fredag 31. august 2012

Barletta

 Mønsteret til denne korterma vesten, som det står i boka, fann eg i Retromasker.  For at eg ikkje berre skal ende opp med blå og grå klede, valde eg rosa garn som i mønsteret.  Eg brukte Hverdags og strikka største størrelse.

torsdag 30. august 2012

Kvalitetslitteratur?

Inspirert av mor mi, tok eg meg ein bytur for å finne nye bøker.  På bygdebiblioteket hadde dei helst slike bestseljarar "med gripande historier" - ikkje noko for meg!

Så står det att å sjå om eg vil like desse.  Blogglesarar må gjerne anbefale!

onsdag 29. august 2012

Tida flyg ...

.. når ein set seg ned med slike prosjekt.  No driv eg og legg siste hand på dette prosjektet.  Eg har att halsen, og så skal knappane festast skikkeleg.

tirsdag 28. august 2012

Fleire reformer

Og i dag er det ikkje nynorskreforma det er snakk om, sjølv om det kan sjå slik ut. Måltider er inga nynorsk fleirtalsform.  Det heiter framleis eple, bilete (bilde står ikkje i ordlista anna en på altarbilde?), møte - og måltid i inkjekjønn fleirtal.

Statens ernæringsråd har kome med nye nøkkelråd, og sidan vi får nye kokebøker kvart år, er endringane på plass!  Du finn dei her - på bokmål ...

- Ein skal framleis ete "fem om dagen", men poteta er ikkje med i rekneskapen.
- Ein skal ete 350-400 g rein fisk i veka, av dette bør 200 g vere feit fisk.Dette rådet er meir konkret enn før.  Så svært store endringar er ikkje dette, og for dei som følgjer med i tida, er det ikkje særleg nytt.

Eg såg forresten i eit vekeblad at det siste no ikkje er lavkarbo, men grovkarbo.  Velkomen etter!

mandag 27. august 2012

Bok 43: En helt annen historie

Dette er den andre av dei fire krimromanane med Gunnar Barbarotti som eg har sikra meg.

Gunnar Barbarotti mottek eit brev rett før han skal på ferie saman med ho han skal fri til. I brevet står namnet på ein som skal bli drepen.  Brevet er frå mordaren.  Fleire brev dukkar opp etter kvart.  Vi får og høyre om ein ferie der offera er saman i Frankrike.  Der vart meir dramatikk enn planlagt. Ei jente dei har med seg på båten, kjem ut for ei ulykke.  Dei bestemmer seg for å skjule det som har hendt.

Vi følgjer politiet i deira etterforsking. Og vi følgjer privatlivet til Gunnar Barbarotti som vert meir spennande enn i første romanen.

Som i den førre romanen sparkar forfattaren litt hit og dit. Eg har sansen for måten han ser på det svenske samfunnet med skråblikk. Media får sitt. Også familieforholda vert typiske.  Jordmora han skal gifte seg med, har to born som bur hos seg.  Eldstejenta til Barbarotti har flytta til London, medan sønene bur i Danmark.  Kva skjer med frieriet når alle tre vil flytte til far?  (Eg har begynt på tredje romanen.)

Mordgåta er kanskje ikkje så "enkel" som ein først trudde.  Tittelen på boka er viktig.  Og eg har sansen for slutten.

Bok 42: Tegn til kjærlighet

Av og til les du bøker som du ikkje heilt får taket på. Er det noko eg ikkje har forstått? For meg vart denne ei slik bok.  Eg ser ein stad at romanen kan lesast som ein stor metafor.

Eg fann ei bokmelding på nett som eg meiner set fingeren på det som også var mi oppleving av romanen. Blogglesarane får heller legge inn protest!

søndag 26. august 2012

Siste søndag i sommar

I løpet av søndagen har eg hatt tid til å dyrke dei fleste av hobbyane mine frå strikking og brødbaking til lesing og turgåing.  Fjerde sesong av Tudors er sendt frå play.com.  Prisskilnadene var så store at eg tok sjansen på dei att.  Så får vi sjå kva språk den er teksta på.

