lørdag 25. august 2012

I dag er det ikkje mulig

Og då snakkar eg om å skrive mulig eller muleg på nynorsk.




Vi har dessverre ingen informasjon om ordet 'mulig' i nynorskdatabasen korkje i ordlistene eller i ordboka.

Har du tips om nye ord, ta ein kikk på sida http://www.hf.uio.no/iln/tjenester/kunnskap/samlinger/ordvakta/




mogeleg a2

; el mogleg a2

(norr mDguligr, frå lty; samanheng med måtte)
Kjelde: 
http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=&nynorsk=+&ordbok=nynorsk
Rotary på Hareid kan elles glede seg over ei endring i rettskrivinga, sti har no kome inn i som jamstelt til stig.  Vi kan gå tur på Rotarystien utan å irritere oss over namnet.  
Regelen med at nad-ord får -er i fleirtal er vekke.  Bunadar er like rett som bunader. 
I går las eg i eksamensinformasjonen for grunnskulen at til og med våren 2014 skal ikkje elevane trekkast for rettskriving frå før reforma. Det tek litt tid å få ordlister på plass, i alle fall i papirutgåve.  Eg har eit inntrykk av at fleire har begynt å bli einige med meg: Ordliste på nett er lettvint og greitt.  Ho er dessutan meir omfattande enn papirutgåva.
Det får vere nok for i dag. Eg kjem til å satse på å sette meg inn i den nye rettskrivinga snarast råd. Det er berre å gi meg nokre rettingsbunkar.  Elles har eg lett for å lese avisene med argusauge.  Møre Nytt i Ørsta er best i rettskriving av lokalavisene, meiner eg.
Dagens illustrasjon er frå VG.  Å lage ei sanning av noko kvar femte kvinne meiner, er dumt nok i seg sjølv, men kven er dei alt for?



4 kommentarer:

  1. Eg trudde ikkje det var MULIG med orddelingsfeil i boktitlar. Men det er det visst.

    SvarSlett
  2. Kjartan hadde ein herlig ordelingsfeil på FB i dag. Plakat: Til Bud.

    SvarSlett
  3. Spennande med språk!!

    God helg vidare :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...