torsdag 9. august 2012

Serieslave?

Det går mange seriar på TV, og det er lett å bli hekta. Tysdagane er ein typisk damedag på TV2.  Då får eventuelle fotballkampar helst sjåast i kjellaretasjen.

No i ferien prøver vi vaksne å finne noko vi liker begge to.  Tudors har gått seint om kveldane på NRK.  Mannen i huset har hatt lyst til å hekte seg på.  Så oppdaga vi at første sesongen var i huset.  Eg sa meg villig til å gi seien ein sjanse.  Og så vart eg hekta!  Så hekta vart eg at då vi hadde sett ferdig desse første episodane, var eg rask å gå rett på nett og bestilte andre sesong.  Litt rask kanskje, for den kom med finsk og gresk tekst! Heldigvis var der også engelsk tekst, så det går greitt sjølv om språket er litt gammaldags innimellom. Kva gjer ein når ein har sett ferdig sesong 2?  Skal ein vente på NRK?  Eg bestemte meg for å unne meg tredje sesong, denne gongen med norsk tekst.

Kva er det som er så fascinerande med serien?  Historia kjenner vi.  Den er full av politisk spel og intrigar.  Skodespelarprestasjonane er fantastiske. Dei får fram fleire sider av karakterane sine. Kleda og smykka vakre.  Det historiske bakteppet er interessant.  Det går ikkje fort framover, men det er ikkje kjedelig, tvert imot!

I siste episode vi no har sett, miste Anne Boleyn hovudet.  Vi har vore i The Tower og sett avrettingsplassen.

Serien har femtenårsgrense.  Sjølv ville eg ikkje anbefale den for born.  Der er rikeleg med "sterke scener".


2 kommentarer:

  1. Eg har sett mykje av serien, delvis fordi Henrik den8. er ein flott og fascinerande person. Men skal eg sjå heile serien må eg ha norsk tekst.

    SvarSlett
  2. Det var dumt eg ikkje kom på å sjekke det. For meg går det greitt. I ein episode oppdaga eg ikkje at teksten mangla før dei begynte å snakke fransk. Då var det berre å få på engelsk tekst ... Du skal få låne etter kvart om du vil.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...