Menyen i dag var svært enkel.  Han som skal vere vekke denne veka, fekk bestemme.  Så det vart pølsegryte.
 Systera mi har innført omgrepet "vekas Pavlova".
Eg hadde ein knekt botn att i matbuda. Eg knekte den endå meir for å få den til å passe i skåla.  Ingen ser det når desserten vert servert! I frysaren fann eg nokre lettsukra molter då eg rima han av..
To pakkar fløyte gjekk med.  Det hadde sjølvsagt vore fint med nokre molter på toppen.  Desserten fall godt i smak. Det var visst den beste dei hadde smakt.

Eg liker best å la Pavlovaen stå å bli litt blaut, men det er visst feil?

Når sola går ned i vest ...

 Eg kom litt seint i gang med dronningmarmeladen i går.  Matvarer handlar eg nemleg helst litt seint på ettermiddagen.  Det passa godt at eg fann kirsebær på tilbod samtidig som stikkelsbæra på det eine treet hadde begynt å raudne.  Eg brukte oppskrifta i "Sylting og safting heile året" s. 79 og gonga den med 1,5.  Neste år kjem eg til å la vere å gonge sukkeret og pektinpulveret.  Då vert det heilt etter min smak.  Her må folk prøve seg fram, meiner eg. Kjøper du syltetøy, er det endå meir sukker i enn i oppskrifta.
Til desse glasa kjøpte eg ingrediensar for ca 150 kr.  Ein får vel kalle syltetøyet litt eksklusivt.  Sjølv et eg mykje syltetøy på grovbrød i det daglege.  Helst vil eg lage det sjølv, men eg kjøper også ein del, og då vel eg ikkje billegaste sort.

I dag har eg to spørsmål til blogglesarane:
1. Veit de om ein får kjøpt frosne, reinsa kirsebær nokon stad?  Før hadde dei på Meny. I tilfelle vil eg plukke meir stikkelsbær å putte i frysaren.

2. Er det nokon som har ei god oppskrift på rørt eller kokt syltetøy med grøne stikkelsbær?

lørdag 25. august 2012

I dag er det ikkje mulig

Og då snakkar eg om å skrive mulig eller muleg på nynorsk.




Vi har dessverre ingen informasjon om ordet 'mulig' i nynorskdatabasen korkje i ordlistene eller i ordboka.

Har du tips om nye ord, ta ein kikk på sida http://www.hf.uio.no/iln/tjenester/kunnskap/samlinger/ordvakta/




mogeleg a2

; el mogleg a2

(norr mDguligr, frå lty; samanheng med måtte)
Kjelde: 
http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=&nynorsk=+&ordbok=nynorsk
Rotary på Hareid kan elles glede seg over ei endring i rettskrivinga, sti har no kome inn i som jamstelt til stig.  Vi kan gå tur på Rotarystien utan å irritere oss over namnet.  
Regelen med at nad-ord får -er i fleirtal er vekke.  Bunadar er like rett som bunader. 
I går las eg i eksamensinformasjonen for grunnskulen at til og med våren 2014 skal ikkje elevane trekkast for rettskriving frå før reforma. Det tek litt tid å få ordlister på plass, i alle fall i papirutgåve.  Eg har eit inntrykk av at fleire har begynt å bli einige med meg: Ordliste på nett er lettvint og greitt.  Ho er dessutan meir omfattande enn papirutgåva.
Det får vere nok for i dag. Eg kjem til å satse på å sette meg inn i den nye rettskrivinga snarast råd. Det er berre å gi meg nokre rettingsbunkar.  Elles har eg lett for å lese avisene med argusauge.  Møre Nytt i Ørsta er best i rettskriving av lokalavisene, meiner eg.
Dagens illustrasjon er frå VG.  Å lage ei sanning av noko kvar femte kvinne meiner, er dumt nok i seg sjølv, men kven er dei alt for?



fredag 24. august 2012

Skappel-genseren

Då eg såg innslaget om Skappel-genseren, som har vorte så populær, på Frukost-TV, tenkte eg sant å seie at genseren var heller enkel, men alt kler den smukke.  Men tenåringane plukkar opp trendar.  Då frøkna ville ha meg til å strikke henne ein, svarte eg at det greier ho sjølv, men eg skal spandere garnet.

Oppskrifta fann ho her. Garnet kjøpte vi på Trådkråa. Ho fekk den fargen ho ville ha.

