onsdag 8. august 2012

Slektsbesøk

 I dag har vi hatt besøk av svograr og svigerinner.
 Det var nokon som ønska seg reprise på rømmegrautmenyen.  I dag kokte eg graut av 12 beger rømme.  Dei skal få ulyste seg med restar, for no vert det nok ei stund til neste rømmegrautmåltid!

Også i dag serverte eg spekemat, poteter, flatbrød og lettrømme til. Nokre vil gjerne ha poteter medan andre et berre spekemat til.
Eg serverer ikkje dessert etter eit slikt måltid.  Men eg hadde nokre kransekakestenger til ein kopp kaffi og litt frukt.

Figgjoserviset som eg dekte på med har vi arva frå svigerforeldra mine.  Det er nok eit typisk 50-talsservise, vil eg tru?

5 kommentarer:

  1. Mmm, no fekk eg lyst på rjømegraut altså :)
    Og mykje godt tilbehør, poteter til grauten har eg ikkje smakt, men med spekemat til er det nok godt ilag.
    Ellers er eg imponert over alt du les, du er nok effektiv og får unna ting i ei fart.

    God onsdagskveld !

    SvarSlett
  2. Eg og Aron er like glade i rømegraut! Eg lagar av ein pk røme og ein pk fløyte, og sper med rikeleg melk, då har vi graut i fleire dagar!

    SvarSlett
  3. Potetene er til spekematen - på eige fat, gjerne med flatbrød.
    Lydbøker er effektivt. Det kan kombinerast med arbeid :-)Fir meg vert arbeidet meir lystbetont.

    SvarSlett
  4. Eg bruker å kjøpe inn eitt beger rømme pr person. Oppskrifta finn eg i den gamle raudruta kokeboka med omtrent lik mengde rømme og H-mjølk.
    Grautetarane her er ikkje småspiste ...

    SvarSlett
  5. Nå fikk jeg lyst til å koke rømmegrøt.
    Det er jo kjempegodt.
    Så koselig å samle familien til et slikt måltid.
    Ønsker deg en god dag :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...