Elevane i dag var svært nøgde med middagen dei laga, sjølv om dei åt han klokka ti på føremiddagen. Eg har lova å legge ut oppskrift både på bloggen og på skulen si nettside.
1 løk, finhakka
250 g reinsdyrkjøt i løvtynne skiver
1 ms margarin
2 ms kveitemjøl
3 dl vatn
1/2 ts salt
1/2 krm pepar
6 knuste einebær
1 ts rognebærgele
1-2 skiver geitost
1/2 dl seterrømme
(ev. 1-2 dråpar sukkerkulør)
1. Smelt margarin i ei gryte.
Den er passe varm når margarinen har slutta å skumme og er lys brun.
2. Brun kjøtskavet og løken. Strø deretter over kveitemjølet.
3. Tilset alle dei andre ingrediensane og kok retten ved svak varme ca 30 min.
Vi serverer potetmos, gulrot og brokkoli til.
Ein kan gjerne ha tyttebærsylte og sylteagurkar.
Vi har i rognebærgele som vi har laga, men det går sikkert greit utan.
Såg godt ut!!
SvarSlett