lørdag 29. september 2018

Basardag

I dag hjelpte eg til på det som truleg vert tidenes siste bedehusbasar i bygda. Neste år har bedehuset vorte kyrkjelydshus.  Tida vil vise om det vert fleire basarar.

Ein liten kar på basaren ville ikkje gi frå seg årane etter bruk.  Han samla årar og gevinstar i ei bøtte som var det første han vann.  Så kunne han leike basar heime. 

Sjølv kom eg heim samtidig med han frå Bardufoss. Han fekk lysglaset og yngstebroren kluten og handduken. Det får drype litt på dei som ikkje har "alt".

torsdag 27. september 2018

Husflidsmøte på Trådkråa


Mitt livs første, og truleg einaste, modelloppdrag var då eg fekk vise fram denne genseren frå Rauma på Husflidsmøte i går. Den er strikka i Vamsegarn.  Og eg forelska meg sjølvsagt i genseren som til og med lukta ull, slik garn i naturleg farge ofte gjer. Dei plar og bli mjuke i vask.

tirsdag 18. september 2018

Uglevottar til Håkon

Yngstemann har alltid vore naturinteressert.  I ein periode gjekk det i ugler.  Han snikra uglekasse.  Ein gong han inspiserte ei uglekasse med ugleungar i, gjekk ugleforelderen i nakken på han.  Ha kipte seg og datt ned nokre meter.  Dette var før mobiltelefonane si tid. Så han måtte kome seg heim sjølv etter skrekken. Faren ringte legevakta, men legen meinte det var ingen fare for stivkrampe så lenge han hadde følgt vanleg vaksinasjonsprogram.

I eitt selskap laga eg uglekake.  Den tida strikka eg ikkje.  Men no fann eg ut at eg ville strikke han vottar med uglemotiv i same fargar som i genseren.
Mønsteret er frå Den store votteboka av Jorid Linvik.
Etter kvart lærte eg mønsteret på innsida.  Men elles er det konsentrasjonarbeid.  Eg synest Jorid Linvik er flink med detaljar.  Eit godt døme er r dei små uglene på tomlane.

mandag 17. september 2018

Jam fruktpektin versus Certo fruktpektin

Det er slutt på Certo i butikkane.  Dette utløyste ein diskusjon på Facebook.  Ein påstand var at innhaldet i pakkane er heilt likt.  Protestane let ikkje vente på seg.

Eg bestemte meg for at her måtte det forskast!  Eg hadde att eit par pakkar Cert frå i fjor.  Eg har to like store stålpanner på 4 1/2 l.  I kvar panne hadde eg 2 kg plommer med stein plukka frå same tre.  Sukkermengda vart nøye vegd.  Alt vart gjort så likt som det er mogleg på eit vanleg kjøken.

Syltetøyet hadde eg i like glas og merka dei med A og B. 

For meg var det heilt umogleg å merke forskjell.  Testpersonen i heimen greidde heller ikkje det, men prøvde hardt fordi han trudde det var eit poeng at det eine skulle vere betre enn det andre.  Overdommar vart mor mi.  Heller ikkje ho kunne merke ulikskapar.
Konklusjon: På eit amatørkjøken vil ein ikkje kunne merke forskjell på Jam og Certo fruktpektin.

søndag 16. september 2018

Post 15 og 16: Blåtinden


Mannen mangla to Hareidstrimpostane. Eg fekk velje om eg ville vere med. Det var meldt opphaldsver til ca. 15.

Vi hadde ein fin tur, men med sterk vind frå dette skiltet.

Nede i skogen var det varmt og fint att. Regnet kom då vi sette oss i bilen

lørdag 15. september 2018

Hareid i dag


Eg bruker å ta meg ein tur ned i sentrum laurdag føremiddagar. Dei store blomsterpottene hadde fått haustblomster. 

Tysdag gjekk eg over demninga. Brua gjer at ein kjem seg over elva også ved høg vassføring.

fredag 14. september 2018

Blå genser


Oppskrifta til denne genseren fann eg i eit Allers eg fekk av svigerinna mi. Det er ein enkel modell som fint kan brukast under jakker. 

Garnet er Alpakka/ull frå Sandnes.

torsdag 13. september 2018

Bok 39: Brudekjolen


I det siste har Sophie hatt en følelse av å miste hukommelsen, ja, av å miste kontrollen. Hun forfølges av noe hun ikke er i stand til å sette ord på - og av bilder fra fortida hun ikke kan glemme. En morgen våkner hun og oppdager at den lille gutten hun skulle passe, er død. Hun har ingen erindring av hva som kan ha skjedd. Men uansett hva som er sant, føler hun at hun med sin bakgrunn, ikke har en sjanse til å bli trodd. Hennes eneste håp er å stikke -og skaffe seg en ny identitet. Et nytt liv, med en mann hun har truffet på nettet. Men Sophie er ikke den eneste som bærer på hemmeligheter.

