søndag 3. juli 2016

3. juli 2016

Vanlegvis feirar eg dagen min på ferie.  I år har eg vore heime, men nytta litt av dagen til å pakke.

I morgon tek vi direktefly frå Vigra til Gatwick, og deretter tog til Brighton der vi vert ei veke. Det vert spennande med eit nytt reisemål! Det kan no hende vi tek oss eit par småturar med tog.  Time will tell.  Eg satsar på eit postkort på bloggen frå mobilen kvar dag!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med vêl overstått bursdag! Vi var på hytta ved havet denne dagen og nokre til. No har eg lese om turen dykkar til Brighton, og mimra om dei mange veteran-turane vi har hatt til Bornemonth og omegn i løpet av ein 20-årsperiode, sist i 2010. Det var i sept. mnd. der hovedaktiviteten var veteranmarknaden i Beaulieu. Mange gode minner. Litt lang reise for oss i og med vi køyrde privatbil til Drammen og deretter buss, båt - og buss i England i lag med "likesinna" ned til Sør-England. Dei flotte promenadane langsmed sandstrendene er fin rekreasjon for engelske pensjonistar i september etter at turistane er reist.

    SvarSlett
  2. Tusen takk!
    Reising har vorte mykje enklare når ein kan sette seg på fly på Vigra og kome rett fram. Deretter går det tog eller buss. Ein må berre lære seg med systemet.
    Flotte promenadar, ja. I Eastbourne var der rikeleg med benkar, slike med namn på dei som har donert dei.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...