I dag har eg vore heime åleine. Kombinert med at mellomstemann reiste i går, gav det meg ein energi til å starte å rydde. Vi skal køyre frøkna sine ting til Bergen i helga, og yngstemann skal snart flytte i leilegheit. Så om nokon skal overta nokre av tinga våre, må det vere no. Her er rikeleg med panner, koppar ogkar, handdukar og sengetøy for å seie det slik.
Nokre ting vil ein aldri kvitte seg med. Desse tre koppane drakk eg av i min barndom. Bror min hadde ein kopp med politimann og ein "flink gutt". Eg visste godt at heime så gjaldt det å vere "flink pike" og "snill gutt" også.
Slike koppar har me her i huset også, faktisk heilt frå min barndom.
SvarSlettFint å få sende med ting til borna som flytta ut, eg gjorde det same. Forhåpentlegvis
var det kjekt for dei også.
Om du har for lite å gi frå deg-så berre henvis dei hit, her er overflod av det meste.
SvarSlett