lørdag 31. desember 2011

Godt nytt år!

 Då vil eg ønskje alle blogglesarane eit godt nytt år - og takk for det gamle!

Vi vert "åleine" på nyttårsaftan.  Middagsmenyen er den same som på julaftan.  Til dessert vert det riskrem i dag.  Kor tid den vert fortært, er heller uvisst.  Eg reknar med at ungdomane i huset kjem til å reke ute i kvar si retning.

Eg har bestemt meg for å halde fram med å blogge også i 2012.  I morgon skal eg prøve å kåre årets bok.
Dagens ordtak: Det som er kjøpt til jul, skal gå med til jul.

fredag 30. desember 2011

Hals og eit spørsmål

 Eg har strikka ferdig ein hals i kashmir alpakka.  Frøkna stilte som modell.  Eg trur den kan bli god å ha på tysdagsturane når det er skikkeleg kaldt!
Eg har fått smaken på å ha eit enkelt strikketøy tilgjengeleg ved TV-stolen.  Strikking er ein fin måte å halde seg vaken på.  No har eg bestilt meg tråd til eit nytt prosjekt.  Men den kjem nok ikkje før etter nyttår.  Ein av karane her orda frampå om ei hue.  I dag kjøpte eg tråd, men ikkje oppskrift.  Kan nokon seie meg kor mange masker eg bør legge opp i to rette og to vrange til dømes? Der står pinnar nr 7, men ein kan vel bruke 6 også?  Eg kan sjølvsagt rekne dette ut sjølv, men om nokon har erfaring, så hadde det vore greitt!  Det er så kjedeleg å rekke opp att...

torsdag 29. desember 2011

Krydderleksikon

Dette krydderleksikonet vart presentert på Frukost-TV ein gong i haust.  Då eg fekk sjå det hos ei venninne som hadde kjøpt det, tenkte eg at dette skal eg ønske meg til jul. Eg er vanlegvis ikkje noko flink til å svare på kva eg ønskjer meg til jul og fødselsdagar ...
Boka er utruleg grundig og omfattande.  Eg meiner forfattaren sa at ho ikkje visste kva ho hadde gitt seg ut på, og det kan ein tru når ein ser resultatet.

 Alle krydder og krydderblandingar ein kan tenke seg, er å finne i boka.
 Her er mykje å lære!
 Berre basilikum har fått over fire sider med tekst og bilde.

Ein finn litt om historia til kvart krydder og sjølvsagt korleis ein kan bruke det.  I tillegg finn ein namna på dansk, svensk, engelsk, spansk, tysk, fransk og italiensk.  Det er svært praktisk for dei som tek med seg krydder heim frå utanlandsturar.

Eit flott oppslagsverk!

Årets grendacup

 Årets første Grendacupdag er over.  Begge desse laga er vidare sidan dei har vunne to kampar kvar.  I morgon er det cup, og då kan alt skje.
Ein del av moroa er å finne namn til laga sine.  De finn alle laga og oppdateringar på Grendacupsida.

onsdag 28. desember 2011

Bok 62: Maya

Åndenes hus av Isabel Allende må eg ha lese då ho var månadens bok ein gong i eller etter 1984.  Eg syntest den var fantastisk.  Filmen har eg sett minst to gonger.  Likevel har eg ikkje lese så mange bøker av henne seinare, utan at eg heilt forstår grunnen til det.

Maya er ein samtidsroman. "Maya du er et forsømt barn", får Maya høyre, men ho nektar for dette.  Lesaren vi kanskje tenke at det er nettopp det ho er, i alle fall av foreldra?  Ho hamnar på skråplanet, men familien tek ansvar og sender henne vekk til dei som leitar etter henne vil gje opp.  Sakte, men sikkert vert problem i fortida rulla opp samtidig som ho kjem attende til "livet".

Sjølve historia i denne romanen kunne kanskje like godt ha vore skrive av Cecilia Samartin.  Her er nok handling for å seie det sånn.  Men Isabel Allende skriv med eit heilt anna språk.  Vi får også logiske forklaringar på "tilfeldigheiter".  Ho får også belyst samfunnsproblem i dag og i fortida.

