onsdag 22. august 2012

Kvar vart det av henne?

Vi har fått høyre at vi berre kan slappe av.  Vi skal få skrive som før.  Det skal kome nokre få endringar som skal gjere det lettare å skrive nynorsk.  Det er former som ikkje er i bruk, som skal vekk.  Noen og bare er blitt bokmål. Klammeformene er vekke, slik at t.d. sette og setje er likestilte. Det same gjeld gjester og gjestar. Så langt er eg nøgd.  Eg kan skrive som før!

Så ser eg at lig-formene skal vekk.  Ein kan verken skrive muleg eller mulig, medan mogleg og mogeleg er greitt.  Det begynner å røyne på.  Eg liker det ikkje.

Verst av alt er dei nye pronomena. Det er greitt nok at mange ikkje greier å skilje mellom de og dykk.  No kan ein skrive dykk også i subjektsform.  Dei nye dokker-formene liker eg ikkje.

Så fekk eg høyre at objektsforma henne er vekke.  Eg må innrømme at eg vart lettare stressa og irritert.  Kva er dette?  Skal vi gå rundt å skrive "Eg elska ho"?  I minigrammatikken kan det sjå slik ut. Men no har eg sjekka vidare og funne ut at ein kan gå inn på ho i ordlista og trykke på pron.  Då ser ein at ho og henne er likestilte former i objektsform.

I sommar melde eg meg inn i mållaget.  Då fekk eg to slike "buttons" som eg har feste på ranselen min - akkurat som på vidaregåande.  Då stod det "Nei til atomvåpen" på den eg hadde.

Eg elskar deg, eg elskar han, eg elskar henne, eg elskar nynorsk ... Heldigvis!


9 kommentarer:

  1. Eg brukar konsekvent og bevisst(medvite)-lig former og har gjort det lenge. Eg skriv t.d. alltid mulig, til nød muleg. Men MOGLEG-NEI !!!!! Eg kjenner kor nakkehåra strittar berre ved tanken. Finst det eit adekvat synonym ? Viss ikkje så konverterer eg til BOKMÅL.

    SvarSlett
  2. Du er i den heldige posisjon at du kan skrive som du vil. Det kan eg og på bloggen, men ikkje på jobb ...
    Eg synest det er eit tilbakesteg å ta vekk lig-formene.

    SvarSlett
  3. Elles ser eg at heretter må folk bu på Hareid. Bo er vekke. Eg er redd folk vil lettare gå over til bokmål ... Den store fordelen med nynorsk er at ein kan skrive som ein snakkar.

    SvarSlett
  4. Ved då ta bort bokmålsnære former vil vi heilt sikkert få fleire bokmålsbrukarar. For meg er dei konservative formene enda verre enn for sunnmøringar.

    SvarSlett
  5. Eg prøver å skrive rett nynorsk, men det er ikkje alltid så lett.
    Einige med Besta, mogleg brukar eg aldri.

    SvarSlett
  6. Jeg skriver nesten konsekvent bokmål, men snakker nynorsk og det kan nok være litt forvirrende for dem som kjenner meg. Min skriftlige uttrykksform på bokmål samsvarer overhodet ikke med min dialekt.

    Jeg har hatt nynorsk som hovedmål i 12 år på skolen og siden har jeg ikke brukt det, men vakkert er det med nynorsk!

    Jeg ser at du i et svar her sier at fordelen med nynorsk er at en kan skrive som en snakker og det er sikkert sant, men jeg synes faktisk det er vanskelig å skrive nynorsk. Det er sjelden at jeg leser noe på nynorsk utenom bøker utgitt Samlaget.

    Ja, ja, kanskje eg skulle leggja om frå tid til annan og skriva meir nynorsk, så vert det ein vane til slutt....

    SvarSlett
  7. Språket er ein viktig del av indentiteten min, tenker eg.Elles skriv eg nynorsk på jobb og les nynorske aviser. Nynorsk litteratur vert det mindre av.
    Viss eg skulle skrive bokmål, måtte eg ha gått nokre rundar med meg sjølv kva former eg skulle velje. Bokmålet kan vere opp mot nynorsken, men det krev at ein set seg inn i alle formene.
    Elles har ein god nytte av retteprogram og digitale ordlister, anten ein no skriv bokmål eller nynorsk. Når ein lever av å rette på andre, vert det mykje å sjekke opp, og så plukkar ein opp litt her og der.

    SvarSlett
  8. Den tid eg skreiv mykje (studiar) både bokmål og nynorsk, la eg alltid bokmålet så nær opp til nynorsken som MULIG-og v.v. Eg har alltid vore for tilnærming, og då vart eg svært overraska over at dei som kom rett frå gymnas, som et heitte då, hadde vorte oppmoda om å skrive så konservativt som råd var på begge målformene. For ikkje å blande dei saman.For noko tull!!!!!!!

    SvarSlett
  9. Eg er no skikkeleg forvirra, for brosjyren seier ein ting og ordlista ein annan - og noko anna i dag enn i går! Eg har fått spørsmål om å legge fram reformene for kollegaene mine, så eg slit ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...