No skal eg innrømme at eg har større tru på plagget enn eg hadde i utgangspunktet, mykje takka det herlege garnet.  I samråd med ho som selde oss garnet, har vi lagt opp seks masker færre til bakstykket.

Eg synest det er kjekt at strikking har kome på moten att!  I dag hadde eg første strikketime i tiande.  Elevane er motiverte, og eg ser ikkje vekk i frå at det kjem til å dukke opp nokre Skappel-genserar som dei har strikka heime utover hausten. På skulen vert det helst småplagg som vottar og tøflar.


torsdag 23. august 2012

Skuletur

 Dei fleste av oss ser vel på det som eit lite frynsegode å kunne gå på fjellet i arbeidstida.  I dag gjekk eg saman med åttandeklassingane. Det er flott å kome seg opp i høgda og sjå på båt- og ferjetrafikken.
 Idrettsanlegga ligg der på rekke og rad.  Utsikt frå Holstadhornet mot Melshornet.  Grimstadvatnet ligg midt i bildet, og så skimtar ein Snipsøyrvatnet bak til høgre.
 Her ser ein heile Snipsøyrvatnet.
Ut mot havet!

Fotoapparatet er smarttelefonen.  Det er ikkje alltid like lett å sjå kva ein tek bilde av, men kvaliteten på bilda vert bra, synest eg.

Er det mulig?

No er eg verkeleg forvirra.  I går sjekka eg den oppdaterte ordlista på nett.  Der fann eg verker muleg eller mulig.  I dag er den endra.  Kva skjer?

Under kjem heile artikkelen, i tilfelle han vert endra att!

OppslagsordOrdbokartikkel
mogeleg a2
I dette vinduet skal du finne tabell a2 for oppslagsordet mogeleg
; el mogelig ; el mogleg a2
I dette vinduet skal du finne tabell a2 for oppslagsordet mogleg
; el moglig el muleg el mulig (norr mDguligr, frå lty; samanheng med måtte)
1 som kan gjerast, gjennomførast, som er råd
det er ikkje mogeleg å høyre nokodet er ikkje mogeleg å høyre noko / det er teknisk mogelegdet er teknisk mogeleg / det er ikkje mogeleg for meg nodet er ikkje mogeleg for meg no / så snart som mogelegså snart som mogeleg / så lite, mykje som mogelegså lite, mykje som mogeleg / reise med minst mogeleg bagasjereise med minst mogeleg bagasje
det er ikkje mogeleg å høyre nokodet er ikkje mogeleg å høyre noko / det er teknisk mogelegdet er teknisk mogeleg / det er ikkje mogeleg for meg nodet er ikkje mogeleg for meg no / så snart som mogelegså snart som mogeleg / så lite, mykje som mogelegså lite, mykje som mogeleg / reise med minst mogeleg bagasjereise med minst mogeleg bagasje
1 som kan gjerast, gjennomførast, som er råd
det er ikkje mogeleg å høyre nokodet er ikkje mogeleg å høyre noko / det er teknisk mogelegdet er teknisk mogeleg / det er ikkje mogeleg for meg nodet er ikkje mogeleg for meg no / så snart som mogelegså snart som mogeleg / så lite, mykje som mogelegså lite, mykje som mogeleg / reise med minst mogeleg bagasjereise med minst mogeleg bagasje
det er ikkje mogeleg å høyre nokodet er ikkje mogeleg å høyre noko / det er teknisk mogelegdet er teknisk mogeleg / det er ikkje mogeleg for meg nodet er ikkje mogeleg for meg no / så snart som mogelegså snart som mogeleg / så lite, mykje som mogelegså lite, mykje som mogeleg / reise med minst mogeleg bagasjereise med minst mogeleg bagasje
2 som kan vere eller hende, tenkjeleg
det er mogeleg eg kjem i kvelddet er mogeleg eg kjem i kveld / det er mogeleg, men ikkje sannsynlegdet er mogeleg, men ikkje sannsynleg / han et nesten alt mogeleghan et nesten alt mogeleg / bruke alle mogelege middelbruke alle mogelege middel / nei, kan det vere mogeleg?nei, kan det vere mogeleg?
det er mogeleg eg kjem i kvelddet er mogeleg eg kjem i kveld / det er mogeleg, men ikkje sannsynlegdet er mogeleg, men ikkje sannsynleg / han et nesten alt mogeleghan et nesten alt mogeleg / bruke alle mogelege middelbruke alle mogelege middel / nei, kan det vere mogeleg?nei, kan det vere mogeleg?
// eventuell, potensiell
ein mogeleg kjøparein mogeleg kjøpar / ei mogeleg forklaring

onsdag 22. august 2012

Kvar vart det av henne?