Dette er det vi kallar ein pageturner.  Eg trur dette er ei bok både unge og vaksne vil like.

tirsdag 27. desember 2011

3. juledag

I dag var vi berre fem til bords.  Frøkna fekk bestemme kva eg skulle lage av morfars sei, og det vart sei i karrisaus.

No har vi kome att frå julefest der frøkna sang i kor og faren hadde quiz.  Mitt bidrag var mat på fat, nærare bestemt rask sjokoladekake - tredobbel porsjon i langpanne- s. 139 i Smalhans.  Eg veit at mange av blogglesarane har denne kokeboka.

I morgon brakar det laus med Grendacup her, alle borna skal spele, gutane på same lag.

Lestepuff

 Vi fekk mykje fint til jul.  Nokre av gåvene kan nok kome til å dukke opp på bloggen etter kvart.  Men nokon full presentasjon vert det ikkje.
Eg synest lestepuffen frå mor mi fortener litt merksemd.  Ho har strikka store mengder lestar utan å vise dei fram på bloggen sin.  Vi undra oss litt over fasongen på denne pakken.  Kva hadde far min funne på no slags original innpakking?  Så viste det seg å vere ein puff med mange tjukkelestar i. Desse har ho har strikka i haust.  Systera mi sin familie fekk sameleis. Nokre av para vart teke i bruk med ein gong.  No veit alle i familien kvar dei skal finne seg tjukkelestar når dei treng det!
Denne gåva fekk sjusovaren i familien av eine broren sin.  Denne vekkarklokka lagar skikkelege ulydar, og som om det ikkje er nok, så legg ho på vandring om ein ikkje slår ho av!

2. juledag

 I går samla vi oss trdisjonen tru i Ørsta i går. Mamma serverte nydeleg gryterett, kakebord til dessert og kveldsmat seinare.
 Jentene i nye klede.
 Eit par av gutane.
Rundstykke etter Gunda si oppskrift forma som eit juletre.

På veg innover såg vi ein del av øydeleggingane etter stormen.  På Eidet lag mange rotvelta tre.  Det er vel naturen sin måte å kvitte seg med dei gamle på.  Mange av dei skulle ha vore vekke for lenge sidan.  Dei skygger for utsikta, og i verste fall går dei ut over trafikksikkerheita.  Nokre står og for nær liner.  Rett før Helgehorntunnelen såg det ut som det hadde vore ekstra sterk vind.  Der hadde grantrea brote av på midten som fyrstikker.  Det vert nok mykje oppryddingsarbeid etter dette uveret.

Då vi kom heim om kvelden, var straumen vekke på heile øya, berre med unntak av Eiksund.  Men vi var betre budde enn kvelden før.  Vi kokte kaffivatn på omnen til presskannekaffi.  Øystein hadde lada PC-en sin slik at vi kunne sjå DVD. Straumen hadde vore vekke frå fire/seksten, fekk vi vite. Då vi stod opp, var han komen att.  Nokon ny runde er vi ikkje motiverte for!

mandag 26. desember 2011

Straumlaus

 Huset vårt er bygd etter nyttårsorkanen, så vi er rimeleg sikre på at det står støtt når det blæs.  Ingen høge tre står i fare for å dette ned over oss.  Så vi føler oss rimeleg sikre i uver.  Berre ikkje noko kjem flygande slik trampolinen til naboen gjorde ein haustdag, heldigvis utan å gjere skade.

No ser eg at dei materielle øydeleggingane er store andre stader.  Tre har velta, og tak har letta. Eg håper folk tek til vit og feller høge tre til sommaren.  Dei høyrer uansett ikkje til i byggefelt og nær hus.

