lørdag 11. august 2012

Sviskekake

Denne kaka laga eg tysdag.  Eg må inn på gamlebloggen for å finne oppskrifta.  Kor lenge den bloggen ligg der, veit eg ikkje, så eg synest dety kan vere greitt å legge den over på den eg bruker.
Botn
4 dl brunt sukker
4 eggekvitar

Ha sukker og eggekvite i miksaren og pisk til ein tjukk marengsmasse. Smør marengsen utover ei langpanne med bakepapir. Steik botnen på 150 grader i 1 time.



Sviskekrem
1 pakke svisker
ca 2 dl vatn


5-6 dl kremfløyte


Kok sviskekompott av svisker og vatn. Avkjøl kompotten og pisk fløyten. Bland saman med slikkepott. Del marengsbotnen i to. Ha sviskekrem mellom laga og på toppen. Kaka bør stå i minst 5-6 timar å trekke. Pynt er etter eigen fantasi. Eg brukar dajmcrisp.

Det er ein fordel å ha ein kraftig miksar når ein lagar marengs.  Det heitest at egga må vere romtempererte for å få luftig marengs.  Men då er dei vanskelegare å skilje.  Mi erfaring er at når ein legg dei i ein bolle og blandar dei med sukker, så går det jheilt fint.

Som de ser, bruker eg eit ovalt fat.  Eg deler først marengsbotnen i to.  Det som går utanfor fatet tek eg vekk og legg der det høver.  Så har eg på sviskekrem, ein botn til, så sviskekrem og til slutt dajmcrisp til pynt. Eg laga kaka kvelden før eg fekk besøk.

1 kommentar:

  1. Mmm, den kaka må eg prøve. Syns eg kjenner kor god den er.
    Takk for oppskrifta !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...