Vi har fått høyre at vi berre kan slappe av.  Vi skal få skrive som før.  Det skal kome nokre få endringar som skal gjere det lettare å skrive nynorsk.  Det er former som ikkje er i bruk, som skal vekk.  Noen og bare er blitt bokmål. Klammeformene er vekke, slik at t.d. sette og setje er likestilte. Det same gjeld gjester og gjestar. Så langt er eg nøgd.  Eg kan skrive som før!

Så ser eg at lig-formene skal vekk.  Ein kan verken skrive muleg eller mulig, medan mogleg og mogeleg er greitt.  Det begynner å røyne på.  Eg liker det ikkje.

Verst av alt er dei nye pronomena. Det er greitt nok at mange ikkje greier å skilje mellom de og dykk.  No kan ein skrive dykk også i subjektsform.  Dei nye dokker-formene liker eg ikkje.

Så fekk eg høyre at objektsforma henne er vekke.  Eg må innrømme at eg vart lettare stressa og irritert.  Kva er dette?  Skal vi gå rundt å skrive "Eg elska ho"?  I minigrammatikken kan det sjå slik ut. Men no har eg sjekka vidare og funne ut at ein kan gå inn på ho i ordlista og trykke på pron.  Då ser ein at ho og henne er likestilte former i objektsform.

I sommar melde eg meg inn i mållaget.  Då fekk eg to slike "buttons" som eg har feste på ranselen min - akkurat som på vidaregåande.  Då stod det "Nei til atomvåpen" på den eg hadde.

Eg elskar deg, eg elskar han, eg elskar henne, eg elskar nynorsk ... Heldigvis!


tirsdag 21. august 2012

Annes blomst

I sommar strikka eg desse vottane.  I dag passar det godt å legge dei ut på nett.

mandag 20. august 2012

Det er det som duger!

I dag har mange hatt sin første dag på skulen.  Eg er tante til ein førsteklassing som sikkert har hatt ein stor dag i dag.  Kven hugsar ikkje den første skuledagen?  Det finst nok bilde av dei fleste av oss.

Eg har møtt halvparten av dei elevane eg skal ha. Og eg er godt i gang med å lære dei nye 65 namna.  Eg har som sport å lære namna raskt, helst etter ein time.

I aviser og på TV vert det sagt mykje om skulestart i desse dagar.  Det er ulikt fokus.  Ein moteekspert hadde kledd opp ein bunt 1.klassingar slik at dei såg ut som dei kom frå 50-talet. Det er sjølvsagt kjekt med nye og fine kle til skulestart.  Men å bruke tid til å forhandle og lokke fordi mor vil at dei skal skilje seg ut og vere trendy, det synest eg vert feil.  Det viktigaste er fornuftige kle og ein god sekk.

Det som eg synest er trist, er at så mange grur seg til skulestart.  Når det gjeld mobbing, er det noko alle vaksne bør ta tak i.  Eg har aldri forstått at folk har glede av å såre andre.  Ein kan sjølvsagt kome i skade for å såre folk fordi ein ikkje veit kva dei ber på, men å gå inn for det, nei, det er det inga unnskyldning for. Det handlar rett å slett om å vere snill.

Heilt sidan ei viss gullmedaje i Ol, har det vore eit sterkt ønske om tran i huset, rett nok med litt smak.  Sjølv har eg gitt opp å ta tran.  Men eg er glad i fisk.  I dag har vi ete makrell til middag.  Det finst også mykje godt fiskepålegg.