Det er langt mellom kvar gong straumen vert vekke meir enn nokre minutt.  I går kom det vel med at det har dotte ein del lys ned i handlekorga mi når eg har vore innom Nille.  Flytelys i glasskåler med vatn lyser godt opp.  Elles så kom to femarma lysestakar i messing fram. Slike vert gjerne hengt ut på interiørbloggane - viss dei då ikkje er spraylakkerte i sølvfarge.  Godt lys gir dei i alle fall!
Sjølv las eg ferdig ei lydbok. Batteria heldt heldigvis.

No er vi glade for at vi kan starte dagen med ein kopp kaffi eller to.  Det er godt å ha fått liv i alle maskiner.

Om ein times tid skal vi køyre inn i Ørsta.  Vi får håpe at Besta har straum ut dagen!

søndag 25. desember 2011

1. juledag: Ventar på veret som skal verte verre

I dag har vi sove lenge, ete lenge og slappa av. Julegåvene vert note og nytta litt etter kvart.  Det er ein fin dag å vere inne.  Heilt lyst har det ikkje vore i dag.  No har det begynt å blåse opp, og verre skal det visst verte.  Vi får berre håpe at vi få behalde straumen.
Observante blogglesarar lurer kanskje på kvar det vart av bildet av julaftanduken min. Sanninga er at det hadde skjedd ei lita ulykke.  I fjor hadde eg vel vaska den i Milo og lagt den vekk.  Julaftan føremiddag då eg  var begynt å stryke duken, oppdaga eg to store feittflekker.  Det var berre ein ting å gjere, nemleg å leite fram ein annan duk.

I dag kom det vel med at eg hadde sett frukost-Tv i jula der eitt av tema var flekkfjerning.  Eg bløytte flekkene med Zalo og skylde etterpå med glovarmt vatn.  Duken vart vaska med vanleg vaskemiddel, ikkje Milo som rådet var då eg fekk han.  No kan eg heldigvis ikkje sjå teikn til flekker.

Då ønskjer eg alle blogglesarane ein fin kveld!

lørdag 24. desember 2011

God jul!

 Då vil eg ønskje alle blogglesarane ei riktig god jul!  Vi skal straks ete graut med mandel.  Seinare i dag vert det pinnekjøt og Brudevollmôr.  Det vert kanskje to dessertar i dag.  Vi har ingen fast desserttradisjon på julaftan.
"Så vart det jul allikavel".  I år kan vi velje mellom fransk og belgisk smørauge i grauten!

fredag 23. desember 2011

Same prosedyre

 Det er det som gjeld til jul.  Det meste bør vere som i fjor. På "lisjejulafta" skal det vaskast og strykast. Eg var i sentrum for å skaffe noko i siste liten, og det er tydeleg at fleire heldt seg heime i dag enn i går.
 Pussing av kopar og messing vart også gjort i tolvte time.  Desse tinga er sikkert skikkeleg umoderne.  Men som så mykje av tinga våre, har dei affeksjonsverdi.  Denne skåla som vi har snop eller nøtter i , fekk vi av ei god venninne til bryllaupet.
Systera min hadde med seg kongerøykelse, og no luktar her ei god blanding av røykelse og grønsåpe. Resten av kvelden skal vi slappe av og kose oss. I morgon skal vi berre lage mat og dekke bord.  Vi vert åtte til bords.  Foreldra mine kjem og feirar saman med oss, så vi vert ikkje åleine på julaftan slik ein uttrykte det eit år vi berre var seks.

torsdag 22. desember 2011

22. desember

 I dag har vi vaska delar av huset.  Den siste golvvasken tek vi i morgon. Journalisten hadde og fri i dag, så vi inviterte han på middag.
På menyen stod det ei mulligatawny-inspirert suppe og byggriskrem til dessert.

