mandag 20. august 2012

Det er det som duger!

I dag har mange hatt sin første dag på skulen.  Eg er tante til ein førsteklassing som sikkert har hatt ein stor dag i dag.  Kven hugsar ikkje den første skuledagen?  Det finst nok bilde av dei fleste av oss.

Eg har møtt halvparten av dei elevane eg skal ha. Og eg er godt i gang med å lære dei nye 65 namna.  Eg har som sport å lære namna raskt, helst etter ein time.

I aviser og på TV vert det sagt mykje om skulestart i desse dagar.  Det er ulikt fokus.  Ein moteekspert hadde kledd opp ein bunt 1.klassingar slik at dei såg ut som dei kom frå 50-talet. Det er sjølvsagt kjekt med nye og fine kle til skulestart.  Men å bruke tid til å forhandle og lokke fordi mor vil at dei skal skilje seg ut og vere trendy, det synest eg vert feil.  Det viktigaste er fornuftige kle og ein god sekk.

Det som eg synest er trist, er at så mange grur seg til skulestart.  Når det gjeld mobbing, er det noko alle vaksne bør ta tak i.  Eg har aldri forstått at folk har glede av å såre andre.  Ein kan sjølvsagt kome i skade for å såre folk fordi ein ikkje veit kva dei ber på, men å gå inn for det, nei, det er det inga unnskyldning for. Det handlar rett å slett om å vere snill.

Heilt sidan ei viss gullmedaje i Ol, har det vore eit sterkt ønske om tran i huset, rett nok med litt smak.  Sjølv har eg gitt opp å ta tran.  Men eg er glad i fisk.  I dag har vi ete makrell til middag.  Det finst også mykje godt fiskepålegg.

Ein barneskulelærar eg kjenner, meiner at matpakkane vert stadig meir spesielle og mindre sunne.  Kvar vert det av grovbrødet med sunt pålegg? Ser ein på TV no om dagen,  kan ein tru at ein manglar omsorgsevne om ein "berre" sender med borna slik mat.  Matboksen bør ha mange bur, og bitane må gjerne vere hjerteforma. Ein skulle tru det var noko gale med matlysta til det norske folk!  Heldigvis får ungdomsskuleelevane gratis frukt og tilbod om skulemjølk.  På Ørsta stadion i går selde dei vatn, jus og sjokomjølk i staden for brus.  Det er eit steg i rett retning.

Då vil eg ønskje alle blogglesarane eit godt nytt skuleår anten som elevar, studentar, lærarar, foreldre eller besteforeldre!

3 kommentarer:

  1. Før var det nokså vanlig at foreldre og søsken etc. skræmde ungane med "Berre vent til du skal begynne på skulen....." Eg har hatt elevar som har møtt opp til første skuledag, livredde for pirquet, sprøyter og det som verre er.
    Og foreldre har vore engstelige for at ikkje poden skal klare å sitte i ro.
    Tran-fobi har eg ikkje møtt på, men eg hadde avgjort ikkje begynt på skulen sjølv om tran var inkludert.Einaste gongen i mitt liv eg har tatt tran, var då eg gikk gravid med deg. Kanskje ikkje det dummaste eg har gjort?

    SvarSlett
  2. Eldstemann her fekk og tran gjennom navlestrengen, som den einaste av søskena ...

    SvarSlett
  3. Er ikkje alle ungdomsskule elevar som får frukt på skulen..
    Viss nye måtar å forme mat og frukt på gjer at maten vert oppeten er det ikkje meg imot.. men er diverre svært lite kreativ sjølv..Så to skiver med brunost eller trønderfår får duge til husets yngstemann ;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...