Ein barneskulelærar eg kjenner, meiner at matpakkane vert stadig meir spesielle og mindre sunne.  Kvar vert det av grovbrødet med sunt pålegg? Ser ein på TV no om dagen,  kan ein tru at ein manglar omsorgsevne om ein "berre" sender med borna slik mat.  Matboksen bør ha mange bur, og bitane må gjerne vere hjerteforma. Ein skulle tru det var noko gale med matlysta til det norske folk!  Heldigvis får ungdomsskuleelevane gratis frukt og tilbod om skulemjølk.  På Ørsta stadion i går selde dei vatn, jus og sjokomjølk i staden for brus.  Det er eit steg i rett retning.

Då vil eg ønskje alle blogglesarane eit godt nytt skuleår anten som elevar, studentar, lærarar, foreldre eller besteforeldre!

søndag 19. august 2012

Korleis steiker ein eigentleg fisk?

Eg har fått spørsmål frå ein ung mann om korleis ein best steiker fisk.  Eg har lova å legge ut ei oppskrift med forklaring på bloggen.  Det er ikkje vanskeleg. Omtrent all fisk kan steikast, og denne metoden kan nyttast.
Du blandar saman mjøl, salt og pepar på ein tallerk.
Skulekjøkenopskrifta seier:
3 ms mjøl
2 ts salt
1 krm pepar
(Sjølv bruker eg å tenke 1:5 og kverne høveleg med pepar.)

Du kan også ha denne blandinga i ein pose og legge fiskestykka i.  Ein sånn pose er også fin å ha med på fisketur om du vil steike fisken ute.
 Del stor fisk i stykke.  Makrell og krede steiker ein gjerne heil med snitt i.  Tørk gjerne fisken med tørkerull.
 Snu fiskestykka i mjølet.
 I skulekjøkenoppskrifta står det 2 ms smør/margarin/olje.  Ein hybelbuar som deler kjøleskåp med andre kjem langt med Bremykt.  Her tok eg bilde rett før smøret er klart. Skummet skal "legge seg" før du har i fiskestykka.
 Steik fisken på ganske sterk varme.  Skinnsida skal ned først.
Snu fisken.  Etter ei lita stund, skrur du ned varmen.  På bildet ser du at seien i midten ikkje er heilt gjennomsteikt.  Påss på, for fisken er best når han er akkurat nok steikt. Den vert fort tørr. Server med ein gong!

lørdag 18. august 2012

Jam versus Certo

I dag har eg drive seriøs forsking igjen, så seriøs som ein kan på eit amatørkjøken.  Bakgrunnen for at eg sette i gang, var at eg synsa litt i fjor.  Eg syntest at rørt syltetøy vart stivare med Certo frysepulver enn med Jam syltepulver.  Ei venninne av meg meiner at Certo set smak på rørt sylte.  Eg har i grunnen halde meg til Jam tidlegare.

Eg vog opp 2 kg rips og 750 g sukker (litt meir enn 7 1/2 dl som eg brukte i fjor, oppdaga eg etterpå) og 1 pakke pulver.  Eg heldt på med dette medan eg laga middag.  Så eg berre merka glasa og sette to av dei i kjøleskåpet.

Resultat

Konsistens:
Syltetøyet med Certo vart tjukt medan eg rørte det.
Syltetøyet med Jam vart ganske rennande då eg hadde det i glasa.

Etter nokre timar i kjøleskåpet var det mindre skilnad på konsistensen.  Syltetøyet med Jam hadde blitt ganske tjukt, men ikkje fått så fast konsistens som det med Certo.

Smak:
Eg synest det var ganske stor skilnad på smaken.  Syltetøyet med Jam smakte mykje friskare.  Eg meiner venninna mi har rett der!
Konklusjon
Eg kjem til å halde meg til Jam frysepulver i framtida.  Smaken er best, og det er vel tjukt nok.  Kanskje ein kunne prøve med ein pakke pulver til 1 1/2 kg bær.

Kva meiner blogglesarane?

P.S.
Til kokt syltetøy har eg heilt gått over til fruktpektin i grøn Certopakke.  Det var den same venninna som først tipsa meg om det.

fredag 17. august 2012

Sylting og safting heile året - ei bokmelding

I år har eg hatt ein liten sommarjobb på slutten av ferien, nemleg å skrive ei bokmelding for Vikebladet.  Det gjorde eg med glede. Bokmeldinga finn de her.