Det er ikkje plass til ein heil kalkun i fryseboksen min for å seie det rett ut.  Så eigentleg hadde eg slått frå meg å kjøpe det før i romjula, viss der då var att.  Men så måtte frøkna innom ein butikk der det låg kalkun i frysedisken til 19,90 pr kilo.  Kalkun for 170 kroner vart med heim.  I går steikte eg lår og venger og serverte ris og saus til som om det skulle ha vore kyllinglår.  Filetane fraus eg ned att for å ha i romjula.  Av resten kokte eg kraft som eg kokte ned (reduserte heiter det vel) frå 3 1/2 til 2 liter.  Denne vart brukt til suppa i dag.  Kjøt frå eit lår låg att frå i går. Viss ikkje ville eg ha steikt noktre kyllingfiletar. Det som var på kraftbeina, var så lite og bruskete at det fekk verte kattemat.  Katten fekk også innmaten i går etter at den hadde fått kokt med i krafta.

Risrestar frå i går vart servert til å ha i suppa.  Byggrynsgrauten vart brukt i desserten.  Det er godt å ikkje starte jula med mange restar, synest eg.

No skal yngstemann og eg til byen på shopping.

onsdag 21. desember 2011

Tørre vaflar

Oppskrifta på tørre vaflar eller kakevaflar står på baksida av nokre av potetmjølspakkane.

4 egg
250 g sukker
250 g smør eller margarin (smelta)
500g (1 pk) potetmjøl
1 ms bakepulver

1. Pisk eggedosis av egg og sukker.
2. Ha i smelta smør.
3. Ha i potetmjøl blanda med bakepulver.
4. Steik gylne vaflar.
5. Avkjøl vaffelplatene.  Brekk dei halvvlunkne vaffelplatene til hjarte.

Vaffeljernet bør vere godt.  Eg spraya mitt med olje mellom kvar plate.  Før i tida hendte det at eg steikte vanlege vaflar innimellom for at det som sit att skulle forsvinne inn i dei.

Lagerstyring i heimen

I haust bar eg alt som var i matboda ut på gangen, sette opp nye hyller og rydda alt inn att.  Når eg kjøper noko nytt, set eg det bak andre varer av same sort. Så eg kan ikkje skulde på ordenen.  Det må vere noko med hukommelsen. I går fekk eg det for meg at der var lite potetmjøl att i boksen på kjøkenet.  Så eg kjøpte med meg ein pakke.  Truleg må eg ha tenkt det ein dag før og, eller to.  Plutseleg hadde eg fire pakkar potetmjøl.  "Best før" var i 2014.  Men det er no grenser for kor mykje kjøtkaker og kor mange sukkerbrød ein lagar i løpet av eit år.

Vaffeljernet stod på kjøkenbenken frå i går.  Då kom eg på at eg kunne lage tørre vaflar.  Det er lenge sidan sist!  Så eg slo til med dobbel porsjon.  Boksen over er full.  I tillegg vart det ein liten boks til systera mi og ein del til å ete i dag.  Eg synest det er enkelt å greitt med kaker som skal steikast i jern.  Vaffeljernet mitt pip når kakene er ferdige.  Til skulen har eg kjøpt eit krumkakejern som verkar på same måten.

P.S.
Overskrifta har eg knabba frå "Smalhans".  Der er eit kapittel om å kjøpe inn.

mandag 19. desember 2011

Å skumme fløyten

I Noreg skummar vi bokstavleg talt fløyten for tida.  Det går no rykte om at det snart vert mangel på fløyte i landet.  Skal tru kven som har sett ut det ryktet!  Designarane til Tine har pynta seterrømmen og dei store fløytekartongane ekstra fine samanlikna med mindre og magrare produkt.  Men dette vart vel planlagt før den store smørkrisa.

Laurdag kunne ein lese at mjølka skal bli magrare. Feittprosenten i lettmjølk skal ned frå 1,5 til 1,2, noko som er eit strakstiltak for at det skal bli nok fløyte til jul?

Vanleg sunt bondevett tilseier at skummer ein fløyten av mjølka, må nokon drikke skummamjølk. På frukost-TV trekkjer dei ein dag fram ein kosthaldsekspert som seier at vi bør drikke H-mjølk. Vi treng mjølkefeitt. Før ho får lagt til kor mange desiliter det er snakk om, har vi late att øyra.  Veka etter kjem ein ny kosthaldsekspert som meiner at vi bør drikke ekstra lettmjølk, for den er tilsett D-vitamin.  Kven skal ein høyre på?

