre koppane drakk eg av i min barndom.  Bror min hadde ein kopp med politimann og ein "flink gutt".  Eg visste godt at heime så gjaldt det å vere "flink pike" og "snill gutt" også.

søndag 24. juli 2016

På gamle tomter

Ei sosial helg vart toppa med kaffi på Holesanden saman med gode vener!

Krigsskuleeleven ville treffe besteforeldra ein gong til før han reiser i morgon. Då vert det nok ei stund før vi ser han att. Alle tre gutane reiser på tur saman. 
Barndomskompisar.

torsdag 21. juli 2016

Årets varmaste dag?

I går kom fineveret. Då sola eg meg heime og rydda litt i hagen - i tillegg til anna husarbeid.  I dag var det for varmt i hagen. Det er sjeldan det ikkje er eit snev av vind. Så vi for på Holesanden og kosa oss nokre timar. No har det skya over. Ein må gripe dagen på desse kantar.

onsdag 20. juli 2016

Hekling

Eitt av måla mine for sommaren er å lære meg å hekle.  Inspirasjonen kjem frå to kantar. Ein ung kollega av meg hadde hekla ei nydeleg babyjakke til dottera si.  Ho hadde lært seg mykje på Youtube.  Så er det kusina mi.  Ho tryllar fram dei nydelegaste fargesamansetjingar i teppa ho heklar.

Det eg kan frå før, er dei ulike maskene.  Eg har stort sett hekla oldemorruter og elles litt etter fri fantasi.  Til dette mønsteret treng ein kunne luftmasker, fastmasker og doble stavar.

No har eg tatt fram "Håndarbeid fra hagen" av Arne og Carlos.  Eg har og vore på Youtube der dei viser framgangsmåten. Ein kan bruke alle slag restar, seier dei, men eg held meg til Finull.  Så får vi sjå kor stort teppet vert.  Dei store teppa deira er utruleg flotte. Om tolmodet ikkje strekk til eller skuldra mi streikar, så har eg som kjent ei dukkeseng ...



tirsdag 19. juli 2016

Bok 30: Irene


Ny thriller fra Pierre Lemaitre om overbetjent Camille Verhoeven.

Overbetjent Camille Verhoeven befinner seg i en uvanlig periode i livet. Han er lykkelig gift med den vakre Irène og skal snart bli far. Men når en ny drapssak lander på pulten hans, et dobbeltdrap som er så ekstremt at selv de mest hardbarkede blant kollegene blir forferdet, får han bange anelser. Det virker ikke som det ligger noe motiv bak skrekkscenariet, men da det dukker opp en forbindelse til minst ett tidligere uløst drap, blir det klart at de har med en seriemorder å gjøre. Pressen er raskt og skadefro på banen og setter særlig Verhoeven i et dårlig lys.
Men det er Verhoeven som står bak det store gjennombruddet: Dobbeltdrapet er en nøyaktig kopi av en scene i Bret Easton Ellis' bok "American Psycho", og det skal vise seg at morderen lar seg inspirere av flere kriminalforfattere.

«Irène» er kronologisk sett bok 1 om Verhoeven, «Alex» er bok 2(utgitt 2015).


Viss eg forstår det rett, så er dette første romanen i ein trilogi der nummer to, Alex, vart skriven først. Den tredje kjem vel snart ut på norsk, vil eg tru. Også denne romanen står på 10-på-topp-lista.

Eg likte denne romanen godt, men eg skulle ønskje eg hadde lese han først.  No visste eg korleis det ville ende, og det tok vekk mykje av spenninga. Nummer to, Alex, er krim i særklasse.  Ein får berre gle seg til Camille.

mandag 18. juli 2016

Lang yndlingskofte

 
No har eg fått overlevert kufta til yngste niesa.  Oppskrifta er i Kofteboken 2. Garnet er Drops Lima. I går la eg ut bildet på facebookgruppa som starta opp før bøkene vart gitt ut.  Det er litt stas at eine forfattaren av boka har lagt merke til og likt bildet!
 