I morgon håper eg at eg får tid til å plukke bær og sylte litt.  Der er mange oppskrifter eg har lyst å prøve!

torsdag 16. august 2012

Skadedyrmishandling

 Eg tenkte eg skulle ta med blogglesarane ut i hagen. Her er varmt og fint til langt på kveld for tida.  Først må de få sjå den flotte planten eg fekk av naboen.
 Sukkererter frå far min si avling i fjor.  Han er flink å samle frø.  Blomstrane er lilla.
Dette er ein plante som har vakse fram her.  Eg har ein mistane om kvar den kjem frå.  Er det nokon som veit namnet?
 I fjor kjøpte vi oss to nye hekkar.  Dei har vakse litt.  No gjødslar eg dei med kaffigrut.  Ein nabo meiner det kan hjelpe mot sniglar.  Om det stemmer, er eg litt i tvil om, men det skader i alle fall ikkje.

Måndag fekk eg kjøpe dei siste dråpane av sniglegift som er å oppdrive på øya i år.  Eit par kveldar har eg no gått rundt i nabolaget og samla inn iberiasniglar.  Desse har eg marinert i gifta eitt døgn i ein boks med lok.  Så har eg klipt desse sniglane i to og spreidd dei i min eigen hage og hagen til ein alliert. I løpet av natta er det meininga at andre sniglar skal ete desse med gift i, og så skal stadig nye sniglar stryke med.

 Eg har fått spørsmål om ikkje dette er dyremishandling.  Kva skal ein seie, skadedyrmishandling?  Eg håper hagelaget har same tilbod til våren om det skulle bli nødvendig.


onsdag 15. august 2012

Alt er ein overgang ...

 No har vi allereie vore to dagar på jobb.  Vi er i siget.  Etter ein og ein halv dag med kurs på ein annan skule, var det godt å kome til sin eigen arbeidsplass.

I år skal eg undervise i på åttande og niande trinnet.  Etter fire år med tiande vert det ein overgang.  Det kan bli godt med ein pause frå eksamen til våren, kjenner eg.

Nokre kollegaer må levere barn i barnehage.  Det er ein overgang.  Sjølv synest eg den tøffaste overgangen er når dei reiser heimanfrå for første gong.  Ein veit ikkje om dei vil finne seg til rette i byen og på studiet.  Det og bruker å gå bra.  I år starta vår student på fjerde året.  For han vert det vel Oslo som er "heime" etter kvart. Det er berre ein ting som er verre enn at dei flyttar heimanfrå, og det er at dei ikkje gjer det, plar eg seie.  Ein skal vere glad for at ungdomane er i stand til å greie seg sjølve.

I fjor skreiv eg nokre råd til studentar som flyttar heimanfrå. Eg har og fått nokre spørsmål om enkle rettar og om "Korleis steiker ein fisk?".  Eg får prøve å kome attende med nokre enkle oppskrifter og framgangsmåtar etter kvart.

Eg kunne gi mange råd til foreldre.  Ein skal ikkje gi råd som ein ikkje vil følgje, har eg lært.  Men det som kan vere lurt, er å nytte det (dei!)siste året (åra) dei bur heime til å lære dei til dømes å vaske kle og anna husarbeid dei vil få bruk for. Då heimkunnskap vart til mat og helse, vart skjortestryking, flekkfjerning og ullvask ute av planen.  Men kunnskapen trengs!
Bilda er frå tysdagsturen langs Rotarystigen.

tirsdag 14. august 2012

Bok 41: Menneske uten hund

Frå å vere ein skeptikar til Håkan Nesser, har eg vorte ein fan.  Van Veeteren vil eg rett nok framleis berre sjå på film.

Dette er første av fire bøker der Gunnar Barbarotti er etterforskar.  To forsvinningar skjer i ein familie som har samla seg for å feire 105-årsdag.  Det vil seie far fyller 65 og dotter 40.  Sonen Robert har vore med i ein realityserie på Fangene få Koh Fuk.  Her har han gjort skam på seg sjølv og familien på grunn av ...

Ja, her får de lese sjølve.  Nesser peikar på mange fenomen i Sverige mellom anna realityseriar. Eg kosar meg med humoren og ironien.