Då eg fekk eldstemann i 1987, var det nærast mishandling å gje born heilmjølk, slik vi sjølve hadde vakse opp på.  Det var feitt i olje borna trong. Margarinen skulle vere mjuk.  Dei tre borna eg fekk på 90-talet, fekk meir og meir morsmjølk, og kumjølka vart stadig magrare.

No drikk dei litervis med ekstra lett mjølk. Karane tek seg gjerne ein banan etter trening. Attåt drikk dei mjølk.  Små born som et lite, bør ikkje drikke mjølk som tørstedrikk.  Men idrettsfolk meiner eg kan unne seg eit par glas mjølk til brødmåltida.  Til middagen, som gjerne er jernrik, bør ein velje anna drikke, helst vatn.

Til matlaging er gjerne ekstra lett mjølk litt mager.  Derfor kjøper eg litt lettmjølk eller H-mjølk.  Til karamellpudding og julegraut vert det nytta feit mjølk her.

Elles kan eg melde at det var rasjonering på Bremykt i butikken i dag, berre to pakkar pr kunde.

Frå ordboka:
skumme f-n òg: ta det beste; ha føremoner av noko som andre har gjort

søndag 18. desember 2011

Skitnesøndag i Rosebyen

 I dag feira vi skitnesøndag, den søndagen det er "lov" til å arbeide så mykje ein vil, med tur til Molde.  Der utveksla vi julegåver med eine delen av slekta.  Det er alltid kjekt å møtast!  Menyen var ikkje smalahove, slik eg ser på facebook at folk har tradisjon for denne dagen.  I staden for skitnesøndag vert 4. søndag i advent då kalla skoltesøndag.
Slik såg vegane ut over Ørskogfjellet.  Vi hadde heldigvis god tid på ferja nordover.
 Romsdalsfjorden.
Dette bildet knipsa eg under innsiglinga til Molde.  Hotellet midt i bildet heiter Seilet.

Heimturen gjekk og greit sjølv om vi fekk ein treig start over Ørskogfjellet.  Det er irriterande at bilar som slit med å køyre meir enn 50, legg seg fremst og samlar store køar bak seg.  Vi kom eit par minutt for seint til ferja og var budde på å vente 25 minutt på neste.  Men ferja var heile sju minutt forseinka.

lørdag 17. desember 2011

Laurdag 17. desember

 I dag har eg vaska og rydda.  Sidan vi skal til Molde i morgon, inviterte vi eldstemann på middag.  På menyen stod yndlingsretten til fleire her i huset: Heimelaga kjøtkaker i brun saus.  Ikkje alt var heimelaga.  Ertestuingen var ein pakke frå Toro som eg fann i matboda.  Den kom nok i hus som eit få-attpå-tilbod.  Middagsgjestene likte, til min skuffelse, godt posestuing.  Sjølv synest eg det verkar som der er mjøl i den, og dessutan liker eg den betre litt søtare.  Det siste kunne eg lett ha fiksa, men då ville sannsynet for kritikk vore mindre, hadde eg rekna ut.

Mi oppskrift på ertestuing er enkel: I pose erter som ligg i bløyt over natta.  Neste dag skyl eg ertene og kokar dei i nytt vatn som akkurat dekker ertene i vel ein time.  Då har eg i 1 ts salt og 1 ms sukker.  Er stuingen blaut, kokar eg den litt til medan eg rører.
I år har eg ikkje kjøpt ein einaste pakke adventsserviettar.  Likevel har eg hatt eit godt utval.  Juleserviettlageret mitt er endå større, men der har eg ikkje klart å halde meg heilt...

fredag 16. desember 2011

Julehandel

Eg synest folk er flinke.  Nokre har retta ferdig bunkane sine, medan andre har baka sju slag. Elles går dei på festar og gjer innkjøp.

