tirsdag 14. august 2012

Bok 41: Menneske uten hund

Frå å vere ein skeptikar til Håkan Nesser, har eg vorte ein fan.  Van Veeteren vil eg rett nok framleis berre sjå på film.

Dette er første av fire bøker der Gunnar Barbarotti er etterforskar.  To forsvinningar skjer i ein familie som har samla seg for å feire 105-årsdag.  Det vil seie far fyller 65 og dotter 40.  Sonen Robert har vore med i ein realityserie på Fangene få Koh Fuk.  Her har han gjort skam på seg sjølv og familien på grunn av ...

Ja, her får de lese sjølve.  Nesser peikar på mange fenomen i Sverige mellom anna realityseriar. Eg kosar meg med humoren og ironien.

To familiemedlemer forsvinn rundt fødselsdagen.  Er der ein samanheng?  Kva følgjer får desse forsvinningane for dei andre i familien.  Etterforskinga går sakte framover. Noko forstår vi undervegs, andre tin ikkje.  Eg synest Nesser skriv litt underfundig.  Han har mange interessante refleksjonar.

Som kjent har eg sikra meg dei tre andre bøkene i serien

4 kommentarer:

  1. Eg har jo i fleire ÅR prøvd å få deg til å lese Nesser. Men har du høyrt på meg?
    Eg likte veldig godt t.d. Historien om herr ROOS. Den må du lese om du finn den. Denne du skriv om her har eg ikkje lese!

    SvarSlett
  2. Ja, den er på den Book2go eg kjøpte først. Skal lese dei etter rad.

    SvarSlett
  3. Elles kan det hende eg set meir pris på denne "gammalmannsfilosoferinga" no når eg er litt eldre sjølv...

    SvarSlett
  4. Ganske sikkert. Men det er vel bøkene om Van Veeteren som er mesr gammalmodige.
    "Kim Novak badet aldri i Genesaret sjø" er no ganske ungdommelig. Dei fleste bøkene har ein litt tvetydig eller finurlig slutt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...