To familiemedlemer forsvinn rundt fødselsdagen.  Er der ein samanheng?  Kva følgjer får desse forsvinningane for dei andre i familien.  Etterforskinga går sakte framover. Noko forstår vi undervegs, andre tin ikkje.  Eg synest Nesser skriv litt underfundig.  Han har mange interessante refleksjonar.

Som kjent har eg sikra meg dei tre andre bøkene i serien

Book2go



Då eg var i hovudstaden, var eg inne på "Norges billigste bokhandel" på Oslo S.  Der kjøpte eg ei såkalla Book2go.  Det er ein MP3-spelar med bok innebygd.  For 99 kr fekk eg to bøker av Håkan Nesser.  Desse spelarane går på batteri, så ein er ikkje avhengig av datamaskin for å lade dei.

Vel tilbake på hotellrommet oppdaga eg at eg hadde kjøpt bok to og tre i Barbarottikvartetten.  Då var det berre å finne att bokhandelen og kjøpe den første i serien "Menneske uten hund".  I går stakk eg innom biblioteket.  Der var det lite nytt, men det eg fann, var den fjerde boka i serien.  No har eg lese ut den første, så bokmelding vil følgje.

Barbarottikvartetten:
Menneske uten hund (2006)
En helt annen historie (2007)
Beretningen om herr Roos (2009)
De ensomme (2011)


mandag 13. august 2012

Rørt bringebær- og ripssyltetøy

Her i familien er vi svært glade i rørt syltetøy. Ripsbæra har begynt å bli modne no.  I går plukka eg inn eit kilo rips og blanda med tilsvarande mengde frosne bringebær som fekk tine litt før eg rørte dei. Inspirasjonen til denne blandinga fekk eg i Gunda si bok. Eg brukte same sukkermengd  som eg bruker til rørt rips

1 kg ripsbær
1 kg bringebær

1 pk Jam/Certo rørepulver
7 1/2 dl sukker

Eg rørte syltetøyet i Kenwooden til sukkeret er oppløyst.  Sidan ripsbæra var akkurat modne, brukte eg stavmiksaren til slutt for å knuse dei.  Syltetøyet vart friskt og godt.

søndag 12. august 2012

Ein gong ... alltid ...

 I dag, på kanskje sommaren sin finaste dag, var det stort friidrettsstemne på stadion, Hadarleikane.

Femtiåringen stilte i klasse for seg, men sprang saman med juniorane, som, i følgje han sjølv, sprang så fort som han gjorde i sin ungdom.  Gull vart det. Om der var nokre sprekare i hans klasse, så stilte dei ikkje ...
Eg hadde berre med meg mobil.  De finn betre bilde her.

lørdag 11. august 2012

Sviskekake

Denne kaka laga eg tysdag.  Eg må inn på gamlebloggen for å finne oppskrifta.  Kor lenge den bloggen ligg der, veit eg ikkje, så eg synest dety kan vere greitt å legge den over på den eg bruker.
Botn
4 dl brunt sukker
4 eggekvitar

Ha sukker og eggekvite i miksaren og pisk til ein tjukk marengsmasse. Smør marengsen utover ei langpanne med bakepapir. Steik botnen på 150 grader i 1 time.



Sviskekrem
1 pakke svisker
ca 2 dl vatn


5-6 dl kremfløyte


Kok sviskekompott av svisker og vatn. Avkjøl kompotten og pisk fløyten. Bland saman med slikkepott. Del marengsbotnen i to. Ha sviskekrem mellom laga og på toppen. Kaka bør stå i minst 5-6 timar å trekke. Pynt er etter eigen fantasi. Eg brukar dajmcrisp.

Det er ein fordel å ha ein kraftig miksar når ein lagar marengs.  Det heitest at egga må vere romtempererte for å få luftig marengs.  Men då er dei vanskelegare å skilje.  Mi erfaring er at når ein legg dei i ein bolle og blandar dei med sukker, så går det jheilt fint.

Som de ser, bruker eg eit ovalt fat.  Eg deler først marengsbotnen i to.  Det som går utanfor fatet tek eg vekk og legg der det høver.  Så har eg på sviskekrem, ein botn til, så sviskekrem og til slutt dajmcrisp til pynt. Eg laga kaka kvelden før eg fekk besøk.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...