fredag 24. august 2012

Skappel-genseren

Då eg såg innslaget om Skappel-genseren, som har vorte så populær, på Frukost-TV, tenkte eg sant å seie at genseren var heller enkel, men alt kler den smukke.  Men tenåringane plukkar opp trendar.  Då frøkna ville ha meg til å strikke henne ein, svarte eg at det greier ho sjølv, men eg skal spandere garnet.

Oppskrifta fann ho her. Garnet kjøpte vi på Trådkråa. Ho fekk den fargen ho ville ha.

No skal eg innrømme at eg har større tru på plagget enn eg hadde i utgangspunktet, mykje takka det herlege garnet.  I samråd med ho som selde oss garnet, har vi lagt opp seks masker færre til bakstykket.

Eg synest det er kjekt at strikking har kome på moten att!  I dag hadde eg første strikketime i tiande.  Elevane er motiverte, og eg ser ikkje vekk i frå at det kjem til å dukke opp nokre Skappel-genserar som dei har strikka heime utover hausten. På skulen vert det helst småplagg som vottar og tøflar.


4 kommentarer:

  1. Ser ut som eit deilig plagg.
    Har ikkje høyrt om denne tråden, men den ser god ut.
    Det er nok kjekt å undervise om strikking og anna handarbeid.
    God helg !

    SvarSlett
  2. Ja det ser ut som en veldig enkel genser å strikke.
    Er jo greit å ha noe enkelt når en skal øve seg.
    Sikkert varm og god også.
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett
  3. Ein fin genser for unge jenter!

    SvarSlett
  4. Strikking er no ein fredeleg aktivitet. Sikkert litt annleis med symaskin ...
    Veldig greitt med noko enkelt og raskt for nybyrjarar. Butikken har visst ikkje jord/gråfargar att ... Kjekt for dei som produsaerer og sel garn!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...