Sjølv er eg sånn halvvegs.  Eg har retta nesten halvparten av tentamenane.  Noko særleg baking kan eg ikkje skryte på meg her heime.  Postpakken er sendt, og har eg att å kjøpe ein del gåver til dei som bur nærast.

Brudevollmôr er i hus, men eg får vel gjere ein skikkeleg julehandel ein dag, eller så får eg handle korga full nokre dagar på rad.

I dag datt det nokre julevarer ned i korga.  Påskegulrøtene var gule, men kva som er spesielt med julegulrøtene vitast ikkje. Fargen er heilt lik heilårsgulrota ved sida av.  Smaken var det ikkje noko å seie på.  Julebrunosten derimot er tilsett kardemomme.  Den får eg spare til jul, eller i alle fall til måndag.  Ja, ja den er i alle fall pynta til jul.

Blogglesarane får ha ein fin fredag.  Vi heiar på Jenny!

torsdag 15. desember 2011

Juleverkstad og juleball

Det er travle tider på jobb for tida.  I går var det juleverkstad for elevane, og i dag har tiande laga til juleball for heile skulen.

Blogglesarane tur vel at eg er sjuk om eg ikkje kjem med eit lite livsteikn om dagen. De får sjå på engelen som eg visst nok skal ha vore modell for.

onsdag 14. desember 2011

Bok 61: Snakk til meg

Den ytre handlinga i denne romanen kunne ein ha oppsummert i to setningar, eller periodar, for å bruke eit grammatikalsk uttrykk.

Ein norsk bilbliotekar med eit vanskeleg forhold til sonen sin, reiser til Cuba og møter ein mann. Den andre setninga får blogglesarane eventuelt kome fram til sjølve.

Dei ytre handlingane i boka talar for seg, men forfattaren greier å halde spenninga oppe på det indre plan også.

Romanen handlar om fordommar.  Personane i boka snakkar med kvarandre, men dei kommuniserer ikkje.

Ingeborg, som bibliotekaren heiter, er lett å kjenne seg att i.  Ho møter Cuba og cubanarar med motførestillingar, men let seg rive med.  Ho er redd for å bli utnytta, men let ho seg utnytte når ho betaler både det eine og det andre?  Slutten må bli som den blir, men den er ikkje utan spørsmålsteikn.  Kor ærleg er Ingeborg mot seg sjølv?

Dette er ei bok eg kan anbefale på det sterkaste! Den er både interessant og spennande!  Og sjølvsagt er den velskriven.

tirsdag 13. desember 2011

Ny kaffitraktar

Då studenten kom heim på juleferie, påpeika han noko eg har visst ei stund.  Kaffien vår heldt seg ikkje varm.  Moccamasteren var utsliten etter ti år.  Det skal vere kaffimaskiner no for tida.  Vi torde ikkje å ta steget heilt ut, så vi satsa på ein kaffitraktar som kan male bønner - eller brukast som vanleg traktar.
Her må ein programmere kaffistyrke, mengd med koppar og eventuelt smilefjes om ein vil trakte normalt.
 Maskina mel så mange bønner som trengs. Tanken kan berre vere full.
 Når traktaren har male ferdig, klappar loket på.
 Og så begynner vanleg trakting.
Nymalen og nytrakta kaffi!

mandag 12. desember 2011

Naudhjelpa har nådd fram

 Siste smørnytt på Sunnmøre er at no har det kome smør til bya, nærare bestemt Coop Obs Moa.  For alt eg veit, kan det ha kome ut på landet også.  Men i dag tok vi den årlege handleturen til kjøpesentra i bya rett etter jobb.
Smålåten som eg er, tenkte eg at eg ville berre ha ein pakke. Det var ikkje så mange pakkane som låg der.  Angra gjorde eg ganske raskt då eg kom på at det hadde vore godt med Mor Monsen. Mi oppskrift er på 500 g smør.  Ja, ja eg kan no berre spe på med litt Bremykt om det då ikkje allereie ligg smør i alle butikkar.

Han som var med meg, forstod ikkje problemet.  Hyllene er no fulle av smør!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...