Amanda ønska seg ei sid, grå jakke, og ho likte godt forslaget eg kom opp med. No håper eg at det vert hennar yndlingskufte!

søndag 17. juli 2016

17. juli

Nokre kjem medan andre fer.  Dei som skulle til Tyrkia fekk turen sin avlyst, så no har dei funne seg alterativt reisemål, heldigvis.
 
Dagens, eller kanskje sommarens, høgdepunkt er at ungdomane i familien har fått dei studieplassane dei har ønska seg.  Mest spenning har det vore knytt til frøkna som no har kome inn på tannlegestudiet i Bergen.
 
I dag har det vore kraftige regnbyger her.  Eg henta nokre peonar i hagen.  Julifargen er rosa etter mi meining ...

lørdag 16. juli 2016

Bok 29: Djevelmasken


Bjørn Beltø er tilbake - denne gangen i den norske bygda Juvdal. I 1708 blir okkultisten Conrad. Krämer funnet død ved Juvdal stavkirke. I 1963 blir kallskapellan Pontius Fjeldberg kastet ut av tårnet på bygdas nye kirke. I 2015 blir journalisten Daniel Lyche drept mens han skriver bok om drapene. Dermed blir arkeologen Bjørn Beltø tilkalt til Juvdal som historisk sakkyndig. En tre tusen år gammel babylonsk maske og det magiske middelalder-diagrammet Guds segl står stadig mer sentralt i mysteriet. 

Eg kom over ei 10 på topp-liste over krimromanar ein bør lese i år. Denne er ein av dei anbefalte.

For meg vart det ikkje noko stor lesaroppleving, men grei underhaldning på stranda i Brighton.

fredag 15. juli 2016

14. juli 2016 - dagen derpå

 Dagen i går vert dessverre skriven inn i historiebøkene som ein av dei tristaste.  Minne om 22.juli kjem fram att for mange.  Akkurat som då, så tenkjer ein at nokre av oss godt kunne ha vore der. Vi likte oss godt der i fjor, og mannen ville gjerne tilbake i år.  Eg insisterte på eit nytt feriemål. Så i år vart det Brighton, rett nok ei veke før.

Eg synest nokre av ungdomane i familien har valt seg litt utrygge feriemål.  Då har eg fått høyre at det like godt kan skje stader der vi reiser som Brighton og Nice.  Det har dei dessverre rett i. Det er vanskeleg å fange opp slike einslege ulvar som let seg inspirere til terror.

Uansett må vil ikkje la oss skremme til å la vere å reise.
 I dag fekk eg føremiddagsbesøk av ei god venninne.  Ho hadde med seg ein nydeleg gardenia som luktar herleg. 
Elles gjekk eg meg på ein serviettsmell igjen ... Til fem kroner pakken, ja, då datt dei berre oppi handlekorga.  I dag brukte eg mange urter då eg laga spagetti bolognese med focacciabrød til.

torsdag 14. juli 2016

Inkalilje

 I går kom bror min og co med ein flott plante.  Eg trudde det var ein sommarblomst som eg og har sett i bukettar.  Namnet stod på krukka, så eg fann fort ut at det er ein staude som overvintrar der det ikkje er for kaldt om vinteren.  Planten skal få vere potteplante ute til han er avblomstra!
Katten liker å ha kontroll. Derfor legg ho seg høgt oppe og ser utover eigedomen. Det skal ikkje herske tvil om kven som er sjefen.  I dag var det ein inntrengjar som hadde lukta seg fram til krabbekalas.  Det skulle ho ikkje ha noko av.

onsdag 13. juli 2016

Samla slekt

 For eit par veker sidan la eg ut på facebooksida til slekta mi at eg satsa på eit treff 13. juli der vi kunne feire alle som har gebursdag om sommaren.  Det viste seg at det passa for alle.  Foreldra mine har tre born og elleve borneborn, og det er fire år sidan alle var saman!
 Når ein skal lage middag, gjeld det å gjere det enkelt.  Eg kokte biffkjøt i går, og så laga eg kjøtsuppe.  Kjøtbollane er ofte mest populære.  Dei laga eg av to kilo malen Gilde kjøtdeig.
 Dei kongelege serviettane kjøpte eg i Brighton
 Mellomstemann hadde laga seg treningsapparat i hagen i dag.
Gjestene hadde laga kakene.  Elles så sette eg som vanleg fram eit ostefat.

