torsdag 23. august 2012

Skuletur

 Dei fleste av oss ser vel på det som eit lite frynsegode å kunne gå på fjellet i arbeidstida.  I dag gjekk eg saman med åttandeklassingane. Det er flott å kome seg opp i høgda og sjå på båt- og ferjetrafikken.
 Idrettsanlegga ligg der på rekke og rad.  Utsikt frå Holstadhornet mot Melshornet.  Grimstadvatnet ligg midt i bildet, og så skimtar ein Snipsøyrvatnet bak til høgre.
 Her ser ein heile Snipsøyrvatnet.
Ut mot havet!

Fotoapparatet er smarttelefonen.  Det er ikkje alltid like lett å sjå kva ein tek bilde av, men kvaliteten på bilda vert bra, synest eg.

1 kommentar:

  1. Kjekt at du orienterer om kva vi ser på bilda, men akkurat her hadde eg ikkje problem. Fint turver, om det ikkje er sol.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...