Dette er krim i særklasse etter mi meining.  Plottet er noko nytt. Spenninga vert halden oppe. Ein lurer på korleis dette kan ende!  Kan det bli ein skikkeleg slutt?  Eg har verkeleg sansen for denne!

onsdag 12. september 2018

Bok 38: Camille


Pierre Lemaitre er den franske forfatteren som har tatt norske lesere med storm med «Alex» og «Iréne». «Camille» er den forrykende avslutningen i Verhoeven-trilogien. "En hendelse blir betraktet som avgjørende når den vipper livet ditt fullstendig ut av balanse. Som for eksempel tre skudd fra en pumpehagle mot kvinnen du elsker." Kriminalførstebetjent Camille Verhoevens nye venninne er vitne til et ran på Champs-Élysées i Paris og overlever ved et rent mirakel. Men hun er skadet for livet. Det blir en helt personlig sak for Verhoeven å finne igjen gjerningsmannen, ikke minst fordi denne åpenbart vil gjøre hva som helst for å finne henne igjen og avlive henne. De to mennene går inn i en kamp på liv og død, der den private siden av saken, får kriminalførstebetjenten til å ofre svært mange av sine prinsipper. Til slutt er leseren usikker på hvem som er jegeren i denne saken. Og hvem som er offeret.

Denne tredje boka i trilogien burde eg nok ha lese litt før ... Eg er litt usikker på om eg likte denne vrien ...

tirsdag 11. september 2018

Strikka sjølv


I sommar ville Olaug nytte høvet til å lære seg å strikke medan ho var heime.Ho kan både å legge opp, strikke rett og vrangt i tillegg til flettestrikk. Men no ville ho strikke seg Kristianes bølgegenser.

Læringskurva var bratt! Berre eg forklarte litt, gjorde ho arbeidet. Genseren vart pent strikka. Det var litt vanskeleg å forklare montering frå Italia, så der overtok eg.

Eg tippar ho strikkar seg ein ny genser i juleferien!?

søndag 9. september 2018

Post 12,13 og 14


I dag gjorde eg noko eg aldri har gjort før; eg gjekk på fjelltur åleine. Mannen for på Skårasalen saman med to kompisar.

Førre helg var eg elendig og alt eg ønska meg var ein fjelltur. Så i dag tok eg meg sjølv på alvor.

Tilfeldigvis gjekk naboen 100 meter framfor meg. Så slapp eg å gå gjennom skogen åleine.

Eg kosa meg på turen i mitt eige tempo. Eg såg og høyrde at ein gjeng damer hadde funne ein post meir enn meg, så eg tok meg ein avstikkar og fann han. 


torsdag 6. september 2018

Bok 37: Forvandlingen


Samantha Kofer gjør karriere i et advokatfirma på Wall Street, og alt går hennes vei - helt til nedgangstider rammer firmaet og hun får sparken. I løpet av få dager flytter hun fra Manhattan til den lille byen Brady, i hjertet av Appalachia-fjellene. Der skal hun jobbe gratis for et småbyfirma som tilbyr fri rettshjelp. Samanthas nye jobb tar henne med inn i et kullgruvemiljø, der lover brytes, lokalsamfunn splittes og selve landområdene er under angrep. Samantha blir trukket inn i dødelige rettstvister og får erfare at sannheten kan være meget farlig å kjempe for.

Med Forvandlingen introduserer Grisham den kuleste heltinnen siden Pelikanrapporten.


Som i den førre boka eg har lese av forfattaren, er det mykje juss i romanen.  Eg meiner at romanen har ein klar bodskap: Sterke krefter tener seg rike på vanlege arbeidsfolk og gjer alt for å sleppe å gjere opp for seg når dei påfører arbeidstakarane skadar. Dette slepp dei unna med ved å trenere -  og  satse på lange rettsprosessar. Den unge advokaten skaffar seg meiningsfylt arbeid vekk frå New York eller Washington. Det å hjelpe dei som kjempar mot urettferd, gir henne eit betre liv.

Eg likte godt romanen, men synest ikkje den fell inn under kategorien thriller?

onsdag 5. september 2018

Skuletur


I dag var eg glad for å vakne i relativ god form. Både eg - og alle åttandeklasdingane kom oss på Skafjellet. 

Sjølv har eg handla sidan torsdag. Eg har vore forkjøla, slapp og stemmelaus. Det er eit dårleg utgangspunkt når ein er lærar...

lørdag 1. september 2018

Kunstutstilling


Tøffe installasjonar.

Oljefondet på toppen.

Fotomontasje.

Elles mange måleri.

Kunstutstillinga til Roger Wagland viser kunst i ulike former. Vel verdt eit besøk.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...