lørdag 3. desember 2011

Bibliotek

Boka eg held på å lese no, Utskudd av Sadie Jones, tek ikkje heilt laus. Det vil seie, no ut i tredje CD-en begynner eg å like romanen.  Dei tre bøkene har eg lånt på biblioteket her i bygda. Eg sleit litt med å  rippe den eine.  Då oppdagar eg at Cd-en er full av fingeravtrykk.  Dette opplever eg av og til.  Eg synest det er trist at folk ikkje fer fint med det dei ikkje eig sjølv.

Kan nokon av blogglesarane anbefale ei eller fleire av bøkene på bildet?

4 kommentarer:

  1. Når du skriv om skitne CD-plater, kjem eg i hug då Vebjørn var "liten" og knapt kunne snakke. Når CD-ane ikkje funka, tok har dei ut og gikk til faren og sa:"Dirty disc."-og så vaska Rasmus plata. Eg har mang ein gong "vaska" skitne plater. Men som regel er eg den første som les dei nye lydbøkene som kjem inn.

    SvarSlett
  2. Vil absolutt anbefale Snakk til meg, kjempefin bok etter min smak, kanskje det beste Vigdis Hjorth har skrive? Dei andre har eg ikkje lese.
    Elin.

    SvarSlett
  3. Eg har fått anbefalt "Maya" og har planar om å lese den snart.

    SvarSlett
  4. Spørs om eg les den kortaste først, då. Kjekt å ha fått tak i god litteratur!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...