søndag 19. august 2012

Korleis steiker ein eigentleg fisk?

Eg har fått spørsmål frå ein ung mann om korleis ein best steiker fisk.  Eg har lova å legge ut ei oppskrift med forklaring på bloggen.  Det er ikkje vanskeleg. Omtrent all fisk kan steikast, og denne metoden kan nyttast.
Du blandar saman mjøl, salt og pepar på ein tallerk.
Skulekjøkenopskrifta seier:
3 ms mjøl
2 ts salt
1 krm pepar
(Sjølv bruker eg å tenke 1:5 og kverne høveleg med pepar.)

Du kan også ha denne blandinga i ein pose og legge fiskestykka i.  Ein sånn pose er også fin å ha med på fisketur om du vil steike fisken ute.
 Del stor fisk i stykke.  Makrell og krede steiker ein gjerne heil med snitt i.  Tørk gjerne fisken med tørkerull.
 Snu fiskestykka i mjølet.
 I skulekjøkenoppskrifta står det 2 ms smør/margarin/olje.  Ein hybelbuar som deler kjøleskåp med andre kjem langt med Bremykt.  Her tok eg bilde rett før smøret er klart. Skummet skal "legge seg" før du har i fiskestykka.
 Steik fisken på ganske sterk varme.  Skinnsida skal ned først.
Snu fisken.  Etter ei lita stund, skrur du ned varmen.  På bildet ser du at seien i midten ikkje er heilt gjennomsteikt.  Påss på, for fisken er best når han er akkurat nok steikt. Den vert fort tørr. Server med ein gong!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...