No ser vi tilbake på ein svært kjekk dag!

mandag 11. juli 2016

Home sweet home

 I dag tok vi eit fly midt på dag frå Gatwick til Vigra.  Ungdomane hadde laga nydeleg middag til vi kom. 

Det heitest at "borte bra, men heime best".  Sjølv storkosar eg meg i England! Eg skulle gjerne ha vore der lenger, gjerne i leilegheit, for det er grenser for kor lenge ein kan ha tenarskap ... Ei veke med "full English breakfast", er kanskje nok? Eit luksusliv med "How do you want your eggs?", må ta slutt.

Ein lærer seg og å sette pris på det ein har.  Vi er rike i Noreg!  Ein ting vi tek som ei sjølvfølgje, er reint og godt vatn i springen.
 Eg var spent på om rosene i hagen hadde sprotte ut.  Det er visst like før.  Framme er der Aloha, og så skal New Dawn klatre oppover.
 Eit par sortar som var fine i februar, har no fått ein ny vår!
Onsdag kjem heile slekta mi på besøk.  Ein av dessertane vert kanskje grunnlovsdessert?  Rabarbraen har i alle fall kome att!

søndag 10. juli 2016

The end

I dag vakna vi til litt yr i lufta. Då var vi glade for at vi reiste til Eastborne i går, ikkje i dag som også var aktuelt. Eg tenkte kanskje at det var stengt overalt. Men til og med kjøpesenteret var stappfullt. Busslaster med språkstudentar vart sette av utanfor.
Seinare gjekk vi til enden av byen, som har vakse saman med Hove.
Raudt flagg betyr badeforbod.
Coffee!
Det er mykje rart å sjå ved sjøen! 
No er det straks EM-finale. Deretter er det berre å pakke koffertane så godt det let seg gjere. For i morgon  må vi opp relativt tidleg.  (Her serverer ein frukost til halv tolv...)

lørdag 9. juli 2016

Eastbourne

I dag gjekk turen til Eastbourne med buss. Turen tok ein god time langs kysten. Det var mykje flott natur og fine småbyar langs ruta.
Piren er stor og flott, men utan tivoli.
Kafe.

Utsikt mot byen.
Utsikt den andre vegen. Der hadde vi fått anbefalt å gå til klippene.
Eg trir det er den lengste stranda eg har sett! Der var sett opp gjerder eller levegger heile vege. 
På oppsida var det største staudebedet eg har sett!
På enden. Oppe til høgre fann vi oss ein serveringsstad der vi kjøpte oss kaffi og softis.

Eg har fleire bilde på mobilen min. Dei skal eg få lagt inn på datamaskina når eg kjem heim.

fredag 8. juli 2016

Preston Garden

I dag starta dagen litt grått, så vi bestemte oss for å besøke ein kjend hage. På hotellet himla dei med augene då dei forstod at vi skulle gå! Det var altfor langt, så vi måtte ta 5 bussen. Mannen såg på kartet. Det tok oss 35 minutt roleg gange. Og då får vi sjå så mykje meir!

 På grunn av tekniske problem, må eg bruke mannen sine bilde, og han insisterer på at eg skal vere med...


Der var store område med roser. Sjølv synest eg at blomsterenga var meir imponerande.
Elles skulle eg ønske der var namneskilt på rosene slik som i Frognerparken. Då kan ein la seg inspirere til neste rosekjøp.


På andre sida av vegen var steinhagen.
Eg er så imponert over skiltinga i England!
Der var også ein flott dam med vassliljer i ulike fargar.


Ei ekstaoppleving langs vegen: Lovers walk - ein blindveg!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...