fredag 10. august 2012

Kjekt med kommentarar!

 Eg har fått mange hyggelege og konstruktive meldingar på bloggen min.  Det set eg pris på! Eg svarer gjerne i mitt eige kommentarfelt.
 Og så tenker eg at andre også set pris på ein kommentar innimellom.  I går og i dag kom eg rett og slett ikkje igjennom.  Sjølv om eg trur eg les og skriv rett på "bevis at du ikke er en robot", så får eg berre opp"not found".

Sist eg kom ut for dette, fekk eg sagt ifrå direkte.  Eg trur kanskje at folk ikkje veit om at dei har ei slik innstilling?  Er folk plaga med viruskommentarar eller trasige kommentarar?  Eg har stort sett berre gode erfaringar.  Kanskje eg har sletta ein to-tre kommentarar i løpet av dei åra eg har blogga.
Bloggarar kan i alle fall vere klar over at det finst ei slik innstilling "vis ordbekreftelse".

P.S.
Buketten på bildet øvst fekk vi onsdag.

7 kommentarer:

  1. Mi erfaring er at folk ikkje gidd å kommentere lenger, det var stas dei første åra, men så dabba det av, eg er vel sjølv blitt daffare og. Men eg har vore ute for det same som du, og til slutt gjev eg opp. Kan ikkje hugse om eg nokon gong har fått lugubre kommentarar, kan heller ikkje hugse om eg no har ein slik kommando på min blogg... Det var det same med Pinterest for eit år sidan eller så, folk var hysteriske for å bli pinna. Eg forstår det ikkje, for det står no kven biletet kjem frå.
    Jaja, det er ikkje så mykje blogging frå mi side, og det er ikkje direktae eit godt teikn...
    Du må ha ei fin helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Det er ikkje problem på din blogg!

      Slett
  2. Man ser ikke selv om man har slike innstilliner, nei, og takk til deg, Solveig, som gjorde meg oppmerksom på dette i den nyeste bloggen min : )
    Det å få tilbakemeldinger på det man skriver er det som gjør det moro å blogge. Selv er jeg elendig til å skrive kommentarer, men tror jeg skal bli flinkere nå når jeg ikke skal jobbe mer : )

    SvarSlett
  3. Eg tenker eg kan skrive ein kommentar i ny og ne for å vise at eg les bloggane i blogglista mi, for det gjer eg.

    SvarSlett
  4. Alltid kjekt med ein kommentar i ny og ne :-)
    trur ikkje eg har slik sperre, men eg må godkjenne dei før dei vert publisert.. opplevd spam eit par tre gongar på tre år.. men likar ha kontroll ;-)

    Syns sjølv det er eit herk der ein må skrive kode, spesielt etter at ein må skrive tal også..

    -ha nydeleg helg-

    SvarSlett
  5. Takk for det! Eg synest det ofte er vanskeleg å lese både tala og bokstavane. Du har kontrollen;-)
    God helg!

    SvarSlett
  6. Heilt einige med deg. Og det var du som gjorde meg merksam på at eg hadde det.
    Eg ante det ikkje:(
    Ikkje alltid så lett å gi beskjed heller syns eg.

    Ellers har du ein nydeleg bukett :